Verdas mest kjente bøfjording fyller år

26.02.2021

26. februar fyller Ole Gunnar Solskjær 47 år. Solskjær gjekk frå Molde til Manchester United i 1996, og vart verande i klubben til 2007. I løpet av desse åra utvikla han seg til å bli ein av klubben sine mest legendariske spelarar gjennom tidene.

I 2018 tok Solskjær over som manager i Manchester United. Litt over to år seinare sit han framleis i managerstolen. Dette til stor irritasjon for dei mange sjølverklærte forståegpåarane som meinte han var ueigna til jobben. Nokre periodar med motgang har det vore, men i dag kan vi slå fast at Solskjær som manager for Manchester United meir og meir liknar på ein stor suksess.

Ole Gunnar Solskjær har gode gener, da han som eg er halvt bøfjording. Det hjelper på - til og med i ein av dei tøffaste managerjobbane i verda.

På denne dagen er det også 55 år sidan Gjermund Eggen vann femmila, og dermed sitt tredje gull, under ski-VM i Oslo.