Sommartid igjen - og eit trist minne

27.03.2021

Det er 27. mars og siste dagen med vintertid. Natta som kjem skal altså klokka stillast, om du da ikkje har ei som ordnar dette sjølv. Og ho skal stillast fram. I morgon vaknar vi til sommartid, etter ei uvanleg kort natt.

Historia viser at det har litt att og fram med sommartid i Norge. Sommartid vart gjennomført i 1916 og innført igjen frå 1940 til 1945. Frå hausten 1940 til hausten 1942 var det også sommartid om vinteren. I Norge hadde vi så sommartid i perioden 1959-65, før det vart pause fram til 1980. Etter det har vi nordmenn pliktoppfyllande stilt klokka to gonger i året - om ikkje alltid rette vegen.

EU planlegg å avvikle ordninga med sommar- og vintertid. Men saka har vorte utsett, m.a. på grunn av pandemien.

På denne dagen i 1980 velta Alexander Kielland-plattforma i Nordsjøen. Av dei 212 personane om bord mista 123 livet. Av desse vart 93 funne, dei seks siste da plattforma vart snudd i 1983. Dette er den største industriulykka nokon gong her til lands.

Det er vanleg at folk hugsar kor dei var da Brå brekte staven. Mange hugsar vel også kvar dei var og kva dei gjorde denne forferdelege marskvelden for 41 år sidan.