Språkseminar med vårsøg og optimisme

07.11.2021

Laurdag 6. november hadde eg den æra å vere møteleiar på det regionale inspirasjonsseminaret i regi av fylkesmållaga i Møre og Romsdal. Møtet vart halde på Sunndalsøra, med deltakarar frå heile fylket.

Arrangørane, med Nils Ulvund i spissen, hadde gjort ein stor jobb med å sette saman eit variert og matnyttig program. Ein sekvens med gitaristen Øystein Sandbukt frå Sunndal var også innlagt. Han leverte frå øvste hylle og imponerte alle i salen.

Under overskrifta «Vårsøg i språket» bidrog Svein Sæter med eit foredrag som eg trur vart dagens høgdepunkt for mange. Hans Hyldbakk-kjennaren ga forsamlinga eit fascinerande innblikk i Kleivakongen sitt liv og livsverk, og viste oss korleis ordkunstnaren Hyldbakk faktisk greidde å skape vårsøg gjennom språket.

I dag er vårsøg ikkje berre eit lokalt omgrep. Det har vorte internasjonalt!

Noregs Mållag har hatt ein stor medlemsauke i det siste, og har passert 15.000. Laget gjer ein viktig innsats for å forsvare norsk skriftkultur og nynorsken sin plass i samfunnet. Skulemålskrivar Ingar Arnøy, mannen med landets vakraste yrkestittel, ga oss eit innblikk i korleis organisasjonen jobbar på overordna nivå. Fleire innslag frå grasrota vitna om stor iver og kreativitet i det daglege arbeidet ute i laga.

Ein optimistisk og inspirerande dag for den som er interessert i språk. Rett og slett.