Stabbesteinar i livet

06.12.2022

Advent og jul er rituala si tid. For mange av oss handlar julestria og feiringa av høgtida om å gjere akkurat det same som i fjor. Og alle år før det igjen.

Store norske leksikon definerer eit ritual som ei «handling som har en symbolsk betydning og en stilisert form som gjentas bevisst fra gang til gang.» Sjølv om ritual egentleg er eit religiøst begrep, treffer leksikonet sin definisjon også godt som ei skildring av måten vi feirar jul på. Alt skal vere som før. Jula er ikkje noko ein tullar med.

Mange av juleskikkane våre er eldgamle, andre er av yngre dato. Eit eksempel er handballen, som vi har vent oss til som eit fast innslag i dei siste vekene før jul. I år måtte handballen vike for fotball. og flytte til november. Korrupte FIFA-leiarar la VM til Qatar, der det er så varmt om sommaren at meisterskapet må spelast i desember. Eg håpar at handballen får att plassen sin i adventstida neste år, at nokon greier å rydde opp i det gjennomrotne FIFA-systemet og at suspekte statar aldri meir får arrangere fotball-VM.

Eg er ein trufast sjåar av «The Julekalender». Kor mange gonger eg har sett serien, har eg ikkje peiling på. Det spelar heller inga rolle. Olaf, Gjertrud, Benny og nissane er uløyseleg knytta til min advent. Ja, det er verkeleg «bærre lækkert» å benke seg framfor TV'en og følge med på denne absurde, men samtidig så jordnære historia.

Og kanskje er det ikkje tilfeldig at ein som vaks opp på Eidet på 60-talet har slik sans for denne serien? Olaf og Gjertud er oppdikta karakterar. Men sanninga er jo at i gamle dagar fanst dei begge i levande live på Eidet - i ymse utgåver rundt om på gardane.

På arbeidsrommet mitt heng ei julestjerne i vindauget. Vi har fått opp lys på verandarekkverket. Snart skal den gamle klokkestrengen med plass til julekort fram. Ja, vi har hengt den opp kvart år så langt. Men no er det mest for pynten og tradisjonen si skuld. Før i tida lurte vi på kor mange julekort som ville kome i postkassa. No til dags er spørsmålet om det kjem julekort i det heile tatt. Julehelsingane har for det meste hamna på dei digitale plattformane.

Eg meiner ritual og tradisjonar er viktige. Truleg er dei mykje viktigare enn kva vi sjølv er klar over. Vi treng noko å halde oss fast i. Det trengs stabbesteinar, som står der og hjelper oss på ferda etter livets krokete veg. Kanskje er det noko av forklaringa på at juletradisjonane er så slitesterke? Og i botnen av det heile ligg ei forteljing om ein fødsel utanom det vanlege, og ein bodskap om fred på jord.