Storstilt gåve til lokalsamfunnet

13.11.2022

Bud skolemusikkorps, Hustadvika skulekorps og Gule blandakor baud på eit skikkeleg kultursjokk laurdag 12. november, da dei framførte «Abba tribute 2022».

Prosjektet er eit fantastisk eksempel på kva for positive krefter som blir utløyst gjennom samarbeid, samhald og kreativitet. Samfunnshuset var fylt til siste stol. Buaværingane visste å sette pris på denne storstilte gåva til lokalsamfunnet.

Forestillinga heldt eit høgt musikalsk nivå. Det er imponerande, når ein veit at alderen på aktørane spenner frå sju år til rundt 70 år. Her har det vore lagt ned eit enormt forarbeid, leia av dirigentane Arild Brekken og Bjarne Harøy.

I kulissene har ei arbeidsgruppe stått for planlegginga. Over tretti sponsorlogoar i programheftet, viser at også næringslivet har støtta godt opp om oppsettinga.

Kultur er verdiskaping, både i materiell og immateriell forstand. Alle som var på samfunnshuset i Bud laurdag kveld, forstår kva det betyr.

Bildet under er tatt frå programheftet. Det viser alle aktørane samla på eitt brett.