Styggaste «ordet» eg ser på trykk, er «SMÆRGRÆT»

23.08.2021

Overskrifta er henta frå eit lesarbrev i Aura Avis, ført i pennen av den tidlegare politikaren og skulemannen Ivar Bølset frå Tingvoll. Bølset set i innlegget fingeren på ei utfordring som har dukka opp i samband med den aukande dialektskrivinga, nemleg vokalane og diftongane.

Nordmørsdialekta har vokalar som ikkje finst i alfabetet. Det gjeld t.d. i ord som smør, graut, aure, øy, staur og mange fleire. På Facebook les eg dagleg, i tillegg til smærgræt, språklege vanskapningar som gævv og hæg, det siste vidareført inn i den meningslause skrivemåten Åshæn - altså garden Åshaugen på Eidet. Det einaste ein oppnår med å bruke ord som dette, er å gjere dialekta si ei stor bjørneteneste.

Bølset peikar på noko heilt vesentleg. Dialektskriving er vel og bra, men når den endar i former som dreg orda milevidt unna innhald, tyding og opphav, må løysinga bli normert nynorsk. Altså: Vi skriv smørgraut og Åshaugen.

«Tal dialekt - skriv nynorsk», lyder eit gammalt slagord. I dette ligg det eit veldig godt råd, som mange med fordel kunne ha retta seg meir etter også i 2021.