Pengegriske idiotar må ikkje få øydelegge fotballen - Hull er mi plan B

19.04.2021

Det tek på å vere fotballelskar for tida. Lenge har eg irritert meg over korleis overbetalte primadonnaer på høgste nivå heile tida prøver å jukse og påverke dommaren, anten det no handlar om å stjele meter ved innkast og frikast, verbal drittslenging, uthaling av tid eller teatralske nær døden-scener. Slikt barnsleg tull burde ha vore straffa mykje hardare enn i dag.

Alt dette blir likevel for barnemat å rekne mot det dei pengegriske idiotane som eig dei rikaste klubbane i Europa held på å stelle i stand. Blir planane om den nye superligaen sett ut i livet, vil det spenne bein under fotballen slik vi har sett den fram til no. 19. april 2021 kan vise seg å bli eit tidskilje, der fotball gjekk frå - trass alt - å vere ei rørsle forankra i folket, til ei sjellaus forretningsverksemd styrt av kapitalistar som kun ser på fotballen som ei vare. I verste fall er det farvel til Premier League, Champions League og landslagsfotball i noverande form.

Ja da, det er pengane som rår i dag også. Men det vi ser konturane av, er likevel noko heilt anna. Ein liga der økonomien avgjer om laga er kvalifisert eller ikkje, der opprykk og nedrykk ikkje finst og plasseringa på tabellen er likegyldig, det har vi ikkje opplevd før.

Eg kjenner at eg er forbanna. Måtte UEFA og FIFA slå nådelaust ned på dette, slik UEFA-sjefen allereie har tatt til orde for. Laga som går inn i superligaen må stengast ute frå dei nasjonale ligaene, og spelarane må diskvalifiserast frå landslagsspel, VM og EM. Supportane har også makt. Eg håpar dei, og alle andre som er glade i fotball, har ballar nok til signalisere at dei vil boikotte kampane i superligaen.

Eg veit ikkje om dette er eit språk som mammonistane forstår. Men her er det uansett ingen grunn til å spare på konfekten.

Så er nok ikkje siste ord sagt. Sterke krefter er i spel, og pengeinteressene er enorme. Motstanden som har kome til uttrykk er allereie formidabel. Vi får sjå kva som skjer. Men likevel: Kanskje ein først som sist skal begynne å sjå seg om etter ein ny favorittklubb? Eg hadde i tidlegare tider stor sans for Hull. Der kan det ligge ei løysing, om Manchester United skulle hamne i superligaen. Hull har vore kåra til Englands styggaste by, og laget kjem garantert aldri inn i superligaen.

Men dei representerer ein stolt kultur, bygd på sterke verdiar og tradisjonar. Hull er mi plan B.