Nye kostar i Surnadal kommunestyre i 1971

15.12.2021

Femti år har gått sidan Erik Brøske frå Arbeidarpartiet vart ordførar i Surnadal. Tidens Krav markerte konstitueringa av kommunestyret med eit par bilde og ein kort tekst 15. desember 1971. I 1971 var det enno slik at det nye kommunestyret overtok makta først frå årsskiftet etter valet. Ordførarane vart valde for to år om gongen.

Under valet i 1971 fekk Arbeidarpartiet 17 av dei 33 plassane i kommunestyret, og dermed fleirtal med knappast mogleg margin. Berre fem av representantane var kvinner. Heile 43 år skulle gå før Lilly Gunn Nyheim (Ap) som første kvinne overtok ordførarklubba.

Bilda viser mange politiske profilar - nokre av dei skarpskodde debattantar. Den aller fremste på dette feltet var nok ordkunstnaren Bjarne Østbø (Sp). Nils Magnar Torvik fortalde meg ein gong at replikkane til Østbø kunne vere så underfundige, at det var først på veg heim frå møtet han tok poenget og begynte å le.

Fleire av dei vi ser på bildet var i starten av den politiske karrieren sin, med ei lang fartstid i kommunalt styre og stell framfor seg. Andre hadde allereie halde på lenge. Asbjørn Ørsal (Ap) (1995-96), Nils Magnar Torvik (Sp) (1976-83) og Ola O. Fiske (Sp) (1992-95) vart seinare ordførarar i Surnadal kommune.