Ein greinalaus politisk klovn

26.10.2021

Frank Sve, nyvalt stortingsrepresentant for Frp i Møre og Romsdal, var nær ved å bli klubba ned allereie i sitt første innlegg frå Stortinget sin talarstol. Det finst kanskje dei som ikkje er spesielt overraska.

- Det må nærast vere NM i greinaløyse når det i eit land som Norge er vanlege folk som må betale for skyhøge straumprisar og drivstoffprisar, var det første Sve ifølge Romsdals Budstikke sa frå talarstolen.

I kjent Frp-stil gjekk han så laus på det han kalla «symbolske klimatiltak», og fortsette slik:

- Det er flott at regjeringa signaliserer at dei vil auke i bustøtta, men dette gjeld berre for dei som har minst å rutte med, men ikkje for vanlege folk. Det er ikkje slik, som kaffelatte-gjengen i MDG meiner, at det berre er rikingar som må køyre bil eller folk på hytta i Trysil som må bruke straum. Det er vanlege folk som må bruke bilen fordi dei ikkje har andre alternativ, og då kan ikkje drivstoffprisane vere så høge som dei er no.

Stortingspresident Eva Kristin Hansen (Ap) var ikkje overlag begeistra over debattnivået til Sve:

- Eg vil minne representanten Sve om at å omtale eit anna parti på Stortinget som «kaffelatte-gjengen» ikkje er greitt. Her omtalar vi kvarandre med respekt, og eg ber om at representanten tek dette til etterretning. Om det ikkje skjer vil denne bli brukt mykje oftare, sa ho, og heldt fram klubba si.

Takhøgda for klovneri er nok høgare i kommunestyret og fylkestinget enn på Stortinget.