Takk til ein unik idrettsutøvar

05.03.2022

Du må vere svært lite sportsinteressert, og i tillegg kanskje laga av stein, for ikkje å bli berørt av Therese Johaug sin Kollen-finale over 30 kilometer. Det vi såg var idrettshistorie.

No vil Therese Johaug legge opp. Som ho sa i eit TV-intervju etter målgang: Eit VM-gull eller to til vil ikkje gjere ho lykkelegare. Det er ei tid for alt. Så enkelt, og heilt sikkert så vanskeleg. Det kler Therese Johaug å gi seg på topp - milevidt over alle dei andre.

Vi har ofte sett løparar tvære ut karrieren sin, og på overtid streva for å vinne det siste gullet - utan å lykkast. Det er ikkje så triveleg å sjå på.

Etter å ha «sløsa bort» i alle fall eit minutt på dei siste hundremetrane, gjekk Therese Johaug i mål på tida 1.19.22,8 i Holmenkollen laurdag. Det er vanvittig raskt. Eg sjekka litt, og fann t.d. ut at da Vegard Ulvang vart OL-meister på 3-mila i 1992, var vinnartida 1.22.27,8. I Torino seks år seinare gjekk Mika Myllylä inn til OL-gull og tida 1.33.55,8 på distansen. Marit Bjørgen vart OL-meister på 3-mila i 2018 med tida 1.22.17,6. Interessant er det også å registrere at i Johaug dag slo si eiga vinnartid frå 3-mila i Holmenkollen i VM 2011 med over tre minutt. Ver, føre og terreng påverkar langrennstider. Likevel kan ein trygt seie at Therese Johaug har utvikla ein heilt eigen standard.

Det vil nok gå ei tid før alle heilt forstår kva Therese Johaug har betydd for norsk og internasjonalt langrenn. Den heilt urimeleg lange dommen, der ho vart dømt for brot på dopingreglane og ikkje for doping (merk det), verken kan eller skal overskygge alle dei flotte verdiane som mennesket, forbildet og idrettsutøvaren Therese Johaug står for. Ho er på alle måtar ein heilt unik person.

Sesongen er enno ikkje heilt slutt for Therese Johaug. Men uansett: Tusen takk for alle prestasjonar og uforgløymegeleg stunder framfor TV-skjermen. Vi er mange som bøyer oss i beundring og respekt.