Taktskifte i marsjen mot ein papirlaus avisbransje

01.06.2023

I fjor haust skreiv eg ein artikkel på Skrivemaskineriet Vebju med tittelen «Papiravisa snart ved kanten av stupet?» Denne veka nådde Tidens Krav kanten og kasta seg utfor. Avisa er i fritt fall mot ei landing, som inneber eit papirlaust avishus. 

Enn så lenge skal avisa gi ut to papirutgåver i veka, mot fem i dag. Endringa skjer 26. juni. Eg trur ikkje todagarsavisa vil få eit særleg langt liv. Ifølge redaktøren er det berre 800 av avisa sine abonnentar som aldri har logga seg inn på nettutgåva. Med berre to papiraviser i veka, er det store fare for at mange av desse raskt vil falle frå. Dermed blir ressursbruken på dei få papirlesarane som er att uforsvarleg. Og papirutgåva er ein saga blott.

Etter to og eit halvt år ute av bransjen, har eg ikkje lenger kunnskap om Amedia-konsernet sine strategiar. Det eg veit, er at Amedia er ein aviseigar som i mange år har tenkt svært offensivt når det gjeld digital omstilling. Derfor var vi i Aura Avis som regel alltid eit hakk lenger framme enn dei andre fådagarsavisene i området på dette feltet. Tidens Krav har i alle år hatt leiinga blant dagsavisene i fylket.

Dersom Tidens Krav og andre som no gjer liknande grep lukkast, noko eg er sikker på at dei gjer, er det lett å sjå for seg at reduksjonen i papirbruken både i Amedia og andre konsern kjem til å akselerere. Fem- og seksdagarsaviser blir tre- eller todagarsaviser. Tre- og todagarsaviser går over til på kome ut berre ein gong i veka. Det er i alle fall mitt tips. Kor lenge det da går før ingen av desse kjem ut på papir, vil nok variere litt. Men det treng ikkje å ta så frykteleg lang tid, etter at nokon først har brote isen.

Redaktøren i Tidens Krav har fått ein del kjeft etter at nyheita om todagarsavisa kom. Kva med dei eldre og ikkje-digitale? No forsvinn ein viktig del av frukostritualet. Kaffestunda i godstolen er øydelagt. Det er ikkje det same å halde i ei papiravis som ein mobiltelefon osv. osv. Synspunkta og argumenta er vel kjente. Men overraskande mange har også eit meir rasjonelt syn på saka. Eit eksempel er Per Kvalvik, som i eit lesarbrev i Tidens Krav skriv: «TK sin beslutning om å lage færre papiraviser bør ikke ses på som et tap, men som en mulighet til å tilpasse seg og vokse i en digital verden. Å være åpen for denne forandringen gir muligheter for å nå ut til flere, bli mer relevant og møte behovene til et større og etter hvert moderne publikum».

Nyheiter er ferskvare. Ein konsekvens av dette er at alle aviser i dag publiserer sakene sine fortløpande på nett. Papiravisene inneheld stort sett berre gammalt nytt frå nettutgåvene. Når avishusa i åra som kjem skal utvikle journalistikken sin, blir papiravisa ein fordyrande klamp om foten, som ikkje har livets rett.

Det er freistande å dra ein parallell til langrennssporten. Der opererer dei med to stilarartar. Klassisk langrenn lever, som papiravisa, nok på lånt tid. Fordi det er naturstridig at løparane, i ein sport der alt handlar om å gå så raskt som mogleg, fortsatt skal bruke treningstid på ei grein der det ikkje er tillatt å bruke den stilen som gir størst fart.

Les også: Papiravisa snart ved kanten av stupet