Tekst-TV kom på kyndelsmesse
Frå gammalt av var kyndelsmesse 2. februar ein viktig festdag. Kyndelsmesse er ein katolsk og orotodoks fest som blir feira til minne om Maria si rensing og framstillig av Jesus i tempelet. I Norge var kundelsmesse avskaffa som heilagdag i 1771.
For 39 år sidan lanserte NRK sitt tekst-TV på denne dagen. Den hendinga er ikkje markert på primstaven. Innføringa av tekst-TV var ein liten revolusjon i formidlinga av nyheiter. Plutseleg kunne du klikke deg inn og lese siste nytt når det måtte passe deg. Det var ikkje nødvendig å vente på Dagsrevyen.
Da NRK tekst-TV gjekk på lufta i 1983, var det berre rundt 10.000 brukarar som kunne nytte denne tenesta. Men brukartala steig fort. I 1995 passerte talet på daglege brukarar millionen, og ti år seinare låg talet på 1,5 millionar. 2005 vart toppåret for NRK tekst-TV. Sidan har kurva peika nedover. I 2019 hadde NRK tekst-TV 300.000 daglege brukarar.
Ei tid hadde både NRK, TV2, TVNorge og TV3 tekst-TV. Av desse er det no berre NRK som ikkje har lagt ned denne tenesta. Truleg er det berre eit tidsspørsmål før også NRK tar tekst-TV av skjermen.
Medan eg skriv desse linene, er det tett snøfokk utanfor vindauget. Til samanlikning noterte eg 2. februar i fjor her på Vebju: «Kyndelsmesse 2021 ser ut til å gå inn i endelaus rekke av strålande vinterdagar her i Bud. Rekka var rett nok broten av eit snøfall no i helga. Men i dag skin sola på vinduet til arbeidsrommet mitt, og ber bod om ein vinterdag med kuldegrader, vebju og fint skiføre. Vi har det ikkje så verst!»
Etterjulsvinteren i år har vore prega av eit heilt anna vêr enn i fjor. Januar var ufysleg, for å seie det rett ut.
Som så mange andre merkedagar, er også kyndelsmesse i folketrua knytta til vêrspådommar. Ein tradisjon sa at vêret kom til å vere slik det var på kyndelsmessedagen i sju veker etterpå. Sør i landet rekna ein gjerne mildvêr på kyndelsmesse som eit godt teikn, medan det frå Trøndelag og nordover bar teikn om dårleg vêr resten av året om det var mildt eller fint vêr denne dagen.
Det får vere opp til kvar enkelt kor mykje ein vil lite på desse gamle vêrmerka. Det same gjeld vêrmeldingane i radio og på TV. Dei er heller ikkje alltid like pålitelege. Den mest eksakte vermeldinga er etter mi meining den du får når trekker soverromsgardina til sides om morgonen. Det du ser da, er ikkje til å tvile på.