Tid til å vere forkjølt

16.10.2022

Livet som pensjonist byr på mange gode sider. Du oppdagar ikkje alle med ein gong. Dei dukkar opp, litt etter litt.

Dei siste dagane har gitt meg ei ny positiv overrasking: Eg har tid til å vere forkjølt. Forkjølt har eg ikkje vore sidan ein gong før pandemien, og da var eg i fullt arbeid.

Når eg skriv at no har eg tid til slikt, er det fordi ein uggen og nedsylta kropp som regel ikkje var nok til å halde meg heime frå arbeid. Arbeidsoppgavene i redaksjonen var så mange, at samvit og ansvarskjensle nekta meg å ty til sofaen eller senga. Det var berre å kome seg i kalosjane og stable kroppen opp i kontorstolen. Resultatet vart dagar med eit uhorveleg inntak av paracet og andre lindrande medikament.

Denne haldninga arva eg nok etter far min. Du har det ikkje noko betre om du sit heime, var leveregelen hans. Han gjekk på arbeid, nesten uansett helsetilstand.

Når eg no sit her framfor PC'en og skriv dette, må eg ile til og forsikre alle om at tilstanden min ikkje er særleg dramatisk. Dette går nok fort over. Men jammen var det rart å bli forkjølt igjen, etter så lang tid. Og enda meir uvant er det å ikkje skulle uroe seg over korleis forma er neste morgon. Ingen deadline ventar. Eg kan senke skuldrene, og ta alt som det kjem. Ja, det krev faktisk litt trening å venne seg til slik luksus.

Eg har funne det mest komfortabelt å opphalde meg innandørs i dag. Haustdagen er blank og solrik, og frå Tæla sender Bjarne dei finaste bilde som tenkast kan. Ein kan få ufred i kroppen av mindre. Men det går bra. Sola dukkar kanskje opp igjen etter at basillene er ute av kroppen. Og Tæla ventar til eg kjem. Så enkelt er det. Fortsett med å sende bilde, du Bjarne. Det er triveleg og inspirerande.

Neste år skal vi forresten feire Telheim sitt hundreårsjubileum og mine tretti år som hytteeigar på Tæla - eitt år forseinka. Det skal bli eit ordentleg kalas.

Men i det korte tidsperspektivet skal eg no altså berre nyte å ha tid til å vere litt skral. Lyspunkta i kvardagen blir fleire når ein lever sakte. Det får meg til å tenke på dette sitatet frå Knut Hamsun sin roman «På gjengrodde stier»: «Men blide stunder det har alle. En fange sitter på sin kjærre og kjører til skafottet, en spiker gnager ham i sætet, han flytter sig og føler det mere behagelig.»