Til å få mark av

15.02.2021

Språket er i utvikling, heiter det. Nye ord og uttrykk kjem og går. Slik har det vore til alle tider. Men treng vi å akseptere alt det nye? Nei!

Truleg har eg i overkant lett for å irritere meg over moteord og -uttrykk som siv inn i språket og blir misbruka i hytt og pine. Det er eit plagsamt lyte. Men eg har akseptert min lagnad.

No for tida strir eg med folk som «tenker». Det vert tenkt over ein låg sko. «Å tenke» har vorte eit moderne samleomgrep for ord som tru, meine, anta og mange fleire. Nyansane forsvinn. Til og med i ærverdige Dagsrevyen har viruset snike seg til fast plass i journalistene sitt vokabular. No spør ikkje lenger reporteren: «Korleis vurderer du situasjonen?» På 2021-norsk heiter det: «Kva tenker du om situasjonen?» Det er til å få mark av.

NRK skal visstnok ha ein språksjef. Det verkar noko uklårt kva vedkomande tenker.

Så kan vi sjølvsagt håpe at tenkinga etter kvart går over, til liks med ein del anna språkleg ugras. Eg registrerer med glede at forholdismen ikkje er så påtrengande som før, og det er også langt færre som no seier «å gå for» - ei meningslaus fornorsking av det engelske «to go for». Samtidig lever «sjukt» og «sinnssjukt» i beste velgåande. Det samme gjer ord som «dritkult» og «dødsbra». Så det går litt opp og ned.

Det er forskjell på utvikling og forfall. Språket treng å bli røkta - meir enn nokon gong. Tenker eg.

Og det før eg har sagt ei eit einaste ord om den armodslege dialektskrivinga som veltar inn over sosiale media og andre plattformar. Den utblåsinga får vi ta ein annan gong.