«Urkrafta frå Rindal» fekk Kongens fortenstmedalje i gull

02.02.2022

For femti år sidan fekk Nils O. Aune, som den første rindaling, Kongens fortenstmedalje i gull. Overrekkinga skjedde 1. februar på Rindal kro.

Ifølge referatet i Tidens Krav, omtala skulesjef Per Ljøkjell Aune som eit «begep» under overrekkinga. I andre samanhengar vart han omtala som «urkrafta frå Rindal». Begge merkelappane passa bra. Sjølv var eg så heldig å få bli godt kjent med denne rindalske bautaen. Han var verkeleg ein mann heilt utanom det vanlege.

Blant mange minne frå 43 år i media, er det få som sit sterkast att enn desemberdagen i 1978, da eg besøkte Nils O. Aune for å gjere eit intervju til juleavisa til Romsdalsposten. Eg vart tatt vel imot, og vi vart sittande i stua og prate i mange timar. Aune var eit takknemleg intervjuobjekt. Han var usedvanleg god til å fortelje, og hadde eit ekstremt godt minne. Nesten alt han la ut om, kunne han dessutan dokumentere gjennom fyldige bøker med avisutklipp. Det var ei storarta og lærerik stund, som eg aldri gløymer.

I åra mine som redaktør i Fylket var eg ofte i kontakt med Aune. Han var gjest på avisa sitt 60-årsjubileum i 1987. I ein av talane var det slått til lyd for at alle som las Fylket måtte engasjere seg for å skaffe enda fleire abonnentar. Ingen tok denne oppfordringa meir bokstaveleg og høgtideleg enn gjesten frå Rindal. Han for heim, og sykla bygda rundt med abonnementsblokka. Vi fekk seinare vite at han ein kveld var så lenge borte, at han vart etterlyst av dei heime. Ein ekte idealist!

Nils O. Aune var ordførar i Rindal i 20 år, formannskapsmedlem i 24 år og kommunestyrerepresentant i 26 år. I tillegg kjem ei uhoverleg mengde med andre tillitsverv. Han deltok på ikkje mindre enn 30 fylkesting. Verdt å legge til, er at Aune aldri meldte forfall til noko som helst. I samband med medaljeoverrekkinga vart det gjort eit reknestykke, som viste at han kunne sjå tilbake på 500 år i offentlege verv. Ved sida av alt dette kom gardsdrifta.

«Nils O. Aunes virksomhet som administrator kan best beskrives gjennom tre S'er: Stø, solid og gjennomført saklig», sa fylkeskontorsjef Jens Christophersen, som overrekte kongen si medalje på vegne av Fylkesmannen.

Det var ikkje å ta for hardt i.