Vebju og fintenkjing ved årsskiftet

02.01.2023

Eg trøyer ofte tida med å produsere stoff til nettsidene mine. Det som i 43 år var jobben min, har vorte ein triveleg pensjonistsyssel.

Bloggen Fintenkjarplassen vart oppretta allereie i 2015. Hausten 2020 utvida eg mitt digitale univers med nettsida Skrivemaskineriet Vebju, som med si oppdeling i seksjonar gir rom for fleire typar stoff.

Responsen på tankespinnet mitt har vore mykje større enn eg kunne ha forestilt meg. Sidan 2015 har det knapt vore ein dag utan lesarar på Fintenkjarplassen, sjølv om innlegga her ikkje kjem regelmessig. På Skrivemaskineriet Vebju er det folk innom heile tida. Sjølv da eg var var innlagt på sjukehus eit par veker i haust og aktiviteten låg nede, hadde Vebju-sidene dagleg fleire hundre besøkande.

Ute i den store bloggverda er tala mine sjølvsagt ikkje så imponerande. Samanliknar eg derimot med lokalavisene sine normer for kva som er ein godt lest artikkel, blir eg forundra over kor mange som finn meining i å sjå kva ein avdanka bladfyk ute på eit svaberg driv på med.

Eg skulle vel ha gått over til å skrive om motar eller matoppskrifter. Da kjem lesartala lett opp i mange tusen pr. dag. Men det ligg liksom ikkje for meg. Eg kjem til å halde fram som før. Takk til alle som orkar å lese. De er, som sagt, overraskande mange.

Ved inngangen til det nye året har eg gjort ei lita vareoppteljing. Statistikken viser at Fintenkjarplassen no inneheld over 250 artiklar. På Skrivemaskineriet Vebju sine seksjonar Frå dag til dag, På spissen og Min musikk er det sidan november 2020 produsert rundt 470 innlegg.

Desse artiklane vart mest lest i 2022 (du kan gå til enkelte artiklane ved å klikke på dei):

Skrivemaskineriet Vebju:
1. Jostein Dønnem til minne
2. Norge anno 2022: Blir hetsa fordi ho er kvinne
3. Dette er mine favorittalbum frå 1972
4. Nypremiere på Atlanterhavsspelet i 2022

Fintenkjarplassen:
1. Ein avlyst hyttesesong - og andre tankesprang frå reservebenken
2. Øyhoppping (2): Fyr på tre bokstavar
3. Gode NM-minne - og ein streng doktor
4. Slåttonna før i tida: Regnversdagar, mykje folk og mange gode minne

På Skrivemaskineriet Vebju er det i tillegg ein god del trafikk på dei andre seksjonane. Den mest populære er Gamle foto. Her har det vore litt tørke den siste tida p.g.a. dårleg tilgang på bilde. Om nokon har bilde dei kan tenke seg å dele gjennom nettsida mi, er det berre å melde seg.

Eg ønsker alle eit framgangsrikt 2023. Det ser ut til å bli eit nytt år med vebju og fintenkjing. Om nokon vil vere med, er det berre å henge seg på.