Verdifulle tradisjonar

23.10.2022

Julemarsipanen og julebrusen er på plass i butikkhyllene. Det er altfor tidleg, men like fullt: Jula nærmar seg. 

Eg har alltid lika jula. Berre dei mange tradisjonane har ein stor verdi, enten dei no er slik eller slik for den enkelte. Tradisjonar skaper kontinuitet og identitet. For mange er dei eit haldepunkt i livet.

Sjølv er eg ein del av ein juletradisjon som i varierande grad krev merksemd heile året. Over heile landet pågår no arbeidet for fullt med å få ferdig dei mange hefta som kjem ut til jul. Eg sit i redaksjonen for to av dei, Jul på Nordmøre og Årsskrift for Stangvik Historielag. September og oktober er dei mest hektiske månadene.

Dette er triveleg arbeid i selskap med mange kreative idealistar. Her skal eg nemne to av dei. I Jul på Nordmøre arbeider eg tett saman med Karin Ormbostad frå Kristiansund. Karin er enke etter den mangeårige redaktøren for bladet, Harald Ormbostad. Ho har Jul på Nordmøre i blodet. Karin kan alt om annonsar, sal og distribusjon. Ingenting stoppar for denne dama. Saman tek vi arven etter Harald vidare.

På Kvanne sit Marit Haugen og samlar inn artiklar og bilde til historielaget sitt årsskrift. Vi er tre i redaksjonen, som forutan Marit består av meg og Torbjørn Polden. Men utan arbeidsjarnet Marit hadde nok heftet vorte heller magert. Ho gjer ein uvurderleg innsats for historielaget. I tilegg til dette rekk ho i løpet av året så mange turar til Strengen, at eg ikkje tør å nemne talet.

I enden av produksjonskjeda finn vi Åge Fossum på Mediahuset på Sunndalsøra. Eg har aldri høyrt han si ordet «nei» eller at «dette går ikkje». Åge har berre ein ting i hovudet: Alle skal bli nøgde. Det er ikke tilfeldig at denne mannen har veldig mykje å gjere.

Julehefta er dugnadsprosjekt. Folk stiller opp med bidrag. Eg har mang ein gong vorte imponert over kor godt mange av dei skriv, og kor mykje kunnskap som kjem fram i dagen.

Alle hefta som kjem ut til jul er ikke berre til underhaldning og tidtrøyte. Over tid er det her samla så mykje lokal historie, at vi trygt kan kalle dei ein kulturskatt.