Viktige vervarsel på primstaven

16.03.2022

I tur og orden kjem Gudmundsmesse 16. mars og Gjertrudmesse 17. mars på primstaven.

Begge dagane er knytta til tru om det framtidige veret. Snøver på Gudmundsdagen var eit varsel om kronår for korn. Kom det derimot snø dagen etter, måtte ein bu seg på uår. Godt ver på Gjertudsmesse var eit signal om at arbeidet i hagen kunne starte.

I folketrua het det at ein kunne vente storm og uver på er Gjertrudmesse. Forklaringa låg kanskje i folk si oppfatning av Gjertrudsfuglen, som varsla uver med skrika sine.

Gudmundsmesse vart feira til minne om den islandske biskopen Gudmund Arason av Hólar (1161-1237). Han oppheldt seg minst åtte i år i Norge, og fekk eit kapell oppkalla etter seg på Gardermoen.

I den katolske kyrkja vart Gjertudsmesse feira for å minnast den heilage Gertrude som abbedisse i benediktinerklosteret i Nivelles i Brabant, og som levde i åra 626-659.

Den heilage Gjertrud er skytshelgen for gartnarar, pilegrimar og dei reisande; for fattige og enker; for dei som nyleg har gått bort; for sjukehus; mot mus og rotter.

(Kjelde: Lokalhistoriewiki.no)