Vinterdag på primstaven - korleis blir veret?
Har du primstav, må du hugse på å snu den. 14. oktober er den første vinterdagen, og da må primstaven snuast frå sommarsida til vintersida.
Primstavmerket for 14. oktober er ein vott. Men votten faktisk ingenting med årstida å gjere. Primstaven har sitt opphav i katolsk kalender. Messedagen 14. oktober skal pave Calixtus ha lidd maryrdøden. Ein del av det geistlege antrekket var hanske eller vott. Slik hamna votten på primstaven for 14. oktober.
Det knyter seg mange verteikn til denne dagen. Her er nokre: Godt ver gir ein bra vinter, og den første snøen let vente på seg. Er den første vinterdagen kald, er det eit varsel om ein snørik vinter. Grøn himmel 14. oktober betyr at frosten er like om hjørnet. Varm og klår vinterdag, i kombinasjon med nattefrost, gjer at det vil kome regn før tre dagar er gått.
Ut i frå dette lurar eg faktisk på korleis vinteren blir her i Bud. Vinterdagen starta med strålande sol, før regnet etter kvart kom. Det er ikkje teikn til nattefrost, og før det skya over var himmelen blå - ikkje grøn. Nei, det er ikkje godt å vite. Ingenting stemmer. Den sikraste vermeldinga får du når du drar frå soveromsgardina om morgonen. Da har du fasiten.
Eg tok ein liten trimtur i nærområdet på den første vinterdagen. Det var ein strålande formiddag med sterke blåtonar i himmel og hav. Eg tok med kameraet. Bildet øvst på denne sida, og bildeserien under, er frå denne turen. Det er vakkert i Bud, uansett ver. Men her, som alle andre plassar, så hjelper det på med litt sol.