På spissen

Meir enn førti års produksjon av leiarartiklar og kommentarar har sett sine spor. Denne sida er derfor å betrakte som terapi mot ein uhelbredeleg yrkesskade. Meiningsytringar om viktige og uviktige ting - det er det du vil finne her. Følg med.

Har du kommentarar til artiklane på denne sida? Send ein e-post til lsansnes@gmail.com. Om du gir beskjed, blir ytringa di lagt til under artikkelen.

(Du opnar artiklane ved å klikke på overskrifta).

Heilt sidan 2001 har Farmen rulla over norske TV-skjermar. Eg er blant dei mange som har funne det underhaldande å følge med på serien. Av og til er det greitt å koble av med noko som ikkje er så gravalvorleg. Krig og krise får vi jo nok av, uansett.

Papiravisa har vist seg som langt meir seigliva enn kva ekspertane ein gong spådde. Allereie for tjue år sidan fekk vi høyre at det kun var eit tidsspørsmål før papiret var borte. Desse profetia trudde eg aldri på. Avisene tente på det tidspunktet altfor mykje pengar på papirannonsar og papirabonnement til at undergangen kunne vere like om hjørnet....

Etter kva eg forstår, er det no samla inn rundt ein kvart million kroner til ein statue av kvalrossen Freya. Freya måtte bøte med livet, etter å ha farta rundt i ymse hamnebasseng i det tettast befolka området av landet vårt i fleire veker.

Etter partileiardebatten i Arendal denne veka la eg ut følgande melding på mi Facebook-side: «Kjenner på at det blir lenge til eg orkar ei ny forestilling med sirkus Solvang. Sjølvbildet til direktøren er større enn nokon gong».

Dei som er født på 90-talet må rekne med å jobbe til dei er minst 70 år for å oppnå full pensjon. Pensjonsutvalet har lagt fram sin rapport. Den inneber også at den nedre aldersgrensa for å ta ut pensjon blir heva frå 62 til 65 år.

Først kom koronaepidemien. Ikkje før var den under kontroll, så kom krigen i Ukraina. I Norge eksploderte prisane på straum og drivstoff.