Fintenkjarplassen - nyaste innlegg:
Melodi Grand Prix, Vasaloppet og Lars Monsen
På spissen - nyaste innlegg:
Alle kan ikkje rope på staten
Min musikk - nyaste innlegg:
«Highway Star» var eit sjokk: Jubileum for Deep Purple-bauta
Lyset
i Lisjesundet: 32 bilde

24. mai 2022
Vi som er jamaldringar med Melodi Grand Prix
Frå dag til dag: Vi som kom til verda i 1956 har ein svært kjent jamaldring, Melodi Grand Prix
Den første MGP-finalen gjekk av stabelen i Lugano 24. mai 1956. Sju land deltok. Etter den tid har det vore opp- og nedturar, både for oss som vart født det året og jamaldringen vår, som mange har så sterke meiningar om. Les meir.
20. mai 2022
«Vi har politikarar på Stortinget som bramfritt proklamerer at NATO-medlemsskapet er ein trussel mot Norge si sikkerheit»
Frå dag til dag: Ei helgebetraktning om vår, krig, fred og dei nære tinga. Les meir.
Smånytt: Om ein mopedist som sovna ved sida av køyretøyet med 2,12 promille - og andre nyheiter som det er heilt unyttig å vite om. Les meir.

19. mai 2022
Dramatisk rundkast på Eidet
Frå dag til dag: Det eine forjhulet eksploderte og drosjebilen gjorde eit rundkast. 23. april 1957 kunne Tidens Krav melde om dramatikk i trafikkbildet på Eidet. Les meir.
19. mai 2022
Smilte - tross tap
Dette bildet viser Surnadal jenteidrettslag anno 1957. Laget har akkurat tapt mot Olymp i 2. runde i NM. Bildet er tatt av Tidens Krav. Det manglar, som vanleg var på den tida, namn.

18. mai 2022
Heldige «offer» for marknadskreftene
Frå dag til dag: Marknadskreftene herjar i Robinsonmarka om dagen. Både Neas og Istad ligg langflate etter oss heldige forbrukarar. Les meir.

18. mai 2022
Vår i lufta
Endeleg vart det litt godver. Det er triveleg å kunne ta med seg termos og sitteunderlag ut i det fri, og berre nyte at den varme årstida er like om hjørnet. (Klikk for å forstørre).

11. mai 2022
40 år sidan politikarane sa ja
Frå dag til dag: I mai 1982 sa kommunestyret i Surnadal ja til planane om alpinanlegg i Sæterlia. Det har vorte eit praktanlegg. Les meir.

11. mai 2022
Sein vår på kyststien i Bud
Bildeseriar: Mykje kaldt ver i det siste gjer at våren kjem seint på berg og rabbar ute ved Hustadvika. Her er nokre bilde frå ei vandring 9. mai. Les meir.
7. mai 2022
Meir om 50-årsjubilanten Surnadal Billag: Kasserar John O. Øye fortel om pionertida
Frå dag til dag: Da Surnadal Billag fylte 50 år i 1962, var John O. Øye den med lengst fartstid i selskapet. Les meir.
Smånytt: Vi forflyttar oss til 80- og 90-talet. Hugsar du Surnadal sitt historiske opprykk til 2. divisjon? Les meir.

5. mai 2022
193 kroner i forteneste pr. sekund - kor mykje blir det i løpet av eit kvartal?
Frå dag til dag: Hydro Sunndal er ei vanvittig pengemaskin om dagen. Les meir.
Gamle foto: Fotogalleriet er utvida med nokre gamle postkort frå ytre strøk av fylket. Korleis såg det ut i Bud for over hundre år sidan? Les meir.
Smånytt: «Vi gjentar ogsaa idag vaare henstillinger til folk om at assurere sin eiendom». Storbrann på Frei. Les meir.

3. mai 2022
«Eg er sikker på at Henning vil gå over i historia som ein av etterkrigstida sine fremste musikkprofilar her i landet»
Frå dag til dag: Henning Sommerro fyller 70 år 3. mai 2022. Som aktiv musikar i snart 60 år har han skapt eit livsverk som er langt meir omfattande enn kva folk flest kanskje er klar over. Les meir.

2. mai 2022
Ein fransk president som ikkje ville sleppe Norge inn i varmen - og mystiske fotefar på Notodden
Frå dag til dag: 2. mai 2022 er det 60 år sidan Norge første gong søkte om medlemsskap i EEC, no EU. Charles de Gaulle ville ikkje ha selskap av nordmenn. Les meir.
Smånytt: På Notodden skapte spor etter nakne menneskeføter i snøen oppstyr og spekulasjonar i 1929. Les meir.
30. april 2022
Om vårskiturar og ein gammal langrennsløpar
Frå dag til dag: Eg likar best å gå på ski i fjellet om våren. Ære vere dei som kavar rundt i laussnøen i 20 kuldegrader i januar. Men ein tur over kvite vidder i april og mai er betre. Det er no min smak. Litt mimring og nokre bilde. Les meir.
Smånytt: I 1955 var det førstesidestoff i Tidens Krav at ein mann på 63 år stilte til start i eit kretslangrenn. Folk over 60 vart sett på som gamle på den tida. Les meir.
Ny spalte: Smånytt
Småstoffet i avisene er på vikande front i den digitale tidsalderen. Denne sida er meint som trøyst for dei som saknar kuriositetar, merkelege historier og dei gode notisane. Vi dukkar ned i dei gamle avisarkiva, og plukkar fram smånytt frå tidlegare tider. Her finst litt av kvart - i heile spennet frå skjemt til alvor. Les meir.
Gamle foto: Galleriet er utvida. Les meir.

12. april 2022
Inga påske utan
Frå dag til dag: Påskelabyrinten har halde det gåande sidan 1987. Ein genistrek av eit program, med kjendisfaktor null. Les meir.
12. april 2022
No er det håp...
Vel inne i påskeveka kan vi konstatere at veret har betra seg. Dette fotominnet frå 2017 gir håp om ei fjellpåske på tradisjonelt vis.

11. april 2022
Fotominne frå 2009 og tilbakeblikk på ei uverspåske
Tælastuå: Dei siste bilda i serien med påskeminne frå Tæla er lagt ut. Serien vart på i alt 126 bilde. Les meir.
Frå dag til dag: Vi tar eit tilbakeblikk på påska i 1982. Påsketuristar i sunndalsfjella sat i hyttene sine og venta på helikoptertransport. Les meir.

7. april 2022
Med utsikt til ei nestenulykke i Litjbotnen
Få dag til dag: Som eit apropos til den store skredfaren i forkant av påska 2022, fortel eg ei lita historie om ei nestenulykke som eg fanga i kikkerten for ein del år sidan. Det må ha vore nære på for våghalsane. Les meir.
Tælastuå: Påskeminne får 2010. Les meir.

4. april 2022
Lokalpolitikarar i alkoholpolitisk spagat
Frå dag til dag: Søknadar om skjenkeløyve har sett mang ein lokalpolitikar på prøve. Det er ikkje alltid lett å balansere mellom omsynet til dei næringsdrivande på den eine sida, og faren for å miste moralsk ansikt på den andre. Les meir.
Gamle foto: Galleriet er utvida. Les meir.
3. april 2022
Ei dystert minne
Frå dag til dag: 3. april 2022 er det på dagen eitt hundre år sidan Josef Stalin vart valt til generalsekretær i det sovjetiske kommunistpartet. Da Vladimir Lenin døydde i 1924, vart Stalin sovjetstaten sin brutale eineherskar fram til han sjølv gjekk bort i 1953. Ein diktator vart erstatta av ein ny.
Josef Stalin stod for eit hensynslaust og sterkt personfokusert regime. Ei kvar form for opposisjon vart slått ned av kommunistpartiet sitt velsmurte terrormaskineri. Millionar av menneske varrt henretta i Stalin si tid.
Hundre år etter at Stalin tok over styringa av det sovjetiske kommunistpartiet, må vi altså slå fast at verda ikkje har gått framover. I Moskva sit ein ny tyrann ved makta. Vladimir Putin sitt angrep på Ukraina viser ein diktator som liknar uhyggeleg mykje på Josef Stalin - og Adolf Hitler.
Det er utriveleg og uverkeleg. Kven kunne tru at det skulle gå slik?
Gamle foto: Galleriet er utvida.

2. april 2022
Tilbakeblikk på dramatiske aprildøgn på Hustadvika
Frå dag til dag: I desse dagar i 1938 skjedde «Rokta»-forliset på Hustadvika. Historia om forliset er svært dramatisk. Av eit mannskap på tolv mista halvparten livet. I tillegg omkom to av dei rundt 90 personane som deltok i den farlege redningsaksjonen. Les meir.

31. mars 2022
Hoppa lengst og høgast i spretthopprennet på Tæla
Tælastuå: Spretthopp stod som vanleg på programmet på Tæla 1. påskedag 2016. I kjent stil var Sigbjørn Hausberg i ein klasse for seg. Les meir.
På spissen: Som mangeårig redaktør har eg lite til overs for at Bergens Tidende no kuttar ut den daglege leiarartikkelen. Er meiningsjournalistikken i avisene på veg ut? Les meir.
28. mars 2022
Vi gratulerer Pål Tyldum med 80-årsdagen
Frå dag til dag: Ei av dei store langrensstjernene på 60- og 70-talet, Pål Tyldum, fyller 80 år 28. mars. Tyldum var ein mann av få ord, som let skiene snakke. Les meir.
Tælastuå: Vi tar eit tilbakeblikk på påska 2017, da det også var feiring av rund dag i Tælastuå. Les meir.


26. mars 2022
Det er berre å gle seg: Nypremiere på Atlanterhavsspelet i sommar
Frå dag til dag: Fire år etter suksessen i 2018, blir det nypremiere på Atlanterhavsspelet i 2022. Kystfortet i Bud skapar ei storslått ramme rundt den sterke historia som spelet bygger på. Les meir.
Tælastuå: Vi held fram med fleire påskeminne. Bilde frå 1994 og 1995 er lagt til. Les meir.

24. mars 2022
Påskeminne frå 2018 og tilbakeblikk på opninga av Bøbrua
Tælastuå: Påska 2018 var velsigna med mykje godt ver. 1. påskedag hadde vi som vanleg samling i Tælastuå, dette året også berika med eit innslag av to geiter. Les meir.
Frå dag til dag: Frå gårsdagens omtale av vegdebatten på Bølandet i 1957, hoppar vi fram til opninga av Bøbrua i 1964. Les meir.

22. mars 2022
Strålande påskever og rekordstort oppmøte 1. påskedag
Tælastuå: Bildeserien med påskeminne har fått ti nye bilde. I dag handlar det om påska 2005, da påskedagen fall på 27. mars. Nokså tidleg påske, altså, men likevel ei høgtid velsigna med særs mykje godver.
1. påskedag kom det over femti gjestar. Den rekorden står enno. Les meir.

21. mars 2022
«Veien rundt Todalsfjorden vil snart kunne realiseres»
Frå dag til dag: Denne avisoverskrifta er ikkje av ny dato. Ho er 55 år gammal. Les meir.

21. mars 2022
Magisk påskeminne: Gnistrande måneskinskveld på Tæla
Tælastuå: Fleire påskeglimt er lagt til i bildeserien. Det vart bilde frå 2015 denne gongen. Les meir.

20. mars 2022
Vårjamdøgn og fleire påskebilde
Vi er komne fram til vårjamdøgn. Vårjamdøgn, i år på 20. mars, er saman med haustjamdøgn dei døgna då natt og dag er like lange overalt på jorda. Vårjamdøgn fell i det 21. århundre på 19. mars (18 gonger, første gong i 2048), 20. mars (79 gonger, blant anna f.o.m. 2012 t.o.m. 2047) eller 21. mars (i 2003, 2007 og 2011) norsk tid. (Wikipedia).
I serien med påskeminne er det lagt ut glimt frå påska 2004. Les meir.
18. mars 2022
«Sjølv i 2022 kan ein enkelt galning destabilisere verda. Det er eit tankekors»
Frå dag til dag: Nokre helgetankar i skuggen av krig og korona. Viruset har no gjort sitt inntog i Robinsonmarka 26. Sesongstarten på Tæla må vente. Les meir.
Tælastuå: Nye bilde lagt til i påskeserien. Les meir.


17. mars 2022
Ny bildeserie:
Påskefeiring i Tælastuå frå 1993 og fram til i dag
Tælastuå: I 1993 feira vi den første påska på Tæla. Plutseleg nærmar vi oss tretti. Tida går fort. Fram mot påske blir det mimring med bilde frå Tæla-påskene opp gjennom åra. Bildeserien startar i dag. Les meir.


16. mars 2022
Lunsj i skuggen av krigen
Fintenkjarplassen: Putin sender kalde vindar frå aust. Les meir.

14. mars 2022
«Det
er med kopplam som med rare farkåte ungar»
Frå dag til dag: Aage Grimsmo hadde klåre meiningar om kopplam. Her er eit fornøyeleg lesarbrev. Les meir.
14. mars 2022
No skin det sol e høgste Svealiå
No bli det vår, det kjeinne e så vel
Hestehoven tittar fram overalt. No kjem våren, som ingen har skildra vakrare enn Hans Hyldbakk.
13. mars 2022
Endeleg var vi der. To eldre menn klarte til slutt å kome seg til Vikersund
Frå dag til dag: To dagar med skiflyging, med ein norsk verdsmeister på toppen. Meir kan ein ikkje forlange. To kvennbøgardingar, som vaks opp med Engan, Wirkola og Grini, har vore på pilegrimsferd til Vikersund.

10. mars 2022
146 år sidan den første telefonsamtalen
Frå dag til dag: På denne dagen er det 146 år sidan verdas første telefonsamtale vart gjennomført. Ein av dei som snakka var oppfinnaren av telefonen, Alexander Graham Bell.
Bildet til venstre er frå 1919, og er tatt av fotografen Anders Beer Wilse. Mykje har skjedd i utviklinga av telefonen sidan den gongen. Les meir.

9. mars 2022
Ei sterkt fredssymbol
Frå dag til dag: Medan krigen rasar i Ukraina, minner denne dagen i mars oss om fredssymbolet dei kvite bussane. Den storstilte aksjonen starta 9. mars 1945. Les meir.
9. mars 2022
- Eg vil opp og fram
Kanskje er det nettopp det denne hestehoven prøver å seie til oss. Ut av svarte asfalten stikk han fram, antakelg lykkeleg uvitande om at vinteren sjeldan er slutt 9. mars...

8. mars 2022
Luksus i kvardagen
Frå dag til dag: Ein sekk med litt lunsjmat, nydeleg ver og godt selskap - det er luksus. Les meir.

8. mars 2022
Ein hyllest til dei anonyme slitarane
Fintenkjarplassen: På 8. mars kan det vere verdt å hylle alle dei kvinnelege slitarane som aldri har gått i fakkeltog. Les meir.
7. mars 2022
Til minne om ein bror
Frå dag til dag: I dag ville bror Bjørn ha fylt 60 år om han hadde fått leve. Bjørn var ein sosial kar, som spreidde mykje glede i grenda. (Klikk for å forstørre). Les meir.

5. mars 2022
Eit fenomenalt farvel
Frå dag til dag: Langrennsstjerner kjem og går. Likevel vil det mest sannsynleg ta ei stund før vi får sjå nokon i sporet som liknar på Therese Johaug. Laurdag tok ho farvel med Kollen-publikumet med ei fenomenal 3-mil. Les meir.
Gamle foto: Galleriet er utvida. Les meir.


3. mars 2022
Heider og plakettar til gamle fotballheltar
Frå dag til dag: Vi tek ein tur innom Surnadal IL sin fotballfest i 1982. Mange gamle heltar vart heidra for lang og tru teneste i klubben. Les meir.
Sidan vi er heilt i starten av fastetida, kan det passe å sjå litt på tradisjonar og merkedagar knytta til denne perioden. Les meir.
2. mars 2022
Vi saknar denne mannen
Frå dag til dag: I ei bekmørk tid for Eurpoa saknar vi denne mannen, Mikhail Gorbatsjov. Etter krigen er det ingen som har skapt så mykje optimisme på den storpolitiske arenaen som den tidlegare sovjetiske leiaren, som på denne dagen fyller 91 år. I dag rår atter krig og terror. Les meir.
Gamle foto: Galleriet er utvida med fleire bilde. Les meir.


27. februar 2022
Til minne om eit kongeleg skihopp
Frå dag til dag: På denne dagen for hundre år sidan gjorde kronprins Olav sitt første hopp i Holmenkollen. Den 18 år gamle tronarvingen landa på 33 meter. Les meir.
Bildeseriar: Den siste søndagen i februar baud på godt ver. Det vart ein tur til fyret på Nordneset og deretter ein runde på Svevestien.
26. februar 2022
Modige krigsreporterar og raude toppluer
På spissen: Medan vi sit trygt i sofaen, jobbar journalistar - ofte med livet som innsats - ute i felten for å halde oss informerte om krigen i Ukraina. Les meir.
Frå dag til dag: Krigen har mange ansikt. For 70 år sidan, 26. februar 1942, vart det straffbart å bruke raud topplue i Norge. Okkupasjonsmakta var redd for alt som kunne stimulere motstanden ute i folket. Les meir.


25. februar 2022
Man bør ta sikte på å legge veien i tunnel
Fra å dag til dag: Heilt frå opninga i 1928 og fram til tunnelopninga i 2014, var Oppdølsstranda eit svakt og farleg punkt på vegnettet på Nordmøre. Vinteren 1952 gjekk det mange ras. Tidens Krav meinte den einaste løysinga var å legge vegen i tunnel. Det skulle ta 62 år.

23. februar 2022
Surnadalsordførar Ola Dønheim slo ikkje an som foredragshaldar på Sunnmøre
Frå dag til dag: Ein 92 år gammal møteomtale i avisa Møre i Volda, viser at surnadalsordførar Ola Dønheim ikkje klarte å begeistre avisa sin referent. Venstrepolitikaren blir karakterisert som altfor agitatorisk.

19. februar 2022
Stangvik kommune for hundre år sidan: Kvar skal sentrum ligge og kvar skal doktoren bu?
Frå dag til dag: Vi ser på eit nesten hundre år gammalt lesarbrev i Tidens Krav. Innsendaren er uroa over at Kvanne tek over Stangvik sin gamle posisjon som sentrum i Stangvik kommune. Flytting av doktorbustaden til Kvanne set også sinna i kok.

18. februar 2022
«Når det kjem til omtale av kvinnelege sportskommentatorar, er det sjokkerande mange som mistar både hemningar og folkeskikk»
På spissen: Meir enn førti år etter at Karen Marie Ellfsen vart møtt med hets og kritikk som første kvinne i NRK-sporten, gjentek historia seg. Skiskyttarkommentator Ingrid Sørli Glomnes har fått gjennomgå i sosiale media og kommentarfelt dei siste vekene. Les meir.
Gamle foto: Eit lite utval gamle nordmørsmotiv lagt til. Les meir.
14. februar 2022
Berre sju år etter krigen inviterte Oslo til OL-fest
Frå dag til dag: Det skulle ikkje gå meir enn sju år frå fredsvåren 1945, til Oslo tok på seg å arrangere vinter-OL. Leikane starta 14. februar 1952. Dei vart ein stor folkefest, som samla meir enn ein halv million tilskuarar rundt om på anlegga. Les meir.
Gamle foto: Fleire bilde er lagt til i galleriet. Les meir.
10. februar 2022
Tømmerhoggaren
som fekk Sophia
Loren på fanget
Ein bauta av ein idrettsmann ville ha fylt 93 år 10. februar. Hallgeir Brenden er ei av dei største stjernene i den norske langrennshistoria. Svært berømt, også utanfor løypa, vart Brenden under OL i 1956, da han fekk sjølvaste Sophia Loren på fanget.


9. februar 2022
«Vi kan ikkje ha ei eiga jantelov for Bjørn Dæhlie, og ei anna for resten av den økonomiske eliten»
På spissen-innlegg her.

9. februar 2022
Avisleiarar frå Møre og Romsdal på studietur til Barcelona
Gamle foto: I ein periode var avisleiarar frå fylket vårt på årlege utanlandsturar for å lære. Les meir.

4. februar 2022
Test OL-kunnskapane dine
Frå dag til dag: Er du interessert i vinter-OL? Her kan du ta ein uhøgtideleg kunnskapstest. Les meir.

4. februar 2022
«Åndssvake og sedelighetsforbrytere»
Frå dag til dag: Bli med på eit lite dykk i nokre 90 år gamle aviser. Det er litt av kvart å finne. Les meir.

2. februar 2022
«Urkrafta frå Rindal» heidra
Frå dag til dag: I 1972 fekk Nils O. Aune kongens gull. Eg var så heldig å få kjenne denne heilt spesielle mannen. Les meir.

2. februar 2022
På siste verset
Frå dag til dag: NRK tekst-TV vart lansert på kyndelsmesse 2. februar i 1983. No syng det etter alt å døme på siste verset. Les meir.

2. februar 2022
Friluftsliv og søskenbarn
Gamle foto: Nokre bilde frå turar i skog og mark på 90-talet er lagt til. I tillegg eit par bilde av eit knippe søskenbarn i unge år. Les meir.

1. februar 2022
Nitimen gjorde radioverda lysare
Frå dag til dag: 1. februar 1965 gjekk den første Nitimen på lufta. Programmet skapte lys i ein mørk radiokvardag, dominert av vermelding, foredrag og symfoniar. Les meir.

1. februar 2022
Ein fersk hesteeigar
Gamle foto: I 1991 vart Kristin hesteeigar. Lisa var ein snill og medgjørleg fjording, kjøpt i Trondheim. Elles er fleire bilde av onkel John lagt til. Les meir.

31. januar 2022
Kommunane som forsvann
Frå dag til dag: For 60 år sidan kom Schei-komiteen si innstilling. Det vart slutten for m.a. Stangvik. Les meir.

31. januar 2022
Eit glimt av godver
Bildeseriar: Den siste dagen i januar 2022 innvilga oss nokre timar med godver. Les meir.

31. januar 2022
Til minne om ein onkel
Gamle foto: Nokre bilde frå Bøfjorden er lagt til. Her eit bilde av onkel John i unge år. Les meir.


29. januar 2022
Eit heilt spesielt OL
Frå dag til dag: På denne dagen er det 58 år sidan vinterleikane i Innsbruck opna. For meg skulle dette for all framtid bli OL over alle OL. Les meir.

29. januar 2022
Utsyn over Eidet
Gamle foto: Nye bilde er lagt til i galleriet, m.a. eit panoramabilde frå Haukarstokken. Det vi ser over, er eit lite utsnitt. Les meir.

25. januar 2022
98 år med vinter-OL
Frå dag til dag: På denne dagen i 1924 opna vinter-OL i Chamonix. Thorleif Haug vann tre gull, trass i at han datt 25 gonger i den vanvittige femmilsløypa. Les meir.

25. januar 2022
På veg ut i verda
Gamle foto: Ferdige med tre års gymnasliv, var vi klare til å ta nye steg ut i verda. 3EC+NO var ein triveleg gjeng. Tre nye foto lagt til i galleriet. Les meir.
25. januar er i norsk tradisjon Pålsmesse. Dagen markerer den seinare apostelen Paulus si omvending til kristendommen.
Mellom anna i Telemark fylke og i Setesdal har merket på primstaven vore ein skyttarboge. Dagen har vorte kalla «Pål med bogjen» eller «Pål skyttar». Andre merke har vore eit sverd eller ein fisk.
I norsk folketru het det at arbeid som vart byrja denne dagen ville mislykkast. Viste sola seg denne dagen, vart det ein god sommar. Uvêr på Pålsmesse spådde krig, pest og alle slags ulykker. Midtvinteren var no forbi. (Wikipedia)

24. januar 2022
Fekk lokal pressepris
Frå dag til dag: Avisene som dekte indre Nordmøre kåra Målfrid Fiske til den gladaste og greiaste i 1982. Les meir.

24. januar 2022
Ein hårvott frå 70-talet
Gamle foto: Gymnasåra var ei tid der vi ikkje rente ned dørene hos frisørane. Tre bilde er lagt til i galleriet. Les meir.

23. januar 2022
Ein bladfyk og ein konge
Frå dag til dag: Under NATO-øvinga Teamwork 80 greide eg å kome på eit bilde saman med kongen. Les meir.

23. januar 2022
Legende i badebukse
Gamle foto: Fire bilde er lagt til. Mellom dei finn du ei gammal blueslegende i badebukse. Les meir.
Bildeserien Lyset i Lisjesundet har no kome opp i 16 foto. I menyen til venstre finn du også ei ny side, Arkiv første år. Her er mesteparten av det som låg på framsida for perioden november 2020 - oktober 2021 reorganisert og lagt inn i eit artikkelarkiv.

12. januar 2022
Odvar Nordli sette kvinnerekord
Frå dag til dag: Fire kvinner i regjeringa var rekord i 1976. Les meir.

12. januar 2022
TV-sendingane vart berga i siste liten
Frå dag til dag: Sendingane frå NM i Surnadal var nær ved å ryke. Les meir.

12. januar 2022
Eit knippe med 30 år gamle fotominne
Gamle foto: Galleriet er utvida med mange kjente fjes. Les meir

6. januar 2022
Gammal heilagdag
Frå dag til dag: Frå gammalt av var trettande dag jul ein viktig kristen festdag i Norge. Slik er det ikkje lenger. I Sverige og Finland derimot, er 6. januar framleis offentleg heilagdag. Les meir.

6. januar 2022
Hytteliv i 30 år
Tælastuå: Tretti år har gått sidan vi tok over hytta på Tæla. No kjem ein bildeserie frå den første tida her på Vebju. Dei fire første bilda i serien ligg klare. Les meir.

6. januar 2022
Eit uhyggeleg minne
På spissen: 6. januar er det på dagen eitt år sidan storminga av kongressen i USA. Like etter terroren skreiv eg ein aviskommentar om hendinga. Den er framleis like aktuell, dessverre. Les meir.