8. august 2023

Molteplukkarar er hyggelege folk - og bæra er for alle

Frå dag til dag: Les meir.

7. august 2023

Laksefestival for siste gong – og Sagatun var gjeldfritt

Frå dag til dag: Les meir.

4. august 2023

Bjørn Wirkola fyller åtti år: Han gjorde skihopping til kunst

Frå dag til dag: Han har alltid vore min største idrettshelt. Når legenda Bjørn Wirkola fyller åtti år, må det derfor markerast på Skrivemaskineriet Vebju. Les meir.

Ny lokalavis for Hustadvika

Hustadvika kommune har fått si eiga lokalavis. Nykommaren hustadvikingen.no gjekk på lufta denne veka. Starten har vore svært lovande. Avisa ber preg av at redaktør Hilde Kvammen har den faglege ballasten i orden. Vi håpar at folk sluttar opp om dette flotte tiltaket, og ønsker avisa lykke til.

31. juli 2023

«Det som har kome frå sportskommentariatet den siste tida, manar fram ei ekkel kjensle av at menn og kvinner er underlagt ulike normer for såkalla kritisk journalistikk»

På spissen: Les meir.

Tett på storhavet

Bildeminne: Svevestien på Atlanterhavsvegen er eit populært turistmål. Dette bildet vart tatt den siste julikvelden i 2017. Atlanterhavsvegen er i seg sjølv eit eventyr. Svevestien tar deg ekstra nære storhavet.

30. juli 2023

Ein historisk skiløpar fyller åtti år

Frå dag til dag: Magne Myrmo frå Rennebu vart den siste verdsmeisteren på treski. 30. juli 2023 fyller han åtti år. Les meir.

Skoddefullt og dramatisk

Bildeminne: Dette bildet er frå Kjerag, det spektakulære fjellet inne i Lysefjorden i Rogaland. Eg var på tur dit saman med son Eirik og svigerson Tom sommaren 2009. Vi vart overraska av skodde, noko som nesten gjorde opplevinga  enda meir dramatisk. Dristar du deg ut på Kjeragbolten, slik personen på bildet har gjort, har du over 900 luftige meter mellom deg og fjorden under.

21. juli 2023

Ein gigant segla forbi

Bildeminne: I løpet av sommaren passerer mange store cruiseskip forbi Bud. Dette bildet vart tatt frå Ergan 7. juni 2022, da kolossen Mein Schiff dukka opp. Skipet vart døypt i 2018, og seglar under maltesisk flagg. Cruisebåten er heile 317,5 meter lang. 

Smånytt:

Vi går tilbake til 1963. Du kan lese om ei arbeidsulykke i Bøfjorden. Rindal kunne skilte med ein turistsensasjon. I New York serverte damer sprit utkledd som englar, medan sportsinteresserte kunne glede seg til vinter-OL året etter, der avansert datateknologi ville revolusjonere alt som hadde med resultatservice å gjere. Les meir.

20. juli 2023

Kongeleg jubileum:

Ein bra fyr fyller femti

Frå dag til dag: Les meir.

Ein kveld til ære for Edvard Hoem

Bildeminne: På denne dagen i 2019 gjekk konserten «Klangen av Hoem» av stabelen som ein del av Moldejazz. Det var ein storslått festkonsert til ære for Norges beste forteljar. Henning Sommerro var en sjølvskriven gjest. Som surnadaling kan ein ikkje bli annet enn stolt over kva han presterer, og korlies denne beskjedne mannen rett og slett berre «tar» sal og scene. (Klikk på bildet for å forstørre).

19. juli 2023

Fintenkjarplassen:

Mimring over ei gammal hyttebok

Les meir.

Attgroinga vinn over kulturlandskapet

Frå dag til dag: Les meir.

14. juli 2023

No veit eg ikkje heilt kva eg skal gjere

Frå dag til dag: Eg trudde at karrieren som eigar av grøne sko var over. Men etter ein togtur frå Gardermoen til Oslo nyleg, er eg ikkje lenger så sikker. Les meir.


Når sola går ned i vest...

Bildeminne: Ja, da kan det bli reint så vakkert. Dette bildet er tatt på Tæla 24. juli 2016. Sola syng på siste verset. Ho har runda nova, og skin på glaset på nordsida av hytta. Eit vakkert syn, som ein ikkje har så mange minutta på seg til å nyte. Akkurat denne kvelden hadde eg kameraet klart.

9. juli 2023

Fintenkjing mellom to permar

Da blir det ei bok til hausten. Eit eksperiment, som eg ikkje hadde karakter nok til å la vere å prøve ut. Boka inneheld ein del av dei rundt 270 innlegga som ligg på bloggen min Fintenkjarplassen, som vart starta i 2015. Utvalet i boka er tekster av både eldre og nyare dato. Mange av stykka er henta ordrett frå bloggen, medan andre har fått ei oppfrisking. Det er også nokre tilfelle der to innlegg på nettet har vore slått saman/redigert ned til eitt i boka.
Bildemateriellet i boka er noko meir omfattande enn det innlegga er utstyrt med på bloggen.

Mediahuset på Sunndalsøra var det heilt sjølvsagte valet når det gjeld grafisk produksjon. Betre samarbeidspartnar kan ein ikkje få. 

Stabile trendar, men mykje uventa kan skje

På spissen: Kommune- og fylkestingsvalet nærmar seg. Målingane har over lang tid peika mot at dei to ordførarpartia Ap og Sp risikerer ein nedtur. Men framleis kan mykje skje. Med dette som utgangspunkt, skreiv eg ein kommentar i Aura Avis for nokre veker sidan. Les meir.

Søndag og havskodde

Bildeseriar: Ein veit aldri når havskodda slår til ute i havgapet. Denne søndagen var alt grått da vi stod opp. Men så kom sola etter kvart på offensiven, og skodda forsvann gradvis. Det vart ein liten runde med kameraet i nærområdet. Les meir.

5. juli 2023

Verdiskaping, fanfarer og sprøe netter

Fintenkjarplassen: Sommaren er tid for «dagar», turneringar, festivalar og – ikkje minst – spel. Det foregår ei kulturell verdiskaping over en låg sko. Les meir.

Eit par grøne sko

Bildeminne: Ikkje anna enn eg veit, har eg hatt berre eitt grønt skopar i løpet av dei siste 67 åra. Det er nok også, for så vidt. Dei på bildet kjøpte eg i Ålesund i all hast i 2018. Vi var på veg til Kreta. Eg mangla eit par høvelege sko, og var så snarast innom ei skoforretning kvelden før avgang. Dette var i september, og utvalet av sommarsko var svært begrensa. I ein pressa situsjon vart det desse grøne, som eg måtte betale full pris for. Eg likte dei aldri, men sleit dei ut. Og sanneleg var det ikkje dei som også skrytte av mine grøne sko. Verda er rar.

4. juli 2023

Ei videoreise langs Fossåa

Video: Fossåa gir Tæla liv og identitet. Den vesle fjellelva er ein viktig del av hyttelivet vårt. Her er nokre stemningar. Sjå videoen her.

3. juli 2023

Atlanterhavsspelet - dramatikk på ein spektakulær scene

Atlanterhavsspelet i Bud er like om hjørnet. Torsdag 6. juli er det premiere på den tredje utgåve av det spektakulære utespelet, som bygger på ei verkeleg hending. Vi blir tatt med med tilbake til 1843, og ei tragisk ulykke det året. 15 personar frå Eide drukna på veg heim frå julehandel i Kristiansund. 

Eg var til stades på ei av prøvene nyleg, og knipsa eit knippe med bilde. Håpet er sjølvsagt at du etter å ha sett igjennom bildeserien, blir freista til å kjøpe billett. Bildeserien finn du her.

2. juli 2023

Moxnes-skandalen: Politikarane lærer visst aldri

På spissen: Les meir.


Jubileum for folkekongen

Bildeminne: 2. juli 2023 er det 120 år sidan kong Olav V vart født. Vi heidrar den folkekjære kongen med eit bilde frå NATO-øvinga Teamwork 1980 i Surnadal. Ein viss kanonfotograf klarte også å snike seg med på bildet, som er tatt av Anders Todal i Tidens Krav. (Klikk på bildet for å forstørre).

29. juni 2023

Den nautiske mila fyller hundre år

Frå dag til dag: Kvifor er ei nautisk mil, som vart fastlagt ved lov 23. juni 1923, akkurat 1852 meter? Litt maritim folkeopplysning på Skrivemaskineriet Vebju i dag. Les meir. 


Det nærmar seg på Ergan

Det er mindre enn ei veke att til årets premiere på Atlanterhavsspelet i Bud. Rigging og prøver foregår for fullt. Den spektakulære utescenen på Ergan står klar og ventar. (Klikk på bildet for å forstørre).

27. juni 2023

Ho kunne gjerne ha vore meir karravora

Myrulla er ein heller beskjeden og smålåten vekst. Ho er ikkje så karravora. Men det kunne myrulla godt ha vore. Ho er retteleg så fin, ikkje minst når ho opptrer i store mengder. Mange stadar er det myrullår i år, men ikkje i dei fjelltraktene der eg fer. Dette bildet, som dukka opp som eit minne på Facebook i dag, tok eg nede i dompene på tur til Tæla sist i juni i 2016. Myrene var dekte av myrull. Men i år er det ikkje slik. Nesten tvert om, faktisk. Derfor fann eg ut at det kunne passe med litt mimring. Litt lyrikk kler også eit bilde som dette. Hans Børli sin hyllest til myrulla er utruleg vakker:

Skulle jeg, mot formodning, bli salig -
og komme i de saliges boliger,
da skal jeg si til erkeengelen:
- Jeg har sett noe som var hvitere
enn vingene dine, Gabriel!

Jeg har sett myrulla blømme
på Lomtjennmyrene
hjemme på jorda.

22. juni 2022

Sommaridyll på Sandstølen

Bildeminne: Sandstølen er eit fint og lett tilgjengeleg turmål i Hustadvika. Her får ein trim og ei flott naturoppleving på kjøpet. Bilda under er tatt onsdag 22. juni. Dei er lagt inn som ein bildeserie, som du må klikke på.

Kvar går grensa for vanlege folk?

På spissen: Sentralbanksjefen fleska til med dobbelt rentehopp denne månaden. Meir auke er i vente. Kor mykje kan familiar med ei vanleg inntekt og fleire millionar i lån tole? Les meir.

20. juni 2023

Ein kontroversiell fargeklatt

Frå dag til dag: For 60 år sidan sendte SF-politikar Finn Gustavsen sjokkbølger inn i det politiske landskapet, da SF bidrog til å felle regjeringa Gerhardsen på Kings Bay-saka. Vi tar eit tilbakeblik på denne fargerike og kontroversielle politikaren. Les meir.


Sommardag på Fintenkjarplassen 

Bildeminne: 20. juni 2015. Eg og Mette tok med oss god mat og ditto drikke til Fintenkjarplassen, og dyrka ferielivet etter alle kunstens reglar. Måtte vi få mange slike dagar i år! (Klikk på bildet for å forstørre).

14. juni 2023

Per Aarsund straks klar med nytt album

Min musikk: Den aldri kvilande visesnekkaren frå Straumsnes, Per Aarsund, har spela inn sitt sjuande album. Les meir.

13. juni 2023

Seksti år med campingliv i Bæverfjord

Frå dag til dag: Småøyan camping i Bæverfjord fyller seksti år. Vi går tilbake til starten i 1963, med to hytter og teltplass. I 2023 lever campingplassen framleis i beste velgåande, moderne og godt utstyrt. Les meir.


Det var den gong...

I Tidens Krav for 10. september 1963 kan ein lese om Arbeidarpartiet sin valkamp før kommunevalet dette året. Sitat: Møterekken avsluttes mandag med møte i Sjøheim forsamlingshus i Bæverfjord hvor kontorsjef Georg Solheim og journalist Asbjørn Jordahl vil være foredragsholdere.

Ein kontorsjef (i dag kommunedirektør) og ein journalist. Tidene forandrar seg. Er det to yrkesgrupper som i dag må halde seg strengt unna partipolitikk, er det nettopp kommunedirektørar og journalistar. Ei slik rolleblanding ville ha vore heilt utenkeleg i vår tid! 

11. juni 2023

Vidsyn frå Aksneset

Bildeminne: Frå Aksneset i Tingvoll ser ein vidt. Strengen ruver midt på bildet, og Nordviksula lengst til høgre. Lokalkjente vil nok kunne plassere mange stadnamn inn i landskapet vi her ser. Bildet vart tatt tidleg på hausten i 2012. (Klikk for å forstørre).

Smånytt: Korleis såg det ut for årsveksten på Nordmøre i juni 1923? Og Ulvund billag freista med «Billige ture til Inderdalen». Les meir.

9. juni 2023

Varslingsplass og utsiktspunkt

Frå dag til dag: Berre ein kort marsj opp frå Kvenndalen, på stien til Tæla, ligg dette ffotte utsiktspunktet. Les meir.

Gamle foto

Galleriet er utvida. Les meir.

3. juni 2023

Legendekonsert i Ålesund - og eg er ikkje der!

Min musikk: 3. juni gjestar legenda John Fogerty i Ålesund. Som erstatning for den tabben det var å ikkje bestille billett, tar eg eit tilbakeblikk på Creedence Clearwater Revival. Les meir.


Det skulle ha vore sommar no

Bildeminne: Dette sommarlege bildet vart tatt på kyststien i Bud 27. mai 2018. I år er tilstanden annleis. Kald vår gir sein sommar. Det sure veret har ført til at lauvet på trea enno ikkje har sprunge fullt ut. Og på den tredje dagen i juni er det 9 grader og regn her ute. (Klikk for å forstørre).

1. juli 2023

Taktskifte i marsjen mot ein papirlaus avisbransje

På spissen: Les meir.

31. mai 2023

Nederlandsk besøk i Molde

Onsdag 31. mai var det nederlandsk cruisebåtbesøk i Molde. Nieuwe Statendam er heile 300 meter langt, og vart sjøsett i 2017. Dei mange passasjerande prega bybildet i Molde, og var i det kalde veret eit slags vitnesbyrd om at vi trass alt er på terskelen til sommar.

Visevenn i juni

Frå dag til dag: Visesnekkaren frå Straumsnes, Per Aarsund, er månadens visevenn på Norsk viseforum. Les meir.

29. mai 2023

Kulturminne utanfor allfarveg

Frå dag til dag: På ein biltur 1. pinsedag, passerte vi Solemdal vassag. Ho ligg vest for Kortgarden på sørsida av Fannefjorden, rett imot Hjelset på andre sida. Les meir.


Kvardagskrisene har plassert klimapolitikken i bakleksa

På spissen. Les meir.

27. mai 2023

Blåstøa gjer snø til vatn

Frå dag til dag: Blåstøe er eit uttrykk som høyrer våren til. Kva betyr dette ordet? Les meir.

24. mai 2023

Fantastiske vårdagar i fjellet

Frå dag til dag: Skisesongen er over. Eg strekte den til 23. mai. Etter palme- og påskehelga har eg hatt nokre fantastiske vårskiturar på Tæla. Her er eit tilbakeblikk i ord og ein bildeserie. Les meir.

20. mai 2023

Surnadalsreklame i fargar møtte stor skepsis i 1963

Frå dag til dag: I 1971 diskuterte Stortinget om det var forsvarleg å sleppe farge-TV laust i landet. Åtte år tidlegare vekte tanken om ei fargebrosjyre for Surnadal debatt. Les meir.

18. mai 2023

Atlanterhavsspelet byr på ny oppsetting i 2023

Frå dag til dag: Atlanterhavsspelet blir sett opp for tredje gong på Ergan kystfort i Bud i tidsrommet 6. – 9. juli. Ny regissør er Eldar Skar. Les meir.

Smånytt: Vi går tilbake til 1933. Les meir.

Himmelfart på 18. mai

I 2023 er 18. mai Kristi himmelfartsdag. Denne heilagdagen blir feira 39 dagar etter første påskedag, og er til minne om at Jesus for opp til himmelen. 

I Norge er Kristi himmelfartsdag ein heilagdag etter lova, men ikkje offisiell flaggdag. I krisepakka frå Gro Harlem Brundtland si tredje regjering i desember 1992 skulle Kristi himmelfartsdag flyttast til nærmaste laurdag og opphøyre som heilagdag, men dette vart nedstemt. (Kjelde: Wikipedia).

11. mai 2023

Det problematiske ordet - og ein berømt stasjon

Frå dag til dag: Vi har vore i Ål. Les meir.


Kjøkkenrevolusjon ga historisk pizza på hytta

Bildeminne: Nokre bilde kjem opp på Facebooksida mi, og fortel at 11. mai 2019 hadde vi pizza til middag i Tælastuå. Det var heilt sikkert den første som nokon gong hadde vore laga på stølen. Miraklet vart utført av min beste halvdel, som hadde anskaffa eit nymotens remedium, Omnia. På ei avsides hytte utan straum er det dei små gledene som krydrar kvardagen og gjer livet verdt å leve. Ein historisk pizza var ei slik glede. (Klikk for å forstørre bildet).

1. mai 2023

Dei raude dagane i kalenderen: Folk flest bryr seg ikkje om innhaldet, men om veret 

Frå dag til dag: Nokre tankar rundt 1. mai, som på same måte som andre heilagdagar i vår tid først og fremst fungerer som fridagar. Les meir.

No kjem gauken

Primstaven fortel av 1. mai er gauksmesse, eller gaukdagen. Ved gauksmesse var gauken ventande, og dagen ga varsel om sommarveret. 1. mai var også ein av dei såkalla gangdagane, da kyrkjelyden og presten gjekk i prosesjon rundt den dyrka marka med helgenbilde og relikviar for å sikre ei god avling.

27. april 2028

Borch har rett i sak, men drep ein viktig debatt med storslegga

På spissen: Les meir.

Eit sikkert vårteikn

Når krykkja kjem, er det eit sikkert vårteikn i Bud. Folk som har levd i bygda ei stund, fortel at krykkjene er langt færre i talet enn før. Denne kolonien har på sedvanleg vis etablert seg hos Møre Codfish. (Klikk på bildet for å forstørre)

26. april 2023

Målprisen 2022 til samfunnsbyggaren frå Gjemnes

Frå dag til dag: Ole Eimund Øverland er tildelt til Nordmøre Mållag sin målpris for 2022. Les meir.

25. april 2023

Legenda ville ha jubilert

Frå dag til dag: NRK-legenda Herbjørn Sørebø ville ha fylt 90 år på denne dagen. Blant dei mange politiske journalistar og kommentator som har flagra forbi opp gjennom åra, står Herbjørn Sørebø som ein ruvande bauta. Les meir.


Eventyrleg månekveld

Bildeminne: På fullmånekvelden i fjor, påskeaftan 16. april, var det så lyst på Tæla at det let seg gjere å fange stemninga med mobiltelefonen. Bildet er tatt ein dryg halvtime før midnatt. Det er ikkje så lett å gå og legge seg når fjellet held lysfest på denne måten. (Klikk på bildet for å forstørre).

21. april 2023

Unge eidsbygger samla til 20-årsjubileum

Frå dag til dag: Eit lite tilbakeblikk på yngresforeninga på Eidet, som var i drift i 36 år. I april 1981 feira laget 20-årsjubileum. Les meir.

Styggversdag på hytta

Bildeminne: «Trøsteslaust utandørs. Framsteg på hushaldningsfronten inne», er teksta til dette Facebook-minnet frå 21. april 2019. Som tekst og bilde fortel, hadde vi innedag på hytta.

Sidan palmehelga i år har eg hatt ti døgn på Tæla. I løpet av desse dagane såg eg vel knapt ei sky på himmelen. Det var heilt utruleg. Men veret kan svinge i fjellet. Derfor er det også viktig å lære seg til å få noko triveleg ut av dei dårlege verdagane når ein er på hytta. Det er eg og Mette veldig gode på. 

16. april 2023

VG klikkar fotballen av børs

På spissen: Varslar meir fokus på dei store laga. Les meir.

14. april 2023

«Og tror du det var ensomt å ferdes slik alene der skog og tundra sprer seg krevende og vill. Da feiler du min kjære, for det er blant mennesker at ensomhet blir til»

Fintenkjarplassen: Les meir.


Ysteriet produserte heimebrent

Smånytt: Heimebrent var eit tema som gjekk att i avisspaltene i gamle dagar. Her finn du eit lite knippe med HB-nyheiter frå 1938. Du kan m.a. lese om ein kreativ ysteriformann i Vågå. Les meir.

Primstaven lovar sommar

14. april er sommardagen. Det mest vanlege merket på primstaven er eit tre med lauv.

Som det ofte er med slike gamle merkedagar, ber også sommardagen fleire namn. På Helgeland er dagen kalla lundkommardag. Dette fordi lundefuglen kjem tilbake til øya Lovund kvart år på denne datoen.

I mange bygder var sommardagen såkalla halvhelg, medan det i Valdres og på Vestlandet var arbeidsforbod på denne dagen. Sommardagen var flyttedag om våren. Utanom 14. april og vinterdagen 14. oktober, hadde tenestefolk som regel ikkje lov til å flytte eller skaffe seg nytt arbeid.

Mange verteikn er knytta til sommardagen. Her finst det flust av lokale variantar. Eit varsel som går att over heile landet, er at frost og snø på sommardagen ville gi ein kald vår, medan ein varm 14. april bar bod om ein god sommar. 

12. april 2023

Ei makalaus påske

Bildeseriar: Påska 2023 er historie. Vergudane velsigna oss med strålande ver frå palmehelga til og med 1. påskedag. Det vart verkeleg ei høgtid for minneboka. Eg har samla ein del av bilda eg tok på Tæla i ein bildeserie, som du finn her.

Ein milepæl på kyststien

Eg og Mette tok lunsjen nede på kyststien i dag. No trur eg vi kan slå fast at våren er i anmarsj, sjølv om isen enno ikkje heilt har takka for seg på tjønnene. Ei fin lita utflukt, og ein milepæl for Mette. Tur på kyststien 12. april betyr at ho ligg heilt likt med framdrifta etter kneoperasjonen for to år sidan. Eller, ikkje heilt likt, vil eg legge til. Ho er lettare på foten og går fortare no enn på same stadium for to år sidan. (Klikk på bilda for å sjå dei i fullt format).

5. april 2023

Test kunnskapane dine og prøv Skrivemaskineriet Vebju sin påskequiz

Frå dag til dag: Les meir.

4. april 2023

Fantastisk start på påska - og no har randoneefolket oppdaga Fossafjellet

Frå dag til dag: Ein rapport frå påskefjellet i ord og mange bilde. Les meir.

Påskeminne

På treski i svart-kvitt

Dette bildet er frå andre halvdel av 60-talet, mest truleg 1967. Eg og broder Ole Magne er på påsketur til Tæla saman med faren vår. Det var andre tider, både når det gjeld ski- og kamerutatyr. (Klikk for å forstørre).

Fintenkjarplassen: Ny påske på Tæla, og eit stort mål er nådd. Les meir.


29. mars 2023

Stangvik Historielag og Todalen Historielag inviterer til busstur

Frå dag til dag: Les meir.

26. mars 2023

Tider som aldri kjem att: Langrennseliten samla 5.000 tilskuarar i Surnadal

Frå dag til dag: Les meir.

20. mars 2023

Ein smak av påskestemning

Vårjamdøgn er passert. Mars er på hell, og påskehelga nærmar seg. Vi hentar fram litt påskestemning frå 2005, da skjærtorsdag kom så tidleg som 24. mars. Som bilda viser, var veret strålande på Tæla. Høgdebildet er tatt litt før klokka halv ti onsdagskvelden i den stille veka, medan det andre er knipsa i kveldinga påskelaurdag. (Klikk på bilda for å sjå dei i fullt format)

«Dei fleste slår på trommer. Nokre få spelar på dei»

Min musikk: Ein hyllest til trommeslagaren Jon Christensen (20. mars 1943 - 18. februar 2020). Les meir.

Smånytt: Nokre notisar frå gamle Stangvik kommune, m.a. om ei kvinne som drukna og ein dansk prest som kom til bygda. Les meir.

19. mars 2023

Nyvinning i Todalen

Frå dag til dag: I 1972 stod det første fellesfjøset på Nordmøre ferdig i Todalen.  Les meir.

Fintenkjarplassen: Livet er for kort til å drive hagearbeid. Les meir.

17. mars 2023

Frisk marsdag på Atlanterhavsvegen

Frå dag til dag: Vi var berre tre på Svevestien akkurat da eg tok runden for nokre dagar sidan. Dei andre var to karar frå Tyskland. Les meir.

16. mars 2023

Formiddagstrim i påskever

Etter meir enn ei veke med snømåking som einaste trim, var det godt å endeleg kome seg ut på ein skikkeleg gåtur igjen. Det vart fem kilometer i det reinaste påskeveret. Slepper vinteren taket no, vil våren kome fort her ute. Vegane er alt berre, og mjellsnøen gir fort tapt mot vårsola. Under ligg tre bilde frå dagens ekspedisjon. Klikk for å sjå dei i fullt format.

Fintenkjarplassen

Mars er seg sjølv lik. Eit av dei sikraste vårteikna er at folk tek våren på forskot, og let seg lure av vergudane. Les meir.

14. mars 2023

Folkefesten som forsvann

Frå dag til dag: I 2023 må vi dessverre konstatere at holmenkollhelga framstår som ei falma storheit. Les meir.

Smånytt:

Nokre surnadalsnotisar frå 1943. Les om dramatisk vedarbeid på Harang, om ein storm som gjorde stor skade og ein kobbe som tok seg ein tur gjennom dalen etter landevegen. Les meir.

11. mars 2023

Store dagar i Vikersund

På denne dagen i fjor, fredag 11. mars 2022, stod eg i Vikersundbakken saman med broder Ole Magne. Endeleg kom vi oss til eit renn i bakken, som vi første gong besøkte under ein ferietur i 1967. Men no var det altså konkurranse. Og ikkje nok med det, det skulle kjempast om VM-tittelen. Det vart to uforgløymeleg dagar. Marius Lindvik var i kalasform, og vart verdsmeister. Turen heim gjekk lett. Ein anna rapport frå VM-ferda kan du lese her. (Klikk på bildet for å forstørre).

Førti år sidan giftmordaren vart dømt

Frå dag til dag: 11. mars 1983 vart Arnfinn Nesset dømt for å ha tatt livet av 22 pasientar ved ein sjukeheim i Orkdal. Les meir.

10. mars 2023

Eit verhardt liv

Snøelingane i Bud vil ingen ende ta. I dag snakka eg med ein godt vaksen buaværing, som har budd her i heile sitt liv. Han har aldri før sett så mykje snø her ute, kunne han fortelje Vi måkar og dregst. I dag kraup eg til korset og leigde maskinell hjelp.

Denne benken står nede i småbåthamna. Han har hatt ei einsleg og verhard veke. Ingen set seg ned her i dette veret. Ifølge yr.no må vi belage seg på meir av same sorten, både benken og eg.

Opplagsfest for avisene på Sunndalsøra

Frå dag til dag: Det gleder eit nyrenovert redaktørhjarte å sjå at begge avisene på Sunndalsøra fekk ein solid opplagsvekst i fjor. Les meir.

8. mars 2023

Kor mange kommentatorar trengst det for å avvikle ei sportssending?

På spissen: NRK stilte mannsterke under ski-VM. For mannsterke, meiner eg. Det er ikkje sikkert at kvaliteten på sendingane aukar i takt med antal ord og ekspertar. Les meir.

Fintenkjarplassen:

På kvinnedagen: Ein hyllest til dei anonyme heltane. Dette blogginnlegget vart første gong publisert på kvinnedagen i 2022. Les meir.

7. mars 2023

«Det må vera ei naturleg løysing at dei som ikkje har anna landverts samband med fastlandet og som arbeider for tunellar under Freifjorden får flyplassen på Kvernberget»

Frå dag til dag: Kleivakongen strekte ut handa til nordmørsbyen i eit lesarinnlegg i 1963. Les meir.

6. mars 2023

Inga bøn, det vart snømåking

Frå dag til dag: Her i Robinsonmarka kom årets første økt med snømåking 6. mars. Med eitt vart grøne plener kvite. Liltt filosofering rundt snømånaden mars. Les meir.

Smånytt:
Ymse frå 1925 og 1926. Litt kulturstoff, ei merkverdig fiskehistorie og ein apoteker som gjekk ut av tida. Les meir.

Bildeseriar:
Vinterleg start på mars. Les meir.

1. mars 2023

Det skulle eigentleg ikkje gå an. Stort vakrare kan ikkje idretten bli

Frå dag til dag: Maren Lundby tok sølv i storbakken i Planica. Vi snakkar om ein historisk idrettsprestasjon. Les meir.

27. februar 2023

Dobbelt verdsmeister i skodda

Frå dag til dag: Søndag 27. februar 1966 sit spikra i minnet. Bjørn Wirkola tok sitt andre VM-gull i skoddehavet i Holmenkollen. Les meir.

25. februar 2022

Eit skøyteminne midt oppe i alle skiidretten

Frå dag til dag: 55 år har gått sidan Fred Anton Maier vart verdsmeister på skøyter. Les meir.

22. februar 2023

Ruvande kulturminne

Eit bilde til frå Røros, i dag med dei karakteristiske slagghaugane i fokus. Desse ruvande haugane består av smelta gråberg, som er eit avfallsprodukt etter utsmeltinga av metall. Slagghaugane har vorte til gjennom meir enn 300 års gruveverksemd. I tidlegare tider vart masse frå slagghaugane bruka til ymse formål. Dei kunne derfor ha vore enda større enn det vi ser i dag. No er det som er att verna, og ein stor turistattraksjon.

På historisk hoppgrunn

Frå dag til dag: Her, i Granåsen på Hølonda, la Toralf Engan grunnlaget for sin store karriere. Les meir.

Eventyrleg oppussing (6): No er jobben gjort

Fintenkjarplassen: Fire veker på Røros er straks unnagjort. Kroppen er i betre forfatning enn på mange, mange år. Les meir.

Smånytt:

For å seie det enkelt: Det skjedde litt av kvart før i tida også. Les meir.

Som å reise fleire hundre år tilbake i tid

Bildeseriar: Bli med  på ei vandring i sentrum av Røros. Les meir.

15. februar 2023

Nesten heime - men ikkje riktig enno

Eit Facebook-minne dukkar opp. Dette bildet er tatt på kyststien i Bud i 2015. Eg og Mette budde i Elnesvågen på denne tida. Her har vi tatt oss ein tur til Bud for å trimme. Lite visste vi da at denne staden tre år seinare skulle bli hundre meter heimefrå. No har vi vore buaværingar sidan februar 2018, og tykkjer at vi bur på den finaste plassen som finst.

Slik er dette livet. Det går opp og ned, i svingar og rett fram. Framtida er eit spennande fenomen. 

Smånytt:

Vi går tilbake til 1923 og 1933, og finn nokre essensielle nyheitsmeldingar der heimebrent er hoveudingrediensen. Les meir.

13. februar 2023

Vann VM på skøyter - men hadde ikkje beste poengsum

Frå dag til dag: Skøyteløparen Rolf Falk-Larssen vart ikkje populær hos Bislett-publikummet, da han etter å ha vunne dei tre første løpa under VM i 1983, berre lunta gjennom 10.000 meteren. Tre distanseseirar ga den gongen automatisk førsteplass i samandraget. Beste poengsum i meisterskapet fekk svensken Tomas Gustafson. Les meir.

9. februar 2023

Eit vårminne frå 2004

Sidan det no så tydeleg går mot lysare tider, kan det passe å hente fram eit vårbilde frå heimtraktene. Bildet er tatt frå Haukarstokken 8. mai 2004. Eg er på tur til Tæla.

Vi ser vakre grender, der våronna er i gang. Bildet viser også noko anna. I løpet av dei 19 åra som har gått, har det skjedd ei kraftig attgroing. Sakte, men sikkert blir landskapet invadert av skog og kratt. Ein legg ikkje så godt merke til det frå år til år. Men over tid er endringane store. Dessverre.

Smånytt:

Strid om kyrkjemålet i Surnadal og litt om bjørnebestanden i 1925. Les meir.

6. februar 2023

Ei kald lekse

Frå dag til dag: Kanskje måtte det ei rehabilitering på Røros til, før eg forstod at vinteren må takast på alvor. Også i klesvegen. Les meir.

4. februar 2023

Triveleg møte med storbyen

Mobiltelefonen min minte meg på om at eg og Mette har vore i Lisboa. Turen skjedde i mai 2016. Vi fekk eit reisegåvekort i bryllaupsgåve, og omsette det til ein langweekend i Portugal sin hovudstad. Ingen av oss hadde vore i Lisboa før. Vi angra ikkje på valet av reisemål. Tvert om. Turen vart ei fantastisk oppleving.

Før vi reiste, la vi ein plan for kva vi skulle oppleve. Det viste seg å vere ein lur strategi. Vi slapp å bruke tid på å finne ut kva vi skulle gjere frå dag til dag, og vann over mykje. Høgdepunktet? Blant mange inntrykk må det bli gamlebyen Alfama.

Eventyrleg oppussing (4): Ei høyløe, snart halvvegs og ymse anna

Fintenkjarplassen: Les meir.

2. februar 2023

«I dag blei e rørt til tåra av lederen din i avisa! Den var fin og sann!»

Frå dag til dag: Les meir.

31. januar 2023

Ein draum om varmare strøk

Til hausten blir det fire år sidan vi sist var på Kreta. Koronaen og andre utfordringar ville at det skulle bli slik. Men i år skal vi tilbake. Ja, slik er det berre nødt til å bli.

Bildet er tatt i 2014, da eg og Mette reiste til Kreta saman for første gong. Her er vi på biltur, som er ein fast del av programmet på turane våre. Denne dagen køyrde vi tvers over øya, heilt vest på Kreta. Her var vi m.a. innom idylliske Elafonissi. Det er triveleg å køyre rundt på Kreta. Denne største av dei greske øyane har så mykje meir å by på enn travle turiststrender.

Han kombinerte scenekunst og toppidrett

Frå dag til dag: Profesjonell skuespelar, toppidrettsmann og kulturformidlar. Eit 70 år gammalt avisportrett av Alf Ramsøy inspirerte til ein omtale her på Skrivemaskineriet Vebju. Les meir.

30. januar 2023

Da væt e vesst at bekkjinn legg å venta

Medan snøen lavar ned her på Røros, kan det vere godt å drøyme om tider som skal kome. Dette bildet er tatt på Tæla 13. juni 2020. Den vårkåte Fossåa har det travelt med å frakte den siste snøen ned til fjorden. Det er noko spesielt med brytningstida mellom vår og sommar i fjellet. Nytt liv av daude gror. Ein sommar er i emning. Forventning.

Mannen med songen Stress er borte

Frå dag til dag: 60-talsstjerna Odd Børre har slokna. Les meir.

28. januar 2023

Nær 100.000 kroner i omsetning på Eidet

Frå dag til dag: Surnadal Samvirkelag hadde eit godt år i 1947, går det fram av eit Tidens Krav-intervju med disponent Ole Enge. Den nye butikken på Eidet nådde nesten hundre tusen kroner i omsetning. Les meir.

Smånytt:

Ei skummel elv, ei like skummel utforkøyring og ei kyrkje som kollapsa. Les meir.

Norges femte største kyrkjebygg 

Ja, visste du det? Berre fire kyrkjer i Norge er større enn Bergstadens Ziir frå 1784. Den har heile 1.600 sitteplassar. Eg har vore der på konsert ein gong. Ja, dronning Sonja var forresten på same konserten. Berre for å ha nemnt det.

Kyrkja er eit markant landemerke i det flate Røros-landskapet. Nesten uansett kor du oppheld deg i byområdet, ser du tårnet som stikk opp. Over inngangsdøra til kyrkja står det: «Til Guds Ære og Bergstadens Ziir». Ziir betyr pryd.

Og ein pryd for byen er verkeleg dette byggverket, som var den første steinkyrkja bygd etter reformasjonen i Trøndelag. Det er nesten utruleg at dei kunne reise ei kyrkje som dette for snart 240 år sidan, her inne på fjellet. Men det klarte dei altså. Den største kyrkjeklokka er støypt i Amsterdam i 1730, og veg 900 kg!

Fintenkjarplassen:

Eventyrleg oppussing (1): Inn i treningsrommet

Les meir.

23. januar 2023

50 år har gått: Eit halvt år langt vulkanutbrot

Femti år har gått sidan enorme naturkrefter var i sving på Heimaey, sør for sørkysten av Island. 23. januar kom eit vulkanutbrot, som skulle vare i heile 155 døgn. Heilt i starten frykta geologiske ekspertar at heile øya skulle eksplodere og forsvinne i havet. Eldfjellutbrotet førte til at så å seie samtlege av dei 5.300 innbyggarane på øya vart evakuerte. 417 hus vart øydelagde. I mars 1975 hadde om lag 80 prosent av bebuarane flytta tilbake til Heimaey. Utbrotet danna eit 223 meter høgt fjell på ei eng. Katastrofen skapte store avisoverskrifter over heile verda.

Klar for eventyrleg oppussing i fire veker

Frå dag til dag: Les meir.

22. januar 2023

Prolog til Nordmørskvelden i Surnadal

Frå dag til dag: Under Smånytt vart det nyleg lagt ut stoff frå ein Nordmørskveld i Surnadal i 1933. Kvelden vart overført på radio. Ein del av programmet var prologen til Peder Hals, som vart gjengitt i Tidens Krav 17. januar 1933. Vi legg den ut her på Skrivemaskineriet Vebju også. Les meir. 

21. januar 2023

Ei mimrestund ved Austerholten

Frå dag til dag: Les meir.

Nordmøre Spelemannslag sitt bygdestemne i Surnadal vart sendt på radio

Smånytt: Ei storhending i kulturlivet på Nordmøre i 1933. Les Tidens Krav si dekning, i alt tre notisar. Les meir.

18. januar 2023

Gnistrande vinterver

Tysdag denne veka var ein retteleg fin vinterdag her i ytre. Det vart til at eg tok meg ein runde med fotoapparatet. Resultatet av ekspedisjonen kan du sjå under bildeseriar her.

Storflaum i Rindal - ordføraren trossa naturkreftene

Frå dag til dag: Ei historie om ein storflaum, og ein ordførar som ikkje var som andre politikarar. Les meir. 

17. januar 2023

Blankis og atter blankis

Særleg vinterleg er det ikkje i Bud for tida. Men blankis i lange baner har vi. Slik har det vore lenge no. Bildet viser oppkjørselen vår. Der er det verdsrekordforhold.

Under ein liten trimtur sist laurdag mista eg eit lite sekund kontakten med Moder Jord. På mirakuløst vis landa eg på fortauet med beina først etter C-momentet. Eg fekk meg ein skikkeleg støkk. I ettertid har eg halde meg til bilen.

Hugsar du dette kunstverket ved Øye skule?

Frå dag til dag: Les meir.

16. januar 2023

Ute på luftetur

Ein treffer både kjente og ukjente når ein tek seg ein spasertur. Desse tre trimmarane møtte eg for nokre dagar sidan. Dei kom svømmande inn i hamna, og såg ut til å ha det aldeles fortreffeleg. Eg helsa pent, og gjekk vidare. Og jammen fekk eg ikkje nokre forsiktige knurr tilbake. (Klikk på bildet for å forstørre).

Femåring  frå Bøfjorden vann bil

Frå dag til: I Finnemisjonens landslotteri i 1956 var 2. premien ein Moskwitch. Les meir.

Dei levde hardt og fort

Min musikk: Eit rundt 50 år gammalt bilde av Uriah Heep utløyste litt filosofering rundt både gruppa og alle dei andre gamle rockeheltane som no forlet oss, ein etter ein. Les meir.

14. januar 2023

Eit snev av vinter

Bildeseriar: Les meir.

Smånytt

Nordmørsrenn i Surnadal for 95 år sidan - og litt anna. Les meir.

13. januar 2023

Tjuandedag og fredag den 13.

I år fekk vi tjuandedag jul og fredag den 13. på same dag. Fredag den 13. er ifølge tradisjonen ein ulykkesdag. I gamle dagar var det ikkje uvanleg at folk tok sine forholdsreglar på denne dagen. No for tida vil eg tru at det gjeld dei færraste, om dei i det heile finst. Når tjuandedagen no er her, er jula definitivt over for i år. Dagen er også kjend som knutsdag eller tjuandedag-Knut, etter helgenen Knut, som i munnhell «jaga», «feia», «dansa» eller «ringa» jula ut.

«Å være i kommunestyret betrakter jeg som en frikveld»

Frå dag til dag: Tidene har forandra seg, også i lokalpolitikken. Les meir.

Sjølvmelding for 2022: Utfordringar, oppturar og ei ustabil verd

Fintenkjarplassen: Les meir.

11. januar 2022

Femti år sidan lydsjokket på Tingvoll

Min musikk: Gruppa Aunt Mary sprengte 100-decibelgrensa da dei spelte på Tingvoll og Sunndalsøra i januar 1973. Eg var til stades på tingvollkonserten. Det var musikk og øyresus i salig blanding. Les meir.

Tjue tilsette mista jobben da Surna Emballasjefabrikk vart nedlagt

Frå dag til dag: 1973 var det slutt for Surna Emballasjefabrikk, etter nesten 70 års drift. Nedlegginga kom brått på kommunen og arbeidsformidlinga. Les meir.

Sjølvmelding for 2022: Utfordringar, oppturar og ei ustabil verd

Fintenkjarplassen: Les meir.

9. januar 2023

Fargespel ein måndag morgon

På tur til tannlegen i dag tidleg køyrde eg oppom Ergan for å få med meg det flotte lyset som måndagen møtte oss med. Snøen er stort sett borte i Bud no. Men også ein snøfri januarmorgon kan vere vakker.

Sjukehuset på Hjelset reiser seg

Frå dag til dag: Det går mot nye tider på Hjelset, der eg har budd i fjorten. Det nye sjukehuset tek form, og skal vere klart til opning våren 2025. Les meir.

Nyt låt frå Per Aarsund

Frå dag til dag: Visesnekkaren frå Straumsnes, Per Aarsund, ligg ikkje på latsida. No er han ute med ein ny låt, Sov kjære sov, som du kan finne på Youtube. Les meir.

6. januar 2023

Ein gammal festdag

I dag er det heilagtrekongars dag, eller trettande dag jul. Dagen er ein gammal kyrkjeleg festdag, som vart feira til minne om Jesu dåp og dei tre vise menn. Fram til festdagsreduksjonen i 1771 var trettandedagen offentleg heilagdag i Norge. Etter at dagen opphøyrde som heilagdag, vart den mange stader vidareført som «prikkedag», ein slags halvheilag dag da tenestefolket skulle ha fri og gjere minst mogleg. På primstaven er dagen merka med tre kroner eller eit kors.

Magien er borte

Frå dag til dag: I helga er det EM på skøyter. Meisterskapet går i skuggen av dei andre vinteridrettane. Magien med skøytemeisterskapa er borte. Les meir.

4. januar 2023

Ein stille campingplass

Låg motsol, bak eit slør av skyer på Fleskvikhaugen denne fine januardagen. Under meg ligg Bud camping. Der er det stille dagar no. Men sola har snudd, og etter kvart blir det vår. Den yrande aktiviteten, med campinggjestar frå fjern og nær, er ikkje langt unna. (Klikk på bildet for å forstørre).

Hoppuka: «Kva som skjer i stua om Halvor Egner Granerud går til topps fredag, tør eg ikkje tenke på»

Frå dag til dag: Les meir.

2. januar 2023

Kva vart mest lest i 2022?

Frå dag til dag: Skrivemaskineriet Vebju og Fintenkjarplassen har lagt nok eit år bak seg. Her er ei lita betraktning rundt mi digitale verd, der du også får vite kva artiklar som vart mest lest i fjor. Les meir.

Den andre dagen  i 2023

Bildeseriar: Les meir.

30. desember 2022

Sjakkpedagogen som hoppa i Holmenkollen

Frå dag til dag: Eg lærte å spele sjakk i konfirmasjonsalderen. Læremeisteren var Jon Polden, som i si tid var ein av Norges beste skiløparar. Les meir.

Romjulskvelden senkar seg over Bryggjen i Bud

Det vart ein rundtur med bilen i nærområdet denne 6. juledagen. Da eg passerte Bryggjen, fall eg for denne kveldsstemninga.

Ei 98 år gammal dyrehistorie: «Den sinte bekre fra Surnadal»

Frå dag til dag: Les meir.

29. desember 2022

Ei påminning om vår

På ein dag med labert ver og blankis overalt, kan det vere greit å drøyme litt om vår og lysare tider. Dette bildet vart tatt på Tæla 20. mai 2018. Vi hadde vore ute på ein rusletur nede ved Fossåa, og Mette plukka med seg ein bukett kvitveis på veg tilbake til hytta. Eit triveleg minne, som lyser opp i desembermørket.

«Det er ikkje uprinsipielt å støtte dei verdiane som monarkiet står for. Tvert om»

Nyttårskvelden skal kongen tale til oss. Eg er like lite republikanar ved utgangen av 2022, som eg var for eitt år sidan. Frå dag til dag: Les meir. 

27. desember 2022

Draumen om romjula

Kuling i kombinasjon med snø- og regnbyger pregar 3. juledag i Bud. Trimturen vart avlyst. På TV'en rullar sendingane frå VM i hurtig- og lynsjakk. Nivået til desse spelarane ligg lysår unna mine sjakkferdigheiter. Men underhaldande er det likevel. Sjakk på TV har vorte ein fin romjulstradisjon.

Romjula er ei triveleg tid. Du finn ei lita romjulsbetraktning ved å klikke her.

Ein lysfest for håp og fred

Fintenkjarplassen: Jul kan vere alt frå å feire at sola snur, til å ta innover seg at vi små menneska er ein del av noko som er så mykje større enn oss sjølve. Les meir.

22. desember 2022

Snart må du på antikvariat for å sjå eit julekort

Frå dag til dag: I 2017 sendte vi ti millionar julekort her i landet. I år reknar Posten med at talet blir 3,3 millionar. Det tradisjonelle julekortet syng på siste verset, og hamnar snart på antikvariat. I botnen av artikkelen finn du ein stor bildeserie med gamle, stemningsfulle julekort. Les meir.

Smølabonde trua med å forgifte heile Oslo om han ikkje fekk att momsen

Frå dag til dag: Det oppstod ein både dramatisk og utruleg situasjon da ein bonde frå Smøla like før jul i 1972 helte store mengder med gift i Maridalsvatnet i Oslo. Handlinga var ein hevn for at statsministeren avviste kravet hans om å få tilbakebetalt 540.000 kroner i moms. Les meir.

21. desember 2022

Mot lysare tider

21. desember er vintersolverv. Sola skin på nausta i båthamna på Tornes. Vintersolverv er årets mørkaste dag. Men no snur sola, som vi seier. I morgon vil nausta kunne nyte sola sine strålar eit minutt lenger.

Global oppvarming enda farlegare enn suverene nordmenn

På spissen: IOC-sjefen fryktar at klimaendringane skal ta knekken på dei internasjonale vinteridrettsmeisterskapa. Les meir.

Gamle foto: Eit knippe gamle julekort er lagt til. Les meir.

20. desember 2022

Vinteren sett på pause

Vi har hatt mange fine dagar med snø, kuldegrader og knirk under skoa i Bud. Men no ser vinteren ut til å vere over for denne gongen. Da kan det passe godt med eit vinterleg minne frå Brenslevågen. Bildet tok eg i kveldinga ein dag før helga. Juletrea lyser opp, og oppe på Knausen tronar den gamle fyrlykta, som før i tida freista eit verhardt liv på Nøre Odden utan for Bud.

Stafett-Martin fyller 80 år

Frå dag til dag: Ingen gjekk førsteetappar som han. Les meir.

Drukna i brønnen på dramatisk vis julaftan

Smånytt: Les meir.

18. desember 2022

På Kjeksa går du under radaren

På rasteplassen Kjeksa like nord for Bud kan du nyte ei fantastisk utsikt mot Hustadvika. Bak rasteplassen, oppe på ei høgde, ligg denne radaren frå krigens dagar. Med andre ord, på Kjeksa går du under radaren når du ser utover havet.

Vann OL-gull utan å vite om det

Frå dag til dag: Les meir.

Polerte møblar og drakk seg i hel

Smånytt: Nytt påfyll av unyttig nytt. Les meir.

16. desember 2022

Moraldebatt anno 1922: «I Mo sogn har dansen alltid vært den eneste ungdomsfornøielse»

Frå dag til dag: Les meir.

Kirken den er et gammelt hus, står om enn tårnene falle

Bud kyrkje er frå 1717. Midt i bygda ligg ho og passar på buaværingane. Denne kyrkja er eit eksempel på at tårn kan falle. 4. november 1943 vart kuppelen demontert og flytta til ein låve, da den kom i eldlinja for kanonane på Ergan kystfort. I 1947 var kuppelen atter på plass.

13. desember 2022

Meir enn fotball

Vi kostar på oss eit fotominne frå det store utland i desemberkulda. Desse samankopla bilda viser Liverpool Cathedral, som vi besøkte i desember for fem år sidan. Katedralen er den største i Storbritannia og den femte største i Europa. Det visste du kanskje ikkje? Liverpool er meir enn fotball. (Klikk for å forstørre).

Ei dramatisk hjortehistorie frå Østbødalen

Frå dag til dag: For seksti år sidan kjempa hjorten i Østbødalstraktene for å overleve i dei enorme snømengdene.  Les meir.

12. desember 2022

Midt i advent

Da eg gikk ut på arbeidsrommet mitt for å skru på varmeomnen i dag tidleg, vart eg møtt med denne nydelege utsikta. Eg tok bildet gjennom glaset, og fekk foreviga ein gnistrande morgon med klår himmel og nokre få iskalde minusgrader. Det er midt i advent. Om tolv dagar er jula her. I Robinsonmarka 26 har Mette det meste under kontroll. (Klikk for å forstørre).

Kongen av norske julehefte

Anders Moe-Rognhaug (1906-1994) er kongen av norske julehefte. Ingen har bidratt meir enn han opp gjennom åra. Han fortener ein liten hyllest. Les meir.

11. desember 2022

«Når sommar'n kjem da bli det fint e fjellå
Da ska e dit å hør kår bekkjinn søng»

Det er mørketid. Verselinene frå diktet Vårsøg, og dette motivet frå Tæla, minner oss om at sommaren står og ventar på den andre sida av vinteren. Bildet er tatt 30. juni 2021.

Blikk på julehefta før og no: Det har vorte så mange at ein må tjuvstarte

Frå dag til dag: Les meir.

10. desember 2022

Gnistrande desemberdagar

Her er eit bildeglimt frå dagens trimtur i nærområdet. Vi har vakker vinter i Bud, med sol frå skyfri himmel, litt snø og nokre få kuldegrader. Så skal det leggast til at desse få gradene kjennest utruleg kalde ut. Men eg fekk lufta kropp og sjel, før kraftprøvane som ventar framfor TV-skjermen utover ettermiddagen og kvelden. Eg heier som vanleg på Portugal.

Juleminne å ta vare på

Fintenkjarplassen: Eit blogginnlegg om sparkturar til Hyldbakken, bilturar gjennom eventyrlege vinterlandskap og andre minne knytta til jul og advent. Les meir.

7. desember 2022

Smånervøse forfattarar møtte lesarane for første gong

Frå dag til dag: 12 år har gått sidan lanseringa av Kvenndalsboka. 70 interesserte møtte opp til bokkveld. Les meir.