Klar for eventyrleg oppussing

23.01.2023

Medan regnet silar ned her i Bud, pakkar eg koffertane og gjer meg klar til ei eventyrleg oppussing. Det ber til Røros for opptrening i fire veker.

Sidan operasjonen i slutten av august har kroppen allereie gjennomgått ei mirakuløs forvandling. Men det er visst meir å gå på. Doktoren i Molde meinte eg ville ha utbytte av opphaldet. Så da reiser eg sjølvsagt. Etter kvart har eg snakka med nokså mange som har prøvd dette. Det er ikkje måte på lovord.

Vi i Norge er privilegerte, som kan nyte godt av tilbod som dette. Fire veker med full pensjon og oppfølging av ekspertise kostar pengar. Det offentlege ber nesten heile kostnaden. For oss som skal rehabiliterast, er det kun snakk om ein liten eigenandel. Sjølv om tida vi lever i er utfordrande, opphøyrer ikkje velferden. Betal skatten din med glede, seier eg berre.

Snart har det gått eit år sidan det vart bestemt at eg skulle opererast. De siste året har vore spesielt. På den eine sida krevjande, på den andre ein stor opptur. Sist søndag fekk eg sendt eit fint bilde av Tæla frå min gode ven Bjarne. Han var på hytta. I månadsskiftet februar/mars er også eg klar for å starte Tæla-sesongen. Det er verkeleg noko å sjå fram til. Ein stor motivasjon!

Skrivemaskineriet Vebju har ikkje tenkt å ta pause, sjølv om skribenten får litt annleis dagar i nokre veker. Det vil dukke opp stoff. Det same gjeld Fintenkjarplassen. Her kjem det med ujamne mellomrom framover epistlar under vignetten Eventyrleg oppussing.

The show must go on!