Lyset i Lisjesundet

Det er noko heilt spesielt med det alltid skiftande lyset ute ved havet. Kanskje ser ein landkrabbe som eg det betre enn den som er innfødt. På mine mange turar med kameraet har Vikja, med utsikt mot Lisjesundet, vorte ein favorittplass. Her lever naturen og naturkreftene på sitt storståtte vis.

Eg fekk ideen om å lage ein bildeserie, der eg regelmessig legg ut bilde frå denne plassen. Det er fascinerande å tenke på at ingen av desse bilda kjem til å bli heilt like. Følg med!