
Gamle foto
Gamle foto er ein viktig del av forteljinga om tider som var. Den som følgjer med på nettet, vil fort oppdage at interessa for slike bilde er større enn nokon gong. Det er positivt. Denne sida er tenkt å skulle bli ei samling av gamle foto - til glede, diskusjon og lærdom. Det finst ei mengde andre liknande sider på nettet, men ei til bør det vel vere plass til. Skulle nokon ønskje å kommentere eller sende inn bidrag til dette høgst ikkje-kommersielle og hobbyprega tiltaket, så vil det vere triveleg. E-postadressa er lsansnes@gmail.com. Klikk på bilda for å sjå dei i fullt format med tekst under.

Søstrene Mette (t.v.) og Lisbet Kleppen, no Ansnes og Sandøy, i unge år. Fotoeigar: Lillian Kleppen.

Hesjing på Peøra i Bøfjorden. Karane må vere Henry (t.v.) og Johan Ansnes. Garden Moen i bakgrunnen.

Søndagstur, truleg 1968. Cortinaen er i så fall så godt som flunkande ny. Bildet er tatt på Sjøflot.

Tømmerdrift i Utigard Kvennbø etterjulsvinteren 1975. Magnar S. Holten hogg og kjørte fram tømmeret.