Vårt hytteparadis

Påskedraumen vart oppfylt

Det var alltid noko magisk over påsketurane til Tæla i barndommen. Vi visste ikkje om nokon finare plass. I 1993 kunne vi for første gong feire påske i Tælastuå. Ein gammal draum vart til realitet. Sidan har påske på Tæla vorte ein fast tradisjon. Denne bildeserien, som gradvis kjem til å legge på seg fram mot påska 2022, vil vise glimt frå Tæla-påskene frå 1993 og fram til i dag.

Hytteliv i 30 år

I 2022 er det 30 år sidan vi tok over hytta på Tæla. Tælastuå bar preg av forfall. Vi måtte derfor straks ta fatt på restaureringa. Det mest akutte var å få lagt på nytt tak.

I august 1992 gjekk den første helikoptertransporten med utstyr og materialar. Siste helga i same månad var det taktekkardugnad. Eks-svoger Steinar, Gudrun og Gunnar stilte opp, og var til uvurderleg hjelp.

Bildeserien nedanfor viser glimt frå den første tida på Tæla. Det ligg mange bører og mykje arbeid mellom den hytta vi ser på bilda, og Tælastuå slik ho her i dag. I dag har eg Mette ved mi side til å ta vare på støl og hytte. Ho er minst like ivrig som ego

Seterfjøset som vart til hytte

6. august 1961 gjorde eg som femåring den første turen min til Kvennbøtæla, der seterstølen vår låg. På stølen pågjekk det hyttebygging. Peder Kvendbø heitte byggmeisteren, som var i full sving med å bygge hytte til seg og kona Ane. Som denne forteljinga etter kvart vil vise, var det eigentleg framandkaren han bygde hytte til. Men det kunne ingen vite da.

Peder hadde fått overta seterfjøset da seterdrifta tok slutt på 1940-talet. Han reiv det ned, for å bygge hytte av materialane. Hytta, Tælastuå, vart sett opp nokre meter lenger aust enn der fjøset stod. Mykje tyder på at Peder valde staden med omhu. For medan seterskjelet like i nærleiken ofte snødde ned, er hytta som Peder bygde plassert slik at det aldri legg seg snø på taket.

Peder døydde allereie i 1965, og på slutten av 1980-talet gjekk Tælastuå ut av bruk. I 1992 vart så hytta vår. Ho var da i dårleg forfatning, og trengte reparasjon. Opp gjennom åra har det vore fleire omgangar med restaurering og oppgradering. Det meste av det som Ane og Peder skapte er likevel bevart. Tre gongar har vi bruka helikopter til å transportere material og utstyr.

Tælastuå er ei veg-, straum- og vasslaus hytte som har vorte ein viktig del av livet til meg og Mette. Det er eit stykke å gå, og mange gongar er sekken tung å bere opp liene. Men desto større er gleda ved å kome fram. Ingenting kan måle seg med å låse opp ytterdøra ein fredagskveld, og vite at ei heil helg ligg og ventar – rein og ubruka.

Eg skriv nokre ord for kvar dag eg er på hytta. Sidan hausten 1992 har det vorte over 1.500 epistlar. Eg har med andre ord opphalde meg på Kvennbøtæla meir enn fire av dei siste 28 åra.

Hytta Tælastuå, eller Tælastuggu som ho først vart kalla, er på rundt førti kvadratmeter, som etter 1950-talet sin standard var sett på som romsleg. Peder var ikkje redd for å ta eit tak. Han grov mellom anna ut kjellar under hytta, og valde elles mange løysingar som ikkje var av det lettvinte slaget. Til dømes fekk han tak i ei gammal kinne av eik på meieriet. Denne laga han dørstokkar av. Alt skulle vere nøye og solid.

Medan bygginga pågjekk, budde Ane og Peder i seterskjelet. Først sommaren 1958 var den nye hytta kome i ein slik stand at dei kunne flytte dit. Men enno stod mykje arbeid att. Dette låg tydelegvis ikkje så tungt på Peder, som hadde mange planar. Den eine, som han bokstaveleg tala kom eit stykke på veg med, var å bygge motorsykkelveg til hytta. Peder må ha vore ein stor optimist, for han starta vegbygginga frå Tæla. Han rakk å bygge knappe fem hundre veg berre med handmakt. Framleis kan ein sjå tydelege spor etter dette stortenkte arbeidet.

Ein ide som Peder derimot aldri fekk realisert, var å bygge eit lite kraftverk i Fossåa, slik at hytta kunne få straum.

Bli med på tur i vakker natur. Klikk på bilda nedanfor for å få dei i full størrelse.

Ein veg i fjellet

Mange fjellfolk har opp gjennom åra sett varige fotefar etter seg. Peder Kvendbø, som bygde hytte på Kvennbøtæla på 1950-talet, etterlet seg eit spor som er nesten ein halv kilometer langt.

Om Peder verkeleg såg for seg at det kunne gå an å bygge veg med handmakt gjennom heile dette kuperte og delvis bratte terrenget, er det vel ingen som veit. Men han starta i alle fall på prosjektet – frå Tæla-sida!

Turgåarar som har levd ei stund, vil hugse både Peder og vegarbeidet. Meter for meter arbeidde han seg frå stølen i retning Kvennbø, med spett, hakke og spade som reiskap. Truleg tok Peder dei første spadetaka ein gong på 50-talet. Men i dei gamle hyttebøkene er ikkje vegen nemnt før laurdag 18. august 1962. Da står det kort og godt: «Vegarbeid».

Året etter vart innsatsen tydeleg trappa opp, og i hytteboka er det jamnt nedteikna vegrapportar utover sommaren og hausten. Pinsedag 2. juni 1963: «Vegarbeid om kvelden». Søndag 1. september 1963: «Vegarbeid til kl. 23. Stupe mørkt». Regelen såg ut til å vere at dagane vart avslutta med arbeid på vegen, etter meir enn tolv timar med snekring.

Så vart det slutt med arbeidet både på vegen og hytta. Fjellmannen starta med husbygging på Skei, og i 1964 skjedde det lite på Tæla. Før huset stod ferdig vart Peder sjuk, og 18. desember 1965 gjekk han bort.

Kvar gong eg kjem fram til vegstubben, som den dag i dag er godt synleg, tenkjer eg på Peder. Sommaren 2013  fann eg ut at det var på tide å gje vegen eit namn, og skiltet med «Vegen etter Peder Kvendbø» - laga av Torbjørn Polden - vart sett opp.

Eit aldri så lite minnesmerke over ein særeigen mann med spesielle idear. Både han og vegen fortener å bli hugsa.