Fintenkjarplassen

Ein blogg med innfall, utfall
og anfall om mangt og mykje

Klikk her for å lese blogginnlegg

Utsikta frå Middagshaugen
skapte namnet Fintenkjarplassen

Middagshaugen er eit vanleg fjellnamn i Norge. Den Middagshaugen som er min ligg mellom Kvennbøtæla og Kvenndalen i Trollheimen, og ragar ikkje meir enn 614 meter over havet.

Frå hytta brukar eg ein snau halvtime opp til denne toppen, som trass sin beskjedne framtoning blant alle majestetane i området byr på framifrå utsikt. Herifrå kan ein forutan Surnadal sjå fjell og bygder i m.a. Heim, Tingvoll, Sunndal, Gjemnes, og Molde.

Framfor varden på Middagshaugen ligg eit fint, flatt berg. Her har eg opp gjennom åra sete i eit utal av timar med kikkert og kaffekopp – og tankane i fri flyt. Ein perfekt plass for filosofering og sjelefred.

Ein gong eg var der datt det ned i hovudet mitt at dette utsiktspunktet måtte eg kalle Fintenkjarplassen. Og slik vart det. Dåpen skjedde heilt og haldent i privat regi. Verken namnekonsulentar eller anna øvrigheit vart rådspurde. Ingen protestar er registrert. Eg vel difor å sjå på namnet som offisielt og endeleg.

Etter at eg også starta bloggen med same namn, har eg merka at namnet byrjar å gli inn i daglegtalen til enkelte i området. Det tykkjer eg er artig.

Bloggen er ein liten ventil for ytringar av ymse slag. Ikkje sjeldan kjem dei som eit resultat av refleksjonar gjort oppe på den fysiske Fintenkjarplassen.

Det er fint å ta seg opp til Fintenkjarplassen og Middagshaugen både sommars tid og med ski på beina. Etter at vi fekk merka stien frå Kvenndalen og opp, har trafikken auka merkbart. Ein bonus er dessutan at fleire fjellvandrarar i området fører til meir kaffebesøk på hytta. Eg tykkjer det er triveleg å ha gjeve eit bidrag til å auke statusen til Middagshaugen, som er eit undervurdert fjell.

Frå Fintenkjarplassen ser eg rett under meg Kvenndalen. Dalen er ein innfallsport til Trollheimen, og ber på ei rik historie om setring og markaslått. Eg kan sjå Kvennbøen, der eg vaks opp. Og bak meg ligg mektige Kvennbøtæla, der eg og min betre halvdel held hus i ei hytte som eigentleg er eit ombygd seterfjøs. Sjeldan kjenner eg sterkare kor eg djupast sett høyrer til, enn når eg sit oppe på berget mitt. Det er i dette landskapet.

Thomas Hylland Eriksen skreiv for nokre år sidan boka «Øyeblikkets tyranni». Boka er full av døme på korleis vi har hamna i eit tilvære der alt akselererar, der den korte tida slår den langsame i hel, og der moderne teknologi syter for at sjølv det minste tomrom vert fylt med ei eller anna form for innhald. Vi toler ikkje å ha det stille.

Fjellet byr på motvekt til alt dette. Turane over Kvennbøtæla og i fjella rundt, hyttehelger i eige selskap og alle timane oppe på Fintenkjarplassen har lært meg at stillheita ikkje er farleg. Tvert om, ho er livgjevande. Redsel for stillheit er noko som er skapt av levemåten til det moderne mennesket.

Fred. Ro. Naturoppleving. Tid til å leve, som dei seier oppe i Rindalen. Alt dette har vorte mangelvare.

Alle er velkomne til Fintenkjarplassen. Men for å ha nemnt det: Berre eg kan seie at denne staden er min.