
Bildeseriar
Flotte vårskiturar
24. mai 2023: 23. mai avslutta eg skisongen. Her er eit knippe bilde frå Tæla-turane etter påske. (Under finn du ein bildeserie frå palme- og påskehelga).
Ei makalaus påske
12. april 2023: Her er påska 2023 oppsummert i ein bildeserie (nokre av bilda ligg også ein annan stad på Skrivemaskineriet Vebju). Eg fekk sju fenomenale døgn på hytta. Sidan eg var åleine i år, er det lite folk og mykje natur på bilda. (Klikk på bilda for å sjå dei i fullt format).Frisk tur i flott natur
17. mars 2023: Biltur 15. mars. Atlanterhavsvegen og naturen her i ytre er verdt å oppleve, året rundt.
Som ei reise tilbake i tid
17. februar 2023: Det bur drøye 3.800 menneske i tettstaden Røros. Røros har ikkje status som by, men held fast på den gamle nemninga bergstad. Dette gamle gruvesamfunnet er ein attraksjon heilt utanom det vanlege. Å gå i gatene her, er som å reise fleire hundre år tilbake i tid. Det er underleg å sjå gamle bilde frå Røros sentrum. Bybildet har forandra seg svært lite opp gjennom tidene, i alle fall dersom ein samanliknar med andre tettstader i Norge. Bilda under er tatt søndag 12. februar 2023.
Januarstemningar
18. januar 2023: Eit knippe bilde frå gårsdagens fotoekspedisjon. I ettermiddagslyset vart det mykje is og rim. Ein triveleg og kortreist tur i vakker natur.
Eit snev av vinter
Den andre dagen i 2023
2. januar 2023: Ut på trimtur. I dag brukte eg ein time på å gå rundt på kyststien og i været. Langt fleire enn eg var ute i det fine veret for å kvitte seg med uvelkomne julekilo. Eg hadde kameraet med, og knipsa litt her og der.
Naturen sine kunstverk
7. juni 2022: Våren er alltid eit mirkakel. Det er utruleg kva skaparverket har å by på når det gjeld form, farge og estetikk - i smått som i stort. Hundekjeks, løvetann og engsoleie er kanskje ikkje blant dei mest påakta blomstrane. Men også dei er små kunstverk, noko som kjem godt fram når ein går tett på med objektivet.
Våren i anmarsj på kyststien
Eg og Mette gjorde ei lita vandring på kyststien 9. mai. Vi kunne konstatere at våren kjem seint ute ved Hustadvika i år. Men det spirer og gror. Litt sol og varme no, så eksploderer alt!
Sol, vind og grov sjø
27. februar 2022: Den siste søndagen i februar viste vergudane såpass med godvilje, at det vart ein ny tur til Nordneset. Sola skein frå skyfri himmel. Men vinden var sterk og bølgene høge. Etter marsjen ut til fyret, fortsette vi til Atlanterhavsvegen og Svevestien. Alt i alt ein frisk og fin søndag.
Februartur til Nordneset
16. februar 2022: Vergudane velsigna oss med sol og klår himmel - i alle fall første del av dagen. Eg la turen til Farstad, og enda opp med å gå turstien ut til Nordneset. Eg «juksa» rett nok ved å parkere bilen ute ved Vindex, men ei fin lita trimøkt vart det no lell. Her er nokre bildeglimt.
Godver - ein halv dag
31. januar 2022: Den siste dagen i januar opna så lovande. Eg hadde eit ærend i Elnesvågen, og tok med meg kameraet. Det vart eit knippe bilde - fire frå området ved utløpet av Syltyeelva og eitt frå Ergan i Bud.
Ikkje lenge etter at eg var komen heim, bles det opp på nytt. Snødrev farga Buaværet kvitt. Januar 2022, du har vore rik på ver. Drittver, for å seie det rett ut. Eg kjem ikkje til å sakne deg.
Strålande vinterdagar ved havet
9. januar 2022: Første veka av det nye året har vore strålande her ute ved havet.
Romjulsglimt
Tilbakeblikk på gode dagar
Midt imellom to hyttesesongar kan det vere godt å bla litt i bildemappene på PC'en. Denne vesle bildeserie er frå ein Tæla-tur i slutten av september 2021.
«Hva var vel livet uten deg» - eit tilbakeblikk
På kvinnedagen i 2015 baud Bud damekor på ein imponerande kabaret med utgangspunkt i 50-, 60- og 70-talet.. Tittelen var «Hva var vel livet uten deg». Eg tok ein drøss med bilde denne kvelden. Her er ein stor bildeserie - til glede og underhaldning i desembermørket.
Flotte vinterdagar
For ein som er glad i vinterlandskapet, er det berre å nyte dagane. Desse bilda er tatt laurdag 27. november 2021. Det er vakkert her ute mot havet!
Eit 10-årsminne: Flott tur frå Tælastuå til Todalshaugen
Sommaren 2011 gjekk eg og mi gode venninne Gudrun frå Tælastuå til Todalshaugen. Ingen av oss hadde gjort det før, og vi fekk ei flott naturoppleving.
Turen tek si tid, men den er ikkje spesielt tung. Frå Tælastuå og opp til høgste punktet på Sul-Tæla er det om lag fem kiliometer. Derifrå er det ni kiliometer med unnabakke gjennom Kvennsetdalen heilt til Todalshaugen.
Bilda viser ein del av terrenget ein passerar på turen. Her er det mykje fint kulturlandskap å sjå.
Kystlandskap i kvitt
26. november vart første dag med snømåking og snøplog etter vegane i år. Kor lenge vi får behalde vinterprakta gjenstår å sjå. Men vakkert er det i alle fall - så lenge det varer.
Eit triveleg Facebook-minne
Medan eg sit ved PC'en og ser på regnet som plaskar ned over Buaværet, dukkar det opp eit Facebook-minne frå i fjor - 15. november 2020. Det var ein søndag, og veret var heilt annleis enn på same dag i år. Eit gnistrande flott haustver frista til ein spasertur i nærområdet. Her er bilda eg tok.
Medan vi ventar på våren...
10. november 2021: På ein bister haustdag med regn, kuling og eit par toreskrellar, kan det kanskje hjelpe på med nokre vårbilde. Her er eit knippe. Halvparten er tatt på Tæla, dei andre i Hustadvika. Det blir vår igjen. Heilt sikkert.
Lepsøya, Haramsøya og Flemsøya - eit øyrike som snart blir landfast
Nordøyvegen vil skape ei ny tidsrekning for folket på Lepsøya, Haramsøya, Flemsøya, Fjørtofta, Harøya og Finnøya. Neste år blir dei landfaste. 2. november 2021 gjorde eg og Mette eit streiftog på de tre førstnemnde øyane. Her er ein bildeserie frå ein dag med overveldane mange flotte inntrykk.
Kjerag - eit spektakulært turmål
Sommaren 2009 fekk eg oppleve Kjerag og Kjeragbolten. Turkameratar var Eirik og Tom. Det vart ein fjelltur som gjorde inntrykk. Turen er absolutt overkommeleg for alle som er i normal fysisk form. Men samtidig er den lang, og byr på nokre parti som krev litt ekstra av deg.
Midtvegs til Kjeragplatået vart vi overraska av tjukk skodde. Det gjorde opplevinga enda meir trolsk og spektakulær.
Ein liten trimtur på kyststien
26. oktober 20201: Det har vore mykje surt og vått ver i det siste. I dag stal vi oss til ein runde på kyststien. Trimturen går lett i natur som dette.
Kretaminne på ein våt og kald haustdag
Når regnet høljar ned og vinden uler rundt husnovene, er det varme og trivsel å finne i gode minne. Her er ein bildeserie frå Kreta, med foto frå fleire av turane våre. Vi saknar Kreta, og set vår lit til at det endeleg skal bli ein tur eller to i 2022. Vil du bli med på fotoreisa, så er det berre å klikke i veg.
På bloggen min Fintenkjarplassen har eg opp gjennom åra skrive fleire innlegg om Kreta. Du finn dei ved å trykke på lenkene under.
«Det er lett å sitte på si eiga tue og gjere seg opp meiningar om ting ein veit lite om»
Ja, vi saknar Platanias
Nummer 40
Ferie på Kreta: Tida bestemmer farten
Late dagar, ei øy og ein slåttekar
Møte med ei eldgammal kjempe
No kjem vi, kjære Platanias
Gråver og eit hurtigruteskip i grov sjø
16. oktober 2021: Mellom to elingar ein dag denne veka tok eg meg ein runde med kameraet. Til ei avveksling brukte eg telelinse. Da eg stoppa på Kjeksa, fekk eg auge på hurtigruteskipet «Otto Sverdrup» (tidlegare «Finnmarken»), som såg ut til å ha sitt å stri med. Hurtigruteskipa er vande med til av kvart. Men kanskje var det ein og annan passasjeren som pusta letta ut da båten kom seg i le av Buaværet?
Ei haustferd over Tæla
2003 var eit av desse åra da kong Vinter tok seg tid før han kledde Tæla i kvitt. Til seint i november dette året hadde eg og Gunnar fleire fine fotturar til Tæla. Denne bildeserien er frå ein av dei.
Vi gjekk opp den vante stien om Haukarstokkken, og la heimturen om Gardsbrona. Da vi kom ned, stod Gudrun klar med rykande fersk julebakst.
Slike dagar lever vi lenge på
Det vart ein storveges flott hyttetur dagane 3. - 6. oktober 2021. Litt sterk landvind i starten, men alt i alt var vi gjennom heile opphaldet på Tæla velsigna med eit prektig oktoberver.
Hyttesesongen går mot slutten. Men dagar som dette lever vi lenge på.
Nye praktbygg løftar Bjørvika og gir Oslo ny identitet
Samanlikna med mange andre storbyar i Europa, har Oslo hatt lite å vise til når det gjeld arkitektur. Men no begynner det å kome seg. Desse bilda er frå ei kveldsvandring i Bjørvika, som i løpet av få år har gått frå å vere bortimot paddemark til ein moderne og vakker bydel.
Juvelen i dette miljøet er Operabygget. Men også andre praktbygningar har etter kvart funne sin plass her. Personleg er eg veldig begistra for det nye Munchmuseet og Deichman bibliotek. Flotte signaturbygg, som er med på å gje Oslo identitet og verdigheit.
Sein september på Tæla: Guttetur med ein deltakar
Eg fekk eit par flotte hyttedøgn for meg sjølv siste veka i september. Tæla og landskapet rundt viste seg frå si aller beste side. Hyttekos, litt vedarbeid og ein tur til Fintenkjarplassen - ja, det å kjenne at livet lever - kva meir kan ein forlange?
Her er ein bildeserie frå turen. Kos deg med haustfargane!
Ny benk på Skarvan: Her kan du ta ein kvil og nyte utsikta
Fossafjellet og Bollknubben er mykje bruka turmål for dei som vandrar i dennen delen av Trollheimen. Mindre påakta er Skarvan, som ligg mellom dei to nemnte toppane. Men kanskje blir det ei endring på dette no?
No har altmulegmannen Gunnar Nordvik montert ein kvilebenk på Skarvan, der farande fjellfolk kan nyte den vakre utsikta. Benken er eit flott arbeid frå Gunnar si hand.
Skarvan, 720 m.o.h., ligg 66 meter lågare enn Fossafjellet og 153 meter lågare enn Bollknubben. Utsikta frå benken er likevel overveldande. Her er det fritt utsyn til fjord og fjell i alle retningar. Eg anbefaler alle å ta ein tur! Kortast er det å gå frå Nordviksetra. Frå Tælastuå tek turen ein snau time i lett og fint terreng.
Gunnar køyrde opp proviant til hytta vår på Tæla søndag som var. Det vart ein kjempefin tur i flott ver og på fint føre. Men det er utruleg lite snø i fjellet no. På returen la vi turen om Skarvan, for å ta den nye benken i augesyn.
Du kan lese meir om Gunnar og benken på Skarvan på todalen.no.
20 år sidan første tur til Preikestolen
Eg meiner å ha vore oppe på Preikestolen i alle fall tre gongar. Kanskje er det også fire. Den første turen skjedde for tjue år sidan. Kristin hadde nettopp flytta til Tau. Eg var spent på møtet med det berømte turistmålet. Alle forventningar vart innfridde!
Turen frå Preikestolhytta til Preikestolen er på åtte kiliometer tur/retur. Høgdeforskjellen er 500 meter, og terrenget er lettgått. Du skal vere svært høgdesvak for å få problem her. Når til og med eg tykkjer dette er greit, bør ingen andre ha noko å frykte.
Preikestolen ligg 604 m.o.h.. Herifrå er det loddrett stup rett ned i Lysefjorden. Platået er så å seie flatt, og har eit areal på ca. 25x25 meter.