Lokalhistorie frå Eidet og Lykkjebygda

Det starta med tanken om eit lite hefte...

På seinsommaren 2007 treftest eg og Torbjørn Polden på Hyllbakkan i Kvenndalen. Torbjørn spurde da om eg kunne tenke meg å vere med på å lage det han kalla «eit skrift» om Kvenndalen. Dalen har ei rik historie om seterdrift, markaslått, skogsarbeid, friluftsliv og mykje anna. Torbjørn meinte det var viktig å få dokumentert så mykje som råd av dette, medan levande kjelder som kunne fortelje om gammeltida enno var tilgjengelege.

Vi bestemte oss der og da for å starte på eit prosjekt. Like etterpå tok vi kontakt med Erling Myrbostad, for spørje om han var villig til å delta i arbeidet. Svaret var ja, og dermed var vi ein trio som kunne ta fatt.

Startskotet gjekk på eit møte på hytta til Torbjørn ein kveld ut på hausten 2007. Lite visste vi da at denne kvelden la grunnlaget for eit samarbeid som over ein periode på tolv år skulle resultere i – ikkje eit hefte – men fem bøker på bortimot 900 sider.

Det viste seg fort at kjeldetilfanget var mykje større enn kva vi hadde rekna med. Aller mest overraska vart vi nok over kor mange interessante bilde som fanst ute blant folk. Eg hugsar godt at Torbjørn under møtet på hytta sa noko slik som: «Skal tru om det finst bilde?» Da vi skulle gjere boka om Kvenndalen ferdig, vart ikkje mangel på bilde, men mengda med bilde, den store utfordringa.

Boka «Kvenndalen med Kvennbøtæla og Engjamarka» kom ut før jul i 2010, og vart godt motteken. Vi lanserte boka på ein bokkveld på Stangvik skule, og trudde nesten ikkje det vi såg da rundt 70 interesserte dukka opp.

I 2012 tok vi fatt på det som skulle bli boka «Søyådalen - utmarkshistorie frå Eidet». Boka er bygd over same lest som forgjengaren. Men som tittelen fortel, bevegar vi oss også ut av dalen både geografisk og emnemessig. Boka om Søyådalen vart lansert under Vårsøghelga i 2015 på eit svært godt besøkt arrangement i Bondehuset i Stangvika.

Etter arbeidet med desse to bøkene sat vi att med hundrevis av bilde, som det ikkje vart plass til. Mange av desse hadde stor lokalhistorisk verdi, og fortente å bli publisert. Dette utløyste tanken om å lage ei bok basert på dette bildematerialet.

Men så vart vegen til medan vi gjekk. Lysta til å grave fram meir lokalhistorie frå heimtraktene våre vart for stor, og i staden for ei bildebok enda denne prosessen i tre bøker, «Under Skarfjellet - lokalhistorie frå Eidet og Lykkjebygda» bind 1, 2 og 3. Den første kom ut før jul i 2018, nummer to var klar sommaren 2019 før den siste kom ut i slutten av november same år.

Dei to første bøkene i trilogien vart lanserte under bokkveldar på Stangvik skule. Til forfattarane si store undring var lokalet til slutt for lite. Så da siste boka skulle lanserast, leigde vi like godt forsamlingshuset Myrvang. Denne kvelden møtte det opp rundt hundre interesserte!

Utgjevar av alle fem bøkene er Stangvik Historielag. Vi tre forfattarne har gjort alt arbeidet på dugnad, slik at dei pengane som er att etter prosjekta uavkorta går til historielaget. Betalinga vår har vore gleda med å gjennomføre arbeidet, vennskapet oss imellom og det å få oppleve den store hjelpa og velviljen frå bygdefolket. Utan alle desse hjelparane hadde resultatet vorte noko heilt anna.

Våren 2016 vart vi tildelt Kleivaprisen for dei to første bøkene. Det sømmer seg ikkje for ein eidsbygg å vere karravorinn. Men akkurat da heldt det hardt. Vi må vel innrømme det.

Er du interessert i kjøpe bøkene?

Kvenndalsboka har vi diverre gått tom for, men dei fire andre bøkene er framleis å få kjøpt. Ta kontakt med forfattarane eller historielaget dersom du er interessert.