Arkiv første år

Da eg slo på PC'en i dag tidleg, dukka det opp eit svært så triveleg minne frå 25. oktober 2014. Blant alle dei fine gåver vi fekk da vi gifta oss fem månader før, var ein tur til London. Inkludert i denne var også ein konsert i Royal Albert Hall.

I oktober 1962 var det nære på at Cuba-krisa sendte verda ut i ein ny storkrig. Flyfoto viste at Sovjet bygde rakettbasar på Cuba. USAs president, John F. Kennedy, erklærte i ein TV-tale 22. oktober at USA ville blokkere skipstrafikken for å hindre leveransane, og kravde avvikling av anlegga.

Vi som vaks opp i området rundt Søya veit godt kva flaum er. Før elva vart retta opp, gjorde ho ofte stor skade når vatnet hamna på ville vegar.

Dersom du er i 60-åra og aldri har høyrt «Jeg vil ha en blå ballong» med Arne Bendiksen - ja, da var du ikkje spesielt interessert i Ønskekonserten. Eg var ikkje meir enn sju år da Bendiksen gjorde den til ei landeplage. Ønskekonsert stod som regel på heime, og på denne tida var det få program som ikkje hadde eit...

Mange vil hugse natt til 13. oktober 2010, i alle fall om dei blir påminte om hva som skjedde. Det var den natta dei 33 chilenske gruvearbeidarane, som hadde vore innsperra 700 meter under jorda i 69 døgn, på mirakuløst vis vart frakta opp i dagen.