Da verda heldt pusten

22.10.2021

I oktober 1962 var det nære på at Cuba-krisa sendte verda ut i ein ny storkrig. Flyfoto viste at Sovjet bygde rakettbasar på Cuba. USAs president, John F. Kennedy, erklærte i ein TV-tale 22. oktober at USA ville blokkere skipstrafikken for å hindre leveransane, og kravde avvikling av anlegga.

Dramatiske dagar følgde, med sovjetiske lasteskip på veg mot blokadelina. Situasjonen vart løyst ved direkte forhandlingar og den påfølgande sovjetisk tilbaketrekkinga.

Så til noko meir triveleg: 22. oktober 2021 kan vi gratulere Johannes Høstflot Klæbo med 25-årsdagen. På tross av sin enno unge alder, har han ei imponerande merittliste å sjå tilbake på.

Høstflot Klæbo har vunne tre OL-gull, seks VM-gull, ein VM-bronse, fire NM gull og ein NM-bronse. Frå junior-VM har han tre gull og to bronse. Rekka av enkeltseirar i verdscupen har så langt stoppa på 40.

I sesongen 2018/2019 vann Johannes Høstflot Klæbo Tour de Ski som den yngste mannlege løpar nokon gong.

Det er vel i grunnen berre å vente på fortsettinga. Til vinteren er det igjen OL....