Sportsnostalgi

Barndommens heltar var idrettsmenn og -kvinner. Ingenting var gjevare enn å sjå bilde av desse i aviser og blad. Ein periode var det populært å klippe ut bilda, og gjerne lime dei inn i bøker.

Denne sida er ei samling med utklipp frå mine gutedagar, i hovudsak henta frå Adresseavisen, Tidens Krav, Nå og Aktuell siste halvdel av 1960-talet. Bildegalleriet er verken systematisert eller tematisert. Idrettsgreiner og årstal kjem i tilfeldig rekkefølge. Likar du å sjå på gamle sportsbilde, så følg med på sida.

Klikk på bilda for å sjå dei i fullt format med tekst under.