RP-klipp

Draumen vart oppfylt

15. juni 1977 troppa eg opp på kontoret til redaktør Paul Ohrvik i Romsdalsposten til den første arbeidsdagen min i avisa. Ein draum om å få prøve seg som journalist var oppfylt.

Eg vart verande i Romsdalsposten i to og eit halvt år, mesteparten av tida på lokalkontoret i Surnadal. Eg starta med heimekontor, før eg i januar 1979 kunne flytte inn i kontor på kraftlagsbygget på Skei. Dekningsområdet mitt var Surnadal, Halsa, Rindal og Aure.

I desse mine jomfruelege journalistår klipte eg ut ein del av det eg skreiv. Utklippsbøkene har eg tatt vare på. Eit utval av desse utklippa, som altså er godt over 40 år gamle, vil bli presenterte og omtala på denne sida.

Avisa med det ulogiske namnet

Kvifor heitte avisa Romsdalsposten, når ho kom ut i Kristiansund? Svaret er at da Romsdalsposten vart grunnlagt i 1876, var namnet på fylket Romsdals Amt. Største byen i amtet var Kristiansund. Romsdalsposten var i mange år den største avisa i Kristiansund, men vart i 1960 forbigått av Tidens Krav.

Da Dagbladet gjekk inn på eigarsida i Romsdalsposten, skifta avisa i 1986 namn til Nordmørsposten. Dagbladet brukte 25 millionar kroner på å bygge opp avisa, og det braut ut aviskrig i Kristiansund. A-pressen på si side pøste million på million inn i Tidens Krav for å unngå å tape hegemoniet i Kristiansund.

27. oktober 1990 var kampen over. Dagbladet ga opp, og Nordmørsposten vart lagt ned. Realiteten er at både Nordmørsposten og Tidens Krav på dette tidspunktet var så økonomisk på felgen, at utfallet av krigen like gjerne kunne ha tippa andre vegen.

I mi tid i Romsdalsposten laga eg to  intervju med Arnold Wangsmo på Kvanne. Det første er å finne lenger ned på denne sida.

Dette stod i julenummmeret i 1977, og handlar m.a. om campingverten sine synske evner. (Klikk på bilda ein eller to gongar for å gjere dei større). 

Over: Aviskonkurransen i Kristiansund var tøff på slutten av 70-talet. I eit forsøk på å nå ut til fleire lesarar, varsla styreleiaren under generalforsamlinga i 1979 at Venstre-avisa Romsdalsposten no skulle orientere seg mot eit breiare borgarleg publikum.

Til høgre: Lokalpolitikken kravde sitt av dei som sat i viktige verv også før i tida. Artikkelen, som er skriven av ein journalist i redaksjonen i Kristiansund, varsla mange utskiftingar rundt om i kommunestyra ved valet hausten 1979.

Det høyrer med til historia at Nils Magnar Torvik seinare ombestemte seg og tok ein periode til som ordførar.

16/5-1978: Overgangen til offset var ei storhending i Romsdalsposten si historie. Problemet var berre at den kom altfor seint. Da RP gjekk over til offset i mai 1978, hadde Tidens Krav allereie nytta denne teknologien, som ga ein heilt annan trykkvalitet enn bly, i mange år. Dette er nok ein av dei viktigaste årsakane til at RP tapte terreng i høve til TK utover 60- og 70-talet.

16. mai 1978 var dagen etter pinse. Vi som arbeidde i redaksjonen måtte levere stoff heile pinsehelga, slik at typografane fekk nødvendig tid til å jobbe med den første utgåva i offset.

18/5-1978: 17. mai vart feira i strålande ver. Sjølv fekk ein travel dag. Eg slo stortromme i Surnadal Hornmusikk dette året, og hadde ikkje tid til så mykje anna. Før eg tok på meg uniforma rakk eg å feste desse unge kvennbøgardingane til filmen, slik at avisa fekk eit bildeglimt av 17. maifeiringa i Surnadal. Frå v. Gunhild Bele, Anne Bele og Jostein Ansnes.

7/3-1979: Surnadal trong ny aldersheim. Men 10 millionar kroner var mykje pengar for 42 år sidan. (Klikk på bildet for å gjere det større).

Nordmøre Folkehøgskule kunne gle seg over ei pengegåve fra surnadal BU, som ga av overskotet etter «Den store barnedåpen». (Klikk på bildet for å gjere det større).

Sigrun Ranes var ei aktiv kvinne, som engasjerte seg på mange felt. Aller mest brann ho for partiet Venstre. (Klikk på bildet for å gjere det større).

5/4-1979: Hugsar du TV-serien «Holocaust»? For 42 år sidan sat folk som fjetra og såg på. Og hotellet tapte pengar. (Klikk på bilda for å gjere dei størr)e).

30/3-1979: Konkursar og høy arbeidsløyse prega arbeidslivet i Surnadal våren 1979.

31/3-1979: Ny skule til tre millionar i Bæverfjord. I dag rekk byggesummen til ei ny hytte...

5/4-1979: Viktige arbeidsplassar gjekk tapt da Åsi-Tre i Bøfjorden måtte gje opp drifta.

Til høgre: Nyttårsintervju med ordførarane var faste innslag på denne tida. Einar Snekvik i Halsa hadde mange planar. Han såg fram til å få bygd det nye kommunehuset på Liabø, som hadde ein prislapp på 7,5 millionar kroner(!).

Klikk på bilda ein eller to gongar for å gjere dei større.

10/3-1979: Kristin Nybrott frå Surnadal ga ut barnebok våren 1979.

3. mars 1979 hadde Surnadal Bygdeungdomslag premiere på «Den store barnedåpen». Stykket vart ein dundrande suksess. Kanskje det aller beste teatergruppa i Surnadal BU nokon gong hadde prestert, skreiv eg i min omtale. Romsdalsposten brukte halve framsida på premieren. (Klikk på bilda for å gjere dei større).

Underteikna sin omtale av premieren.

Heile ensemblet samla på eitt brett. Ståande frå v. Maren Larsen, Harry Bredesen, Paula Ranes, Merete Holten, Annelis Hommelhaug, Stig Sæter, Ann Ildri Nes, Øyvind Holte og Berit Hammer. Sittande frå v. Rannveig Røv, Kåre Korsnes og Anne Marie Moen.

27/3-1979: Arbeidet med å redde kriseramma Brødene Moen første ikkje fram, og det vart konkurs. Kontorsjef Georg Solheim var svært bekymra for konsekvensane. (Klikk på bilda for å gjere dei større).

23/3-1979: Debatten om verneplanen for Trollheimen rulla vidare. Leiaren i Trollheimsutvalet, Kåre Gjønnes, var overraska over at det kom så mange negative reaksjonar. (klikk på bildet for å gjere det større).

Det vart rabalder etter dette oppslaget, som pryda førstsida av Romsdalsposten 8. januar 1979. Tre dagar seinare måtte redaktøren ut og drive brannslokking etter tilløpet til Se og Hør-journalistikk på surnadalskontoret. (Klikk på bilda for å gjere dei større).

29/3-1979: Byfolket inntok Surnadal i påska for 42 år sidan. Hotellet satsa stort på høgtida.

26/2-1979: Det vart Spellemannpris på Vårsøg i 1979. Gruppa fekk prisen for plata «Sola e komma». (Klikk på bilda for å gjere dei større).

Vårsøg var i godt selskap da dei mottok Spellemannprisen.

26/3-1979: Den planlagte verneplanen for Trollheimen var mykje diskuterrt på denne tida. 1/2-1979: Statsskyrkja stod sterkt.

5/1-1979: Ordførar Nils Magnar Torvik (desken i kristiansund klarte ikkje å skrive namnet hans rett) såg inn i krystallkula. Surnadal kommune hadde mange uløyste oppgåver også den gongen.

31/1-1979: Eit svært aktivt hjelpekorps dreiv med rekruttering i stor stil. (Klikk på bilda for å gjere dei større).

11/1-1979: Helsekontrollen kunne gle seg over nye lokale. Det da tre år gamle tilbodet var mykje bruka. (Klikk på bildet for å gjere det større).

Sul-rennet fekk ei kort historie. I 1979 sette snøstorm ein stoppar for rennet 19. mars, som måtte avbrytast.

27. mars 1979 stod artikkelen om impregneringsverket i Bøfjorden. Det er som kjent ingen røyk utan eld. Til slutt vart det full nedlegging av bedrifta.

Henning Sommerro hadde mange jarn i  elden også på denne tida.

Korleis skal det sjå ut på Skei i framtida? Dette spørsmålet diskuterte politikarane også for 42 år sidan. (19/3-1979.

Industrikongen Martin Botten kom med godt nytt våren 1979, og lova 30 nye arbeidsplassar i Surnadal. Artikkelen stod på trykk 8. mars 1979. (Klikk på bilda ein eller to gongar for å gjere dei større).

26. februar 1979 kunne Romsdalsposten melde om vasslekkasje i det nye hamnelageret i Røtet.

Mannefallet i Surnadal kommunestyre var stort før valet i 1979. Også ordførar Nils Magnar Torvik ville gje seg, men han ombestemte seg til slutt. (Klikk på bilda ein eller to gongar for å gjere dei større).

Tre tilsette ved Surnadal Meieri fekk i januar 1979 Norges Vel medalje for lang og tru teneste i bedrifta. Bilda stod på trykk 22. januar 1979. (Klikk på bilda for å gjer dei større).

Ein kuriøs «kriminalsak» frå 5. mars 1979. En buss vart stolen frå Mørelinjen sin stasjon på Vassenden. Etter å ha vore innom både Øra og Buhagen (!) hamna bussen utfor vegen ved Tellesbø. (Klikk på bildet for å gjere det større).

Over: Eivind «Ratiti» Løberg gjesta Surnadal i februar 1979, der han deltok på ein familiekveld i regi av Surnadal konsertklubb. «Ratiti» var 16 år i 1979. (Klikk på bildet for å gjere det større).

Til høgre: Surnadal Sparebank bidrog med gåver til lag og foreningar i samband med årsoppgjeret for 1978. 35.000 kroner tilsvarar i dag drøye 150.000 kroner. (Klikk på bildet for å gjere det større).

Strid om medlemskontingenten førte til at styret i Surnadal gammeldansforening stilte «kabinettspørsmål» vinteren 1979. Artikkelen til venstre stod på trykk 14. februar, medan referatet frå det ekstraordinære årsmøtet er frå 1. mars. 

Etter mange års kamp var kampen mot postadressa «Bøverfjord» krona med seier. Oppslaget t.h. er frå 1. mars 1979. (Klikk på bildet for å gjere dei større).  

På slutten av 70-talet var Kvanne camping den beste utstyrte av samtleg 2- og 3-stjerners campingplassar i Møre og Romsdal. Vertskapet, Margot og Arnold Wangsmo, la heile si sjel i at gjestane skulle trivast.

Denne reportasjen stod på trykk i Romsdalsposten 10. februar 1979. (Klikk på bilda for å gjere dei større).

Ein stemningsrapport frå Rindal på ein fin sommardag i 1978. Reportasjen stod i avisa 21. juni.  (Klikk på bilda for å gjere dei større).

På slutten av 70-talet var havfisket etter laks eit stort diskusjonstema. Fisket gjekk utover fangstene i elvene.

Artikkelen over stod på trykk i Romsdalsposten 29. mai 1978. Oppslaget til høgre kom to dager seinare, etter at ein fiskar frå Trondheim dro i land to fine laksar i løpet av fem timar.

(Klikk på bilda for å gjere dei større).

Eit tilbakeblikk på ein bygdakveld i Bøfjorden i juni 1978. Høgdepunktet under arrangementet var «Spelet om mannbjønnen», som vart framført av elevane ved Bøfjorden skule. (Klikk på bilda for å gjere dei større).

Vi tek ein liten tur innom Rindal kommunestyre. Der gjekk møta alltid for seg i ein gemyttleg tone. Men det var harde tak for den som ikkje låg under for nikotin! (Klikk på bilda for å gjere dei større).

I desse dagar er det 42 år sidan eit stor snøras raserte Mellingsetra i Søyådalen. Raset vart oppdaga av Oddvar Kvande 13. februar.

Eg fekk tips om raset, og la innover Søyådalen på ski 14. februar. Seint på ettermiddagen kom eg fram til stølen. At laussnø kunne omsettast i slike krefter, var ikkje til å tru.

Eg fekk nesten halve framsida av Romsdalsposten torsdag 15. februar 1979 (t.v.). Bilda under viser frå v. det knuste seterskjelet, restane av Utigardshytta og skogen, som hadde fått hard medfart. Du kan lese meir om raset i Søyådalsboka.

(Klikk på bilda for å gjere dei større).

I juni 1978 arrangerte Tordenskjold songlag songarstemne i Surnadal. 5. juni hadde eg denne førehandsomtalen på trykk i Romsdalsposten. Eit stort apparat var sett i sving for å få arrangementet vel i hamn. (Klikk på bilda for å gjere dei størrre).

I juni 1978 arrangerte Surnadal konsertklubb konsert med Terje Tysland i Trudvang. Ifølge omtalen min i Romsdalsposten 8. juni var det heile 115 tilhøyrar til stades.

Før konserten rusla Tysland ned til elva med fiskestanga. Han fekk ikkje napp, men eg sikra meg eit godt motiv.

Til høgre notisspalte frå 13. juni 1978 og eit fotballreferat frå Bøfjorden 12. juni.

 (Klikk på bilda for å gjere dei større. Hugs at dei blir enda større om du klikkar ein gong til).  

2. juni 1978: Intervju med Tore Sæter, som da kunne sjå tilbake på 30 år som tilsett i Surnadal Samvirkelag.

21. juni 1978: Intervju med Vårsøg om den nye plata «Sola e komma».

 (Klikk på bilda for å gjere dei større). 

Tre klipp frå juni 1978:

Forretningsførar Kåre Åsprang i Surnadal Samvirkelag fortel om gode tider (21. juni). I Surnadalsglimt (21. juni) kan ein lese om kommunestyremøte i nytt lokale. På musikkfronten er Vårsøg klare med ny LP. Det skulle vise seg at «Sola e komma» resulterte i Spellemannpris (17. juni). (Klikk på bilda for å gjere dei større).

5. juni 1978: Kvige ramla ned frå tilhengar og måtte bøte med livet.

5. juni 1978: Surnadalsglimt, med bl.a. notis om misnøgde apotekkundar.

(Klikk på bilda for å gjere dei større).

Da ørabyggene tapte kampen om brua

På slutten av 70-talet vart det klart at den gamle Øra-brua skulle rivast til fordel for ei ny bru på Sætergarden. Planane fall ikkje i god jord på Øra.

Denne reportasjen, som her er delt opp i tre bilde nedanfor, stod på trykk i Romsdalsposten 31. mai 1978.

(Klikk på bilda for å gjere dei større).

29. mai 1978: Dyktige mopedistar i sving i Surnadal.

30. mai 1978: Surnadalsglimt, med bl.a. notis om eit storfint besøk på musikkfronten.

(Klikk på bilda for å gjere dei større. Klikkar du så ein gong til, blir dei enda meir forstørra).


Korjubileum på Øra

I mai 1978 feira Surnadal Kr. Mannskor, tidlegare Surna Kr. Mannskor, sitt 20-årsjubieum. Jubileumsfesten vart arrangert på Surna bedehus fredag 26. mai.

Vi hadde besøk denne kvelden, så eg hadde eigentleg håpa å få gjort unna oppdraget fort. Men det gjekk ikkje. Fotograferinga var tenkt som ein eigen programpost etter at pausen med servering var unnagjort, så det tok på tida.

Men maten var god, og fotografering vart det til slutt. 

(Klikk på bildet for å gjere det større. Klikkar du så ein gong til, blir det enda meir forstørra). 

Den faste notisspalten

Som regel produserte eg ein notisspalte til kvar avis. Tidens Krav hadde «Smånytt fra Surnadal», medan redaktøren i RP bestemte at vår spalte skulle heite «Surnadalsglimt». Det gjekk ei stund før spalten vart etablert, så dette er truleg det første «Surnadalsglimt» som stod på trykk. 

(Klikk på bildet for å gjere det større. Klikkar du så ein gong til, blir det enda meir forstørra).

Den nye mannen presentert i avisa

15. juni 1977 var eg i gang som journalist. Karriereren som avismann starta med nokre dagars opplæring i Kristiansund, før eg vart sendt ut på djupt vatn i dekningsområdet.

Her er omtalen av Romsdalsposten nye mann på indre Nordmøre. (Klikk på bildet for å gjere det større).

På plass i kraftlagsbygget

På plass i kraftlagsbygget

I januar 1979 var tida på heimekontor over, og Romsdalsposten flytta inn i kraftlagsbygget på Skei. Etableringa i sentrum skapte ein god effekt, og tilgangen på nye abonnentar i Surnadal skaut fart.

Det vart også laga ein annonse for å kunngjere at avisa var på plass i kraftlagsbygget. Annonsen viser at lokalkunnskapen ute i byen ikkje var heilt på topp. Den som laga annonsen trudde tydelegvis at Todalen var ein eigen kommune. (Klikk på utklippa for å sjå dei i fullt format).