Den største masseprodusenten av norsk populærmusikk i historia

19.10.2021

Dersom du er i 60-åra og aldri har høyrt «Jeg vil ha en blå ballong» med Arne Bendiksen - ja, da var du ikkje spesielt interessert i Ønskekonserten. Eg var ikkje meir enn sju år da Bendiksen gjorde den til ei landeplage. Ønskekonsert stod som regel på heime, og på denne tida var det få program som ikkje hadde eit Bendiksen-innslag. «Den siste mohikaner» var ein annan gjengangar først på 60-talet.

Arne Bendiksen var født 19. oktober 1926, og ville altså ha fylt 95 år på denne dagen om han hadde levd. Han gjekk bort 26. mars 2009.

I si samtid betydde Arne Bendiksen utruleg mykje for norsk populærmusikk. Han starta som medlem av gruppa The Monn Keys. Seinare ga han ut plater på eiga hand og skreiv gjennom åra eit utal av hits for andre artistar. Bendiksen deltok i Melodi Grand Prix ei rekke gongar, både som artist, komponist og dirigent.

Diskografien til Arne Bendiksen er nesten ufatteleg omfattande. Sjå berre her:

Album og EP: 11 utgjevingar.

Singlar: 22 utgjevingar.

I tillegg har Arne Bendiksen medverka på - hald deg fast - over 300 plater saman med andre artistar. Han må vere den største masseprodusenten av norsk populærmusikk i historia.

Arne Bendiksen var oppteken av at musikken skulle vere songbar og spreie humør. Han var ingen rockar, for å seie det slik.

For innsatsen sin innafor norsk musikkliv vart han heidra med fleire høgthengande prisar.