Ein mirakuløs redningsaksjon

13.10.2021

Mange vil hugse natt til 13. oktober 2010, i alle fall om dei blir påminte om hva som skjedde. Det var den natta dei 33 chilenske gruvearbeidarane, som hadde vore innsperra 700 meter under jorda i 69 døgn, på mirakuløst vis vart frakta opp i dagen.

For eigen del skulle eg på arbeid dagen etter. Men direktesendinga frå redningsaksjonen greip meg slik, at deg vart sittande å sjå på TV til klokka fem om morgonen. Da vart den første arbeidaren heist opp. Heile aksjonen tok 24 timar.

Det gjekk 17 dagar før omverda fekk kontakt med dei innesperra arbeidarane. Da dukka ein liten lapp opp: «Vi er i god behald alle 33 i tilfluktsrommet». Lappen var festa til eit bor som vart drilla ned i tunnelen.

Det utløyste ein redningsaksjon som engasjerte ei heil verd. Men det skulle altså ta ytterlegare 52 døgn før alt var klart. Vatn, mat, medisin og seinare kommunikasjonsutstyr og aktivitetar til gruvearbeidarane vart levert gjennom ei smal sjakt medan dei venta på redninga. I starten av aksjonen såg det for øvrig ut til at det ville ta heile fire månader før arbeidarane kunne hentast ut. Slik vart det heldigvis ikkje.

Ein rik forretningsmann ga kvar og ein av arbeidarane ein motorsykkel og fem millionar chilenske pesos, som utgjer om lag 60.000 norske kroner.

Elles vart ikkje livet i dagslyset berre ein dans på roser for gruvarbeidarane. Nokre gjekk tilbake til gruva, men det finst også mange historier om rusmisbruk og psykiske problem.

I juni 2018 vart vi vitne til eit liknande drama, da eit guttefotballag på tolv og trenaren deira vart innesperra i ei grotte i Thailand. Dei gjekk inn i grotta 23. juni. Eit plutseleg og kraftig regn fylte grotta med vatn, noko som gjorde det umogleg å kome seg ut. I dagane 8. - 10. juli vart spelarane og trenaren redda, i ein bergingsaksjon som omfatta meir enn 10.000 menneske.