Søya på ville vegar i 1968

21.10.2021

Vi som vaks opp i området rundt Søya veit godt kva flaum er. Før elva vart retta opp, gjorde ho ofte stor skade når vatnet hamna på ville vegar.

Hausten 1968 gjekk Søya over sine breidder. Tidens Krav omtala flaumen torsdag 24. oktober. Som avisa peikar på, hadde oppretting av elva vore på tale i lang tid. Det skulle enno gå nesten 20 år frå 1968-flaumen til planane vart gjennomførte.