41 mista livet da «Sanct Svithun» gjekk ned

21.10.2021

21. oktober 1962 gjekk hurtigruteskipet «Sanct Svithun» ned på havstykket Folda utanfor Rørvik i Trøndelag. Av dei 89 personane som var om bord mista 41 livet.

Årsaka til forliset var feilnavigering, som truleg oppstod som eit resultat av ei misforståing mellom los og rormann. Men alle forhold rundt forliset vart ikkje klårlagt, da alle på den siste vakta; kaptein, los, førstestyrmann og rormann omkom.

Du kan lese meir om forliset her.

Andre hendingar som er verdt å merk seg på denne datoen er at i 1975 vart den første norske oljen pumpa i land frå Ekofisk i Nordsjøen til Teeside i Storbritannia. Den store jazzsongarinna Radka Toneff døydde denne dagen i 1982, berre 30 år gammal. Ti år seinare hadde Benedicte Adrian og Ingrid Bjørnov premiere på musikalen sin «Which Witch» i London. Resultatet vart kritikarslakt og økonomisk ruin.