Magien er borte

06.01.2023
Dag Fornæss vann EM i 1971 med Ard Schenk og Kees Verkerk på dei neste plassane. Siste norske EM-vinnar er Johann Olav Koss, som gjekk til topps i 1991.
Dag Fornæss vann EM i 1971 med Ard Schenk og Kees Verkerk på dei neste plassane. Siste norske EM-vinnar er Johann Olav Koss, som gjekk til topps i 1991.

I helga går EM på skøyter i Vikingskipet. Meisterskapet er knapt nemnt i media. Norsk skøytesport har verkeleg hamna i skuggenes dal.

Grunnane til at det har gått slik er mange. Det blir skulda på at løpa ikkje blir sendt på NRK. Litt betyr nok det. Men vi må ikkje gløyme at nedturen starta lenge før NRK kutta ut skøyter.

I dag finst det nesten ikkje skøytebanar i Norge. Klubbane er borte. Ein må leite lenge og vel for å finne ein butikk som sel skøyter. Eg trur slike forhold veg tyngre enn kva TV-kanal som sender verdscup og meisterskap.

Truleg har denne heiderskrona sporten hatt tidsånda imot seg. I eit idretts- og mediebilde der alt skal gå fort og avgjerast i løpet av berre kort tid, tapar det gamle meisterskapskonseptet. Folk forstår ikkje lenger at eit skøytemeisterskap i realiteten er nitti prosent matematikk og ti prosent sport. Å sjå to løparar som går runde etter runde, er i seg sjølv ikkje så underhaldande. Den gamle magien låg i rundetider, mellomtider, differansar og poengsummar. Kor mange i dag veit korleis poengsummane i eit meisterskap blir rekna ut?

No ser vi redningsaksjonar i form av kortbaneløp, fellesstart og lagtempo. For meg blir dette mest tull. Men grunnen til det er sjølvsagt at eg er gammaldags.

Denne nostalgien er nok også mykje av grunnen til all sutringa over at skøyter no har hamna på kommersielle TV-kanalar. Ekte skøyteentusiastar vil helst at alt skal vere som før. Å leite seg fram til andre kanalar enn NRK blir tydelegvis for krevjande. Meisterskapet i helga går på TV3+, Viaplay og TV3. Jau da, det kostar nokre kroner. Men kva må ikkje t.d. fotballfolket betale for å sjå sin favorittidrett? Fotballinteressa i Norge døydde ikkje ut den dagen NRK mista rettane til eliteserien.

Sjølv er eg gammal skøyteentusiast. I oppveksten og langt utover i vaksen alder var meisterskapa store høgdepunkt. NM-, EM- og VM-helger var noko eg verkeleg såg fram til. Men glansen har liksom tapt seg. Bjørnsen og Jorsett er borte. Dei gamle heltane, som sklei rundt i flomlyset på håplaus is er historie. Nye stjerner har vakse fram på andre arenaer. Tilbodet på TV har også vorte så enormt, at beinhard prioritering må til om ein skal få tid til noko anna enn å sjå sport.

«Ekte skøyteentusiastar vil helst at alt skal vere som før. Å leite seg fram til andre kanalar enn NRK blir tydelegvis for krevjande» 

Skøytesporten har dårlege kår i Norge. Det er det berre å slå fast. Internasjonalt er derimot situasjonen ein heilt annan. Myten om at det berre er Nederland og eit knippe andre nasjonar som driv på med dette, lever framleis. Men faktum er at internasjonal skøytesport femner mykje breiare enn i den storheitstida som vi gamlingane drøymer oss tilbake til. Mange fleire europeiske land har i dag toppløparar enn på 60- og 70-talet. USA og Canada hevdar seg sterkt, og i Asia er ikkje Japan lenger den einaste skøytenasjonen å rekne med. Russland høyrer også med i bildet. Men dei vil vi nok ikkje høyre frå på ei stund. Blant skiidrettane er det berre skiskyting som kan vise til slik breidde.

Vi sportsidiotar går ei travel helg i møte. Ingenting ville ha gledd meg meir enn om skøyte-EM fekk oppleve gode sjåartal. Men det skal noko til. Ja, sanninga er vel at ikkje eingong eg kjem til å bidra så veldig mykje på statistikken.