Ein heider til sjakkpedagogen på Gammelbua – og litt anna sjakkprat

30.12.2022

Eit norsk sjakkgeni og ein statskanal som såg potensialet i sjakk. Dermed var ein ny TV-sport skapt. Romjulssjakken på NRK1 gjer at folk sit klistra til skjermen, uavhengig av kor mykje eller lite dei forstår av spelet.

For eigen del lærte eg sjakk i konfirmasjonsalderen. Eg kjøpte eit spel på Sverdrups bokhandel i Kristiansund. Dette var ei reiseutgåve i lite format. Dei små brikkene hadde ein liten tapp, som ein stakk ned i eit hol i felta. Dermed stod dei stødig. Ikkje så veldig oversiktleg. Men det fungerte. I ein 15-åring anno 1971 si økonomiske verd, kosta spelet ein formue.

På Kvennbø var det ingen som spela sjakk. Læremeisteren min vart derfor Jon Polden, på folkemunne aldri kalla anna enn Jon Gammelbu'n. Ein søndag eg sykla forbi Gammelbua, kom eg på at eg skulle besøke Jon for å spørje om han kunne tenke seg ei oppgåve som sjakkinstruktør. Svaret var sjølvsagt ja.

Jon var ein god pedagog. Seinare fekk eg overført kunnskapen til eldste bror min. Dermed var eit lite sjakkmiljø skapt i Utigard Kvennbø.

Nokon stormeister vart eg aldri. Men kunnskapen frå sjakktimane på Gammelbua har eg i alle år hatt med meg. I gymnastida var eg vel til og med på grensa til å kunne kalle meg ein brukbar sjakkspelar. I dag spelar eg stort sett mot telefonen. Det er ei komfortabel form for sjakk, da ein sjølv kan velje styrken på motstanden.

Det kan ikkje Magnus Carlsen & co. Den sjakken vi ser på TV ligg på eit nivå, som for ein amatør til tider framstår som ubegripeleg. Her tenker spelarane ikkje berre eitt trekk fram i tid, men mange. Når partiet er avgjort, kan dei rekonstruere heile spelet på strak arm. Å opparbeide slike ferdigheiter krev enorme treningsmengder og dagleg vedlikehald av formen. Det held ikkje med eit parti ny og ne. Den sjakken vi se på TV i romjula, er toppidrett frå absolutt øvste hylle.

Men litt lærdom er det faktisk å hente. For ein som aldri kjem ut av nybegynnarstadiet, er det t.d. ei aha-oppleving å sjå kor verdifulle bøndene faktisk er i spel på høgt nivå. Gode sjakkspelarar viser også at det å leve seg inn i motstandarane sin strategi, er minst like viktig å tenke på sin eigen. Eg har ikkje tal på kor mange gonger telefonen overraskande har sett meg i sjakk matt, medan eg har vore forblinda i mi eiga førbuing av den endelege nådestøyten.

Romjulssjakken i år enda med eit imponerande dobbelt gull til Magnus Carlsen. Han er ein betre sjakkspelar enn det Jon Gammelbu'n var. Men Jon hoppa i Holmenkollen. Det kjem Carlsen aldri til å gjere.