Mannen med songen Stress er borte

30.01.2023

«Må, må, må, må, må, må skynde meg å
Gå, gå, gå, gå, gå, gå slik at jeg kan
Nå, nå, nå, nå, nå siste bussen hjem»

Songen Stress, som Norge stilte med i den internasjonale Melodi Grand Prix-finalen i 1968, er legendarisk. Artisten Odd Børre, eller Odd Børre Sørensen som han eigentleg het, framførte songen. 30. januar kom meldinga om at Odd Børre er død. Han vart 83 år gammal.

På 60-talet var Odd Børre ein svært populær artist i Norge. Han var vokalist i Kjell Karlsens orkester i perioden 1962-70. Mange vil nok enno hugse låter som Hvorfor skal man elske den man kanskje aldri får (1965) og Min lille lapplandsflicka (1968).

Odd Børre hadde også ein song som het Veien hjem, som eg likte ganske godt. Den kjøpte Gudrun Gjera på singel. Det var alltid ei storhending når ho utvida platesamlinga si.

Vi høyrde Odd Børre ofte både på radio og TV. Han vart ein slags barndomshelt. Alle som song på TV var i grunnen heltar. Vi var ikkje så veldig blaserte.

Stress hamna opprinneleg på andreplass i den norske Melodi Grand Prix-finalen. Songen Jeg har aldri vært så glad i noen som deg, framført av Odd Børre med lite orkester og Kirsti Sparboe med Kringkastingsorkestret, vart først utropt som vinnar. Men etter skuldingar om plagiat valde komponisten Kari Neegaard å trekke melodien. Dermed rykte Stress opp på førsteplass. Under den internasjonale finalen i London hamna Stress på ein tredelt trettandeplass med to stemmer.

Odd Børre avslutta artistkarrieren i 1970, da han gjekk over til forsikringsbransjen.