Med mars kom snømåkinga

06.03.2023

Som marsbarn veit eg ein ting, mars er ein retteleg snømånad. I løpet av ei hektisk sportshelg, har Bud fått kvit farge. For ikkje mange dagane sidan var plenene grøne her ute.

Måndag formiddag lava snøen framleis ned. Det var inga bøn, eg måtte ut og måke. Ifølge yr.no skal det snø både i dag og i morgon. Denne gongen heldt det ikkje å lite på at mildveret skal ordne opp, slik det så langt har gjort i vinter.

Snømåkinga tok ein time. Sjølv om dette ikkje er favorittarbeidet mitt, vart økta likevel ein stor opptur. Du verda kor fenomenalt det var å kjenne at kroppen spelte på lag! Det var berre å dra på. Ta i. Utan pause. Ei oppleving eg ikkje har hatt på fleire vintrar.

Her ute ved kysten er Kong Vinter elles ein uberekneleg gjest. Han kjem og går. Akkurat no er han altså her med full tyngde. Våren er sett på vent. Enkelte meiner nok at dette er triste greier. Eg har eit avslappa forhold til det heile. For det første vil ikkje denne vårlege vinteren vare lenge. For det andre tykkjer eg at det beint ut er fascinerande å sitte i loftstua og sjå på snøfokken og eit hav i opprør.

Det har vel noko med oppveksten å gjere. Eg kjem frå det som ein gong i tida var eit snøfast vinterland. Frå barndommen hugsar eg gebursdagsfeiringar den 1. mars med skirenning som hovudingrediens på programmet. På den tida låg snøen både ein og to meter djup på Kvennbø når mars banka på. Eg trur dei færraste tenkte på vår. Gjeremåla rundt om på gardane var prega av at det enno var full vinter. I Utigard dukka sola opp den 13. februar. Dei som budde litt lengre unna den bratte lia, som litjkvennbøfolket og dei på Gjeret, kunne gle seg over dette vårteiknet nokre dagar tidlegare.

For oss gutane var det ikkje så om å gjere at snøen forsvann. Når barmarka braut igjennom oppe på kulen i hoppbakken, var det eit ubønnhørleg varsel om at sesongen var slutt. Denne dagen såg vi aldri fram til. Men som regel låg snøen til langt uti april på Kvennbø. Vi hadde ikkje så mykje å ottast for. Skisesongen varte i fem – seks månader. I mai var det tid for å ta på forballskoa.

I det skiftande vinterveret, med sol i det eine augeblikket og snøstorm i det neste, vart det nokre rundar med fotoapparatet i nærområdet søndag og måndag. Du finn bilda her.