Blikk på julehefta før og no: Det har vorte så mange at ein må tjuvstarte

11.12.2022

For nokre år sidan gjekk eg på ein smell, og vart sittande med uleste julehefte til langt uti januar.

Etter dette har forsettet vore å ikkje kjøpe fullt så mange hefte, og i tillegg starte lesinga tidlegare. Derfor er eg straks i gang. Det kjennest ut som ein tjuvstart. Samstundes er det mykje trivelegare å lese julehefte i adventstida enn i januar, når alt liksom er over.

Julehefta er ein tradisjon som går heilt tilbake til 1800-talet. Ifølge Wikipedia har det kome ut  om lag 800 titlar og 20-30.000 ulike hefte her i landet. Julegave eller en liden samling av udvalgte Selskabs- og Drikkeviser ved norske Forfattere kom ut i Drammen i 1817, og er rekna for å vere det første juleheftet som vart gitt ut i Norge. Julegaven for barnlige sind ble utgitt i 1845, og var det første juleheftet for barn.

Dei første julehefta hadde eit litterært innhald, med bidrag av landets fremste forfattarar. Blant desse var Jonas Lie, Alexander Kielland, Knut Hamsun, Sigrid Undset, Gabriel Scott, Bjørnstjerne Bjørnson og Henrik Ibsen. Mikkjel Fønhus skal ha vore bidragsytar i over 200 julehefte. Også illustrasjonane var påkosta. I eldre hefte kan ein finne kunst av m.a. Erik Werenskiold, Hans Gude, Gerhard Munthe, Nikolai Astrup og Eilif Pettersen. No er denne typen julehefte på full fart tilbake. «Juleroser» og «Hellig jul» er to eksempel på fyldige hefte som inviterar til fine leseopplevingar. 

Fleirtalet av dei julehefta som kjem ut i dag, er likevel teikneseriar. Klassikarar som Vangsgutane, Smørbukk, Nr. 91 Stomperud, Tuss og Troll, Jens von Bustenskjold, 125-årsjubilanten Knoll og Tott, Finbeck og Fia, Tommy og Tigern, Tom & Jerry og Nemi - for å nemne eit lite utvalg - lever i beste velgåande.

I mine gutedagar var utvalet av religiøse julehefte stort. Slik er det ikkje lenger. På Eidet, der eg vaks opp, var Juletanker, Fiskerens Venn, Samenes Venn og fleire fast inventar i mange heimar. Gode minne frå adventstida i oppveksten er da vi vart sendt ut med ein bunke med slike hefte og banka på døra til folk. Salet gjekk alltid lett. Ofte vanka det også ein smak av julebaksten eller ein sjokoladebit til seljarane. Folk hadde god tid - i adventstida som elles i året. Det kvilte ei eiga stemning over gard og grend. Heldige var vi som fekk oppleve dette. 

Så må vi ikkje gløyme den den store floraen av lokale årsskrift og julehefte. Til saman er utvalet rett og slett enormt. Årleg kjøper vi nordmenn rundt halvannan millionar julehefte. 

Men altså: Det gjeld å kome i gang med lesinga, før kalenderen plutseleg viser januar.