Kom inn frå venstre og utløyste politisk jordskjelv

20.06.2023

For seksti år sidan, 20. juni 1963, la granskingskommisjonen etter Kings Bay-ulykka på Svaldbard fram rapporten sin. Saka enda med regjeringa Gerhardsen sitt fall.

Einar Gerhardsen sin banemann var Finn Gustavsen, ein karismatisk politikar frå det da nystarta Sosialistisk Folkeparti (SF). SF kom inn på Stortinget med to representantar i 1961. Arbeidarpartiet oppnådde for første gong etter krigen ikkje reint fleirtal, og måtte støtte seg på SF. I stortingsvoteringa om Gerhardsen-regjeringa sin lagnad etter Kings Bay-saka, slutta SF seg til dei borgarlege, og sikra fleirtall for mistillit. Det var eit politisk jordskjelv.

Norge fekk tre veker med John Lyng (H) som statsminister. Statsministerkarriera hans vart altså kort. Men i historisk lys framstår ho som viktig. Regjeringa Lyng viste at dei borgarlege kunne etablere eit regjeringssamarbeid. Slik var både John Lyng og SF med på å bane vegen for Per Borten si firepartiregjering i 1965.

Men tilbake til Finn Gustavsen. Han var nok ikkje utan hemnlyst overfor Arbeidarpartiet. I januar 1961 vart han og kretsen rundt den radikale avisa Orientering, der Gustavsen var redaktør, ekskludert frå Ap. Dei var sterkt kritiske til partiet si utanrikspolitiske line, og var motstandarar av norsk NATO-medlemsskap. Dette var meir enn kva Ap-toppane, med den svært USA-vennlege og allmektige partisekretæren Haakon Lie i spissen, kunne tolerere.

Dei ekskluderte kvitterte altså med å stifte eit nytt parti, og hamna i vippeposisjon på første forsøk etter valet i 1961.

I 1969 fall SF heilt ut av Stortinget etter to periodar. Men allereie i 1973 var Gustavsen tilbake som representant for det nystarta Sosialistisk Valgforbund. Dette var ei samanslutning av Sosialistisk Folkeparti, Norges kommunistiske parti og gruppa Demokratiske sosialistar (AIK). I etterdønningane etter EF-avrøystinga året før, fekk det nystarta partiet inn heile 16 representantar på Stortinget. Sosialistisk Valgforbund skifta i 1975 namn til Sosialistisk Venstreparti, i dag stort sett berre omtala som SV.

Finn Gustavsen gjekk ut av Stortinget for godt i 1977. Dei fleste som var opptatt av politikk i dei åra han var aktiv, vil hugse han som ein fargeklatt. Han var uredd, skarp i replikken og klår i tanken. Dette var for øvrig eigenskapar han delte med fleire av sine samtidige. Det er nok å nemne namn som Jon Leirfall (Sp), Bent Røiseland (V) og Guttorm Hansen (Ap).

Finn Gustavsen døydde i 2005, 79 år gammal. Han var ein markant skikkelse i norsk politikk på 1960- og 70-talet. Eg reknar med at det er eit ettermæla han sjølv også ville ha likt. Men like begeistra ville han kanskje ikkje ha vore over å bli huska som fadder til dei første borgarlege regjeringane etter krigen.

Les også:

Kings Bay: Ein eksplosjon, ein kvennbøgarding som mista livet og ei politisk drama

Til minne om ein songarvenn