Kings Bay: Ein eksplosjon, ein kvennbøgarding som mista livet og eit politisk drama

05.11.2021

5. november 1962 skjedde den verste gruveulykka i Norge si historie. 21 arbeidarar mista livet i gasseksplosjonen i Kings Bay-gruvene i Longyearbyen på Svalbard. Eg var for liten til at eg hugsar noko av dette. Men for kvennbøgardingane kom ulykka svært nær. 39 år gamle Martin Polden frå Kvennbømyra omkom i ulykka. Han var blant dei ti som det let seg gjere å hente ut.

Surnadalingen Sverre Sæter, busett i Selbu, var også mellom dei som mista livet. Han vart aldri funnen.

Driftsbestyrar i gruveselskapet var surnadalingen Einar Grimsmo, som seinare vart kommuneingeniør i Surnadal kommune. Han var ein av dei første som til staden etter eksplosjonen.

Kings Bay-ulykka var ein tragedie for gruvesamfunnet og dei som vart ramma. Men ulykka skulle også få store politiske konsekvensar, da eit mistillitsforslag mot regjeringa vart vedtatt i Stortinget året etter. Dette førte til at Einar Gerhardsen måtte gå av som statsminister, og John Lyng frå Høgre danna den første borgarlege regjeringa etter krigen. Lyng-regjeringa fekk leve i berre ein snau månad.

Regien på dette dramaet hadde den to mann sterke gruppa til SF, som sat på vippen i Stortinget. Dei støtta først mistillitsforslaget mot Ap-regjeringa, før dei altså berre tre veker seinare var med på å felle Lyng-regjeringa som. Dermed kom Gerhardsen-regjeringa til makta igjen.

I løpet av denne perioden fekk Norge ein ny politisk kjendis, SF-politikaren Finn Gustavsen. Gustavsen vart ekskludert frå Arbeidarpartiet i 1961. Mange meiner at han hadde eit behov for å seie «takk for sist» til Ap, og at Kings Bay-saka vart ein sjanse han ikkje kunne la gå fra seg.

Stortinget debatterte saka 20. - 23. august 1963. Dette er ein av dei lengste debattane om ei enkeltsak nokon gong i Stortinget. Det var også den første direkteoverførte TV-debatten frå Stortinget. Som ein kuriositet kan nemnast at fleire som sat i tingsalen, mellom dei statsminister Einar Gerhardsen, brukte solbriller p.g.a. det sterke lyset frå lampene til NRK.

I alle de 49 åra som har gått sidan 1962, har Kings Bay-ulykka levd sitt eige liv. Ingen har nokon gong kome heilt til botns i alt som skjedde. Mange meiner at gruva burde ha vore stengt lenge før det small.

I tida etter krigen og fram til Kings Bay-ulykka hadde det skjedd fleire gruveulykker på Svalbard. Alle var i Kings Bay Kull Compani A/S sine gruver i Ny-Ålesund, samt ei i Store Norske Spitsbergen Kullkompani A/S i Longyearbyen. I tre ulykker i perioden 1948-1953 mista til saman 43 gruvearbeidarar livet. I tillegg gjekk liv tapt i fleire mindre arbeidsulykker på denne tida.