Stangvik Historielag og Todalen Historielag inviterer til busstur

29.03.2023

Bud er målet for bussturen som dei to historielaga inviterer til laurdag 8. juli. Laga har sendt ut denne pressemeldinga:

Stangvik Historielag og Todalen Historielag har no i fleire år hatt samarbeid om å arrangere busstur til ein eller annan plass der vi kan sjå og høre om lokal-historie. I fjor gjekk turen «oppi Rindal'n» der hovedposten var besøk på skimuseet.

Årets tur er fastsett til 8. juli, der målet blir Bud i Romsdalen, med omvisning på kystfortet, der guiden og vil gi oss litt ekstra «Bud-historie». Tidspunkt for avreise, samt pris pr. person er enda ikkje heilt avklara, men vi antyder at bussen vil starte frå butikken i Todalen kl 08. og vidare med ferga som går frå Kvanne kl. 08.30, og at prisen blir ca kr 800,- pr person (inkludert mat, billett på kystfortet og bussturen).

Første stopp på turen blir ved Bjartmars favorittkro på Kårvåg, der vi får servert kaffe m/kakestykke. Lars Steinar og Mette Ansnes møter oss på Averøya og blir med som guider derifrå til Bud. Etter omvisning på kystfortet blir det buffet m/dessert på Bryggjen i Bud – der skal det vera utruleg bra mat!

Vi kjem med fleire opplysningar om turen direkte til medlemmene og gjennom Todalen.no og Trollheimsporten når det lir litt meir innåt reisedato (påmeldingsfrist, pris, avreisetidspunkt), Når vi arrangerer turen tenkjer vi spesielt på medlemmene i historielaga, men andre er og velkomne til å vera med.

Da håpar vi at mange finn turen interessant så vi kan fylle opp bussen, merkjer av datoen og blir med på tur!

(Klikk på bilda under for å sjå dei i fullt format).