Stafettlegenda og barndomshelten fyller 80 år

20.12.2022

Gjennom sine fenomenale førsteetappar for Norge, skreiv langrennsløparen Odd Martinsen seg inn i skihistoria som «Stafett-Martin». 20. desember 2022 fyller han 80 år.

80 år, tenker eg. Det er da ikkje lenge sidan eg sat fram for TV-apparatet og såg at han gjekk førsteetappen under stafetten i VM i Oslo i 1966. Men det har altså gått 56 år. Den gongen var Martinsen enno berre 23 år, og eg var ti. Jau, det er lenge sidan. Veldig lenge. No er vi gamle, begge to.

Odd Martinsen vart raskt ein av favorittane til ein gryande sportsidiot. Han var samtidig med m.a. Gjermund Eggen, Harald Grønningen og Ole Ellefsæter. Saman utgjorde desse fire laget som tok det historiske og svært etterlengta stafettgullet i 1966. Det var Norge sitt først VM-gull i øvinga sidan Chamonix i 1936.

Under stafetten i 1966 gjorde Odd Martinsen noko vi aldri hadde drøymt om. Han sprengte feltet fullstendig, og kunne sende Harald Grønningen ut på andre etappe med eit solid forsprang. Det la grunnlaget for triumfen. Da ankermann Gjermund Eggen gjekk i mål, var luka ned til sølvvinnar Finland på heile 1.12 minutt. Finland sin mann på fjerde etappe, Eero Mäntyranta, var sjanselaus. Sjølv om kan kanskje hadde tatt meir enn Møllers tran til frukost. Det er ikkje godt å vite.

I OL to år seinare vart det eit nytt stafettgull til Norge. Odd Martinsen la igjen grunnlaget med ein forrykande førsteetappe. Dei tre andre på laget den gongen var Harald Grønningen, Ole Ellefsæter og Pål Tyldum.

Odd Martinsen fekk sitt store gjennombrot i Oslo i 1966, der han ved sida av stafettriumfen også tok bronse på 15 km. VM-kongen Gjermund Eggen vann løpet, framfor Ole Ellefsæter. Under OL i 1968 tok Martinsen, i tillegg til stafettgullet, sølv på 30 km. Seinare vart det sølv på 15 km og bronse på 30 km i VM i 1970, stafettbronse i VM i 1974 og sølv på stafetten i OL i 1976.

Gjennom karrieren vart Martisen norgesmeister 11 gonger. Han tok tre sølv- og sju bronsemedeljar i NM.

Etter karrieren leia Martisen langrennskomiteen i FIS ein periode frå 1986. I 2014 vart han utnemnt til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden for sin «innsats for norsk og internasjonal skiidrett».

Ja, det var noko spesielt med gamle dagars langrenn. Alle renna hadde intervallstart og gjekk i klassisk stil, i det som etter dagens normer var primitive løyper. Ingen hadde på 60-talet fantasi til å tenke på fellesstart. Kva hadde vel det med langrenn å gjere? Når ein i dag ser på femmiler med fellesstart - som regel 49,5 km lureløp og 500 hundre meter spurt - er spørsmålet etter mi meining også i vår tid relevant.

Langrenn før i tida handla lite om taktikk. Det var ein knallhard kamp, mann mot mann, frå start til mål. Eg saknar dei gamle heltane. Eg saknar mellomtider og differansar. Verkeleg.

Gratulerer, Odd Martinsen!