Frisk marsdag på Atlanterhavsvegen

17.03.2023

Vi var berre tre på Svevestien akkurat da eg tok runden for nokre dagar sidan. Dei andre var to karar frå Tyskland. 

Det er langt utanfor turistsesong no. Men på Atlanterhavsvegen treffer ein folk frå andre land så å seie året rundt. Dei to eg møtte fekk ein forfriskande runde på Svevestien. Vinden reiv godt i oss, medan sola kom og gjekk etter som skyene forflytta seg på himmelen.

Eg prata ikkje med tyskarane. Vi berre helsa høfleg på kvarandre. Strengt tatt skulle eg vel ha vore moderne og invitert til ein selfie. Men det vart knapt med tanken.

Det er fint på Atlanterhavsvegen når sola skin. Men ute ved storhavet er også det barske veret verdt å oppleve. Svevestien byr på nærkontakt med sterke naturkrefter. Det er fascinerande å stå på trygg grunn og sjå korleis sjøen briskar seg ikkje så mange meter unna.

På bilturen denne dagen vart det til at eg tok nokre bilde. Du finn fleire i denne bildeserien. Kanskje dei kan gje inspirasjon til å ta ein tur utanfor sommarsesongen?