Ein bra fyr fyller femti

20.07.2023

Kronprins Haakon fyller femti år 20. juli. Eg gratulerer tronarvingen med den store dagen, samtidig som eg unner han å vere lukkeleg uvitande om kor fort dei åra han har framfor seg kjem til å gå. Ikkje eingong kongelege slepp nok unna kjensla av at tida går fortare dess eldre ein blir.

«Dagens jubilant virker å være en bra fyr, rett og slett, og på et godt sted i livet», skriv VG på leiarplass. Nordmenn flest vil nok vere einige i den karakteristikken. Haakon har for lengst vist at han meistrar den krevjande balansegangen det er å på den eien sida skulle leve opphøgd over folket, og samtidig vere ein av oss. Denne avgjerande eigenskapen for monarkiet si framtid, har han arva etter far sin.

Når kong Harald ein dag går bort, skal Haakon arve trona. Hovudargumentet mot monarkiet er akkurat dette med at ein posisjon går i arv. Det er udemokratisk, blir det hevda. Strengt prinsipielt har republikanarane rett. Men så blir motspørsmålet: Er det udemokratisk å behalde ei ordning som det store fleirtallet av folket sluttar opp om?

Alternativet til monarki vil vere ein republikk etter mønster av det som t.d. Island har. Der er presidenten folkevalt, men sit med begrensa makt. Presidenten er ikkje sjef for regjeringa. Den posisjonen er det statsministeren som har. Presidenten sine oppgåver er for det meste av seremoniell og diplomatisk karakter – altså langt på veg slik monarkiet fungerar.

Dette treng likevel ikkje å være ei betre ordning enn vårt kongedøme. Den store fordelen med monarkiet, er at det gir oss eit helt uavhengig statsoverhovud. Ein folkevalt president vil alltid kome frå ein stad, enten det no er politikk, næringsliv eller organisasjonsliv, og dra med seg denne fortida inn i vervet. I gitte situasjoner kan det skape grunnlag for diskusjon om habilitet og uavhengigheit, og dermed svekke rolla som eit samlende statsoverhovud. I ein kommentar på nrk.no, viser redaktør Knut Magnus Berge til at fleire av verdas mest vellukka demokrati er konstitusjonelle monarki.

Åra etter 1905 er rike på eksempel på korleis kongehuset verkar som ein samlande institusjon for heile nasjonen. Det er skrive mange bøker om dei dramatiske aprildagane i 1940, da tyskarane overfall Norge. Omgitt av ei handlingslamma regjering og eit dysfunksjonelt forsvar, var kong Haakon den som heldt hovudet kaldt og stod opp med rak rygg mot okkupasjonsmakta. Vi har ufatteleg mykje å takke han for. Utan kongen si resolutte haldning, kunne norgeshistoria etter 1940 lett ha sett heilt annleis ut. For meg er dette sjølve bildet på hvor godt monarkiet kan fungere når det verkeleg gjeld.

Eg er sikker på at kronprins Haakon, når den tid kjem, blir ein umåteleg populær konge. Han har gått ein god skule, og har det som skal til. Eg har ingen problem med å gjere konklusjonen i VG sin leiar til min: «Vi støtter helhjertet opp om kongehuset og den formidable jobben de – og ikke minst kronprins Haakon – gjør for oss alle, i et stadig mer mangfoldig Norge der de samlende symbolene kanskje er viktigere enn noensinne».