Femåring frå Bøfjorden vann bil

16.01.2023

Om ho nokon gong tok bilen i bruk, veit eg ikkje. Men i 1957 vann i alle fall fem år gamle Edith Gjengstø frå Bøfjorden ein bil i eit landslotteri. I Tidens Krav for 5. januar 1957 kan ein lese følgande gladmelding:

«Fem-årige Edith Gjengstø i Bøfjorden i Åsskard har fått uventet nyttårspresang. Norges Finnemisjonsselskaps landslotteri i 1956 foretok trekning av en del gevinster nyttårsaften, og Edith var så heldig at hun vant 2. premien - en Moskowitch 4-seter personbil. Finnemisjonen har pr. telefon varslet Åsskard-jenta om resultatet av trekningen.

Bilen står i garasje i Trondheim, og der kan den hentes når man vil.

Edith er yngst i en barneflokk på tolv, og faren heter John og er veiarbeider».

Etter avisannonsar frå denne tida å døme, var bilen verdt 14-15.000 kroner.

Moskwitch var ein populær bil i Norge på 50-talet. I 1955 hamna merket som nummer fire på salsstatistikken, der topp sju såg slik ut: Opel (2.646), Ford (2.317), Volkswagen (1.631), Moskwitch (1.281), Skoda (1.111), Pobeda (1.026), Volvo (1.015).

I 1955 vart det registrert litt over 17.000 bilar i Norge. Av desse var 10.734 personbilar, 1.935 varebilar, 4.115 laste- og spesialbilar og 385 bussar.

Fabrikken MZMA (Moskovskij Zavod Malolitrazjnykh Avtomobilej), vart starta i 1947 for å produsere Moskwitch 400 basert på Opel Kadett. Seinare vart bilen utvikla av sovjetiske ingeniørar. Fabrikken endra seinare namn til AZLK (Avtomobilnyj Zavod imeni Leninskogo Komsomola). Denne gjekk konkurs i 2002. Utover 1990-talet viste det seg at marknaden ikkje lenger var mottakeleg for Moskwitch. Importen av Moskwitch til Norge vart avslutta i 1981.

Sovjetiske Pobeda, som også hevda seg godt på statistikken, vart produsert i perioden 1946-1958. I 1955-1957 kom Pobeda med ein variant med firehjulstrekk. Dette var ein av dei første personbilane med firehjulstrekk.