Trommegiganten ville ha fylt åtti

20.03.2023

20. mars 2023 kan vere ein passande dag for å stoppe opp ved jazztrommeslagaren Jon Christensen. Hadde han levd, ville han på denne datoen ha feira 80-årsdagen sin.

Christensen døydde 18. februar 2020. Han høyrer til ein svært eksklusiv gjeng med norske musikarar, som frå slutten av 60-talet og utover 70-talet var med på å løfte norsk jazz til verdsklasse. Blant andre som var med på same reisa, må spesielt Jan Garbarek, Terje Rypdal og Karin Krog nemnast.

For meg vart Christensen ein viktig døropnar inn i jazzverda. Han spelar trommer på den første jazzplata eg kjøpte, What comes after med Terje Rypdal. Eg var også så heldig å høyre han live fleire gongar, den siste på Sunndalsøra for rundt 15 år sidan. Da reiste han rundt med eit ensemble, som forutan han sjølv bestod av unge, lovande norske jazzmusikarar.

Jon Christensen var sjølvlært. Han hadde det eg vil kalle ein diskret stil, der særleg bruken av cymbalar vart eit varemerke. Dei fleste slår på trommer. Nokre få spelar på dei. Christensen høyrde til den sistnemnde kategorien.

Gjennom karrieren sin medverka Jon Christensen på over åtti album. Ein stor del av desse kom ut på selskapet ECM, grunnlagt av tyske Manfred Eicher. Blant dei er berømte Belonging, innspela av kvartetten Keith Jarrett, Jan Garbarek, Palle Danielsson og Jon Christensen.

Da Christensen gjekk bort, sa jazzskribenten Tor Hammerø m.a. dette til VG:

Han var en av de aller, aller største i min tid, som nå har forlatt oss. Han har satt spor etter seg som det er helt umulig å viske ut. Han nyter en respekt verden rundt som nesten ikke er til å tro, og det er fullt fortjent.